2018
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.
Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp.
Mødre skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept og kva er å gi opp? Tung tids tale er ein sterk historie om å vere foreldre til eit funksjonshemma barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.
Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med "Få meg på, for faen" i 2005. Boka braut tabuar knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket "Stort og stygt" tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre for første gong. Med "Tung tids tale" bryt ho igjen tabuer, denne gong med ein uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Lydfil
ISBN13 9788252195477
EAN 9788252195477
Genre Biografisk litteratur
Omtalt person Olaug Nilssen
Språk Nynorsk
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2017 Nynorsk litteraturpris 2017
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette er ei bok om dei pårørande si omsorgsbelastning når dei er mor eller far til eit barn med autisme. Forfattaren som eg antar er mora skildrer på ein direkte og personleg måte korleis ho opplever sitt barn som bit og slår og som stoppar i si utvikling. Vonbrotet og fortvilinga kjem sterkt fram. Me les om avlastning som ikkje vert gjeve, og om treg sakshandsaming. Slike heilt konkrete tilleggsbelastningar vert det skrive om, og eg applauderer det; for det finst altfor få slike bøker der dei pårørende forteller om livet og om kvardagen dei opplever der heime med barnet. Me andre treng å lesa, reflektera rundt orda og bodskapen. Barnet i boka vert beskreve som eit barn omgitt av mykje kjærleik, det er fint å lesa. Men det er einsemda i slitet og strevet til foreldra eg sit att med når eg legg boka frå meg. Forfattaren virkar modig, flott og varm.
Sterk framstilling av mors relasjon til son med autisme. Pårørande til barn med sers alvorlege funksjonshemmingar vil kjenne seg att i denne boka. Gjenkjenninga gjeld i høg grad òg dei til tider høge barrierane ein finn i det offentlege hjelpeapparatet. Lett å lese, likevel skakande.
En utrolig sterk historie om å være mor til et autistisk barn. Kanskje den beste boka jeg har lest i år.
En viktig bok som jeg brukte lang tid på. Ikke fordi jeg ikke likte den, men fordi det var så mye å fordøye og ta inn over seg.
Daniel, forfatterens eldste barn, viste tidlig eksepsjonelle evner. Han snakket rent ved 2 års alder, og foreldrene kunne føre utrolige avanserte samtaler med tanke på alderen.
Så mister han språket, og personligheten endres. Kampen begynner. Diagnose settes, søknader om hjelp må skrives, og det blir problematisk å jobbe fullt. Daniel er våken på de mest ukristelige tidspunkt, og atferden og humøret er skiftende.
Sterk, liten bok om å være forelder til et autistisk barn.
Denne kom jeg over på ved en tilfeldighet i min lokale Norli butikk. Jeg valgte den kanskje mest, for å være helt ærlig, fordi fargen på omslaget var så fint. Men du verden,dette var et lykketreff. Det er noe av det sterkeste jeg har lest på lang, lang tid! Dette er en intens fortelling som sitter lenge.
Det å skrive så vakkert om noe som er så vondt, gjør noe med meg som leser. Man blir så nært og inne i historien, som om det er en del av seg selv. Nydelig, poetisk språk.
Omhandler hvordan det er å være foreldre til et sterkt autistisk barn og forholdet til hjelpeapparatet. Anbefales.
Blei fullstendig blåst av banen av denne boka. Rå og usminket om en helt vanlig familie som kjemper for sin egen tilværelse med et barn som får diagnosen autisme. Beste boka jeg har lest på lenge som får fram så mye empati for alle dem som har fått et barn de selvfølgelig er glad i, men som også blir familiens største sorg. Forfatteren får fram hele følelsesregisteret på en nøktern og troverdig måte. Som leser ble jeg sint, frustrert og veldig følelsesmessig engasjert i denne skildringen av livet til en helt vanlig familie som elsker sine barn, men som føler seg utenfor, ikke forstått og som må kjempe for å få innvilget hjelp som burde være selvsagte.
En viktig bok! Glad jeg leste den.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDu spring rundt med impulsene dine, dei kviler aldri i sitt jag etter inntrykk. Eg spring framfor deg og ryddar inntrykka bort, eg spring etter deg og ryddar i ruinane kvar gong eg blir for sein.
Eg ser deg i bakspegelen. Du ser rett i den oransje veggen. Så bråsnur du på hovudet og møter du blikket mitt. Vi smiler til kvarandre.
Det er det same kva det heiter.
Det er lett å få auge på oss. Vi har ikkje gardiner.
Det er lett å sjå meg. Eg har ikkje filter.
Det er lett å gjennomskode meg.
Eg dreiv ønsketenking.
Går saman med deg i ei lysløype, vi kjem oss rundt sløyfa på to kilometer på to pakker Läkerol.
Å sjå korleis lyset frå vindauga fell på blomane. Sitje i ro og sjå på dette. Hugse å gøyme blomane bak kjøkenmaskina før du kjem heim. Ringe gifttelefonen viss eg gløymer det.
Eg skulle vore ein militant inkluderingsoptimist.
Her og no kan eg berre kjenne det, med heile meg, einsemda i å begynne å tenkje tanken, tanken på at eg ikkje kan vere åleine med deg.
"Inst inne" - kva er det? Er du eit vanleg barn inst inne, eller er det inst inne du ikkje er vanleg?"
Ved nyttår satte jeg meg et lesemål for 2019, for å sikre litt variasjon i lesingen:
- En bok fra de ulike verdensdeler
- To romaner skrevet før min fødsel
- To nobelprisvinnere
- To prisvinnende romaner (unntatt Nobelpris)
- To 2019-romaner
- En diktsamling
Jeg har mål om 30 bøker i 2018