Ei vinterreise

roman

av (forfatter).

Samlaget 2002 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.86 (74 terningkast.)

307 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Romanen inneheld to forteljingar på same tid - ei fiksjonshistorie og ei "dokumentarisk" sjukdomshistorie. Lindemann har dratt ut for å finne Johanna, den jenta han var glad i, og som han no innser han burde ha valt den gongen det enno var mogleg. På vegen møter han Tomas i Dalen og den unge jenta Liv, som blir med på turen. Dei har alle tre noko dei vil legge bak seg, men reisa blir annleis enn dei hadde tenkt. Landskapet blir meir og meir draumeaktig, og dei har kjensla av at nokon følgjer etter dei. Den andre forteljinga i romanen er ei dagbok. Han som skriv har fått vite at han er sjuk, og med det kjem det livet han har heilt tydeleg fram.

Omtale fra forlaget

Romanen inneheld to forteljingar på same tid - ei fiksjonshistorie og ei "dokumentarisk" sjukdomshistorie. Lindemann har dratt ut for å finne Johanna, den jenta han var glad i, og som han no innser han burde ha valt den gongen det enno var mogleg. På vegen møter han Tomas i Dalen og den unge jenta Liv, som blir med på turen. Dei har alle tre noko dei vil legge bak seg, men reisa blir annleis enn dei hadde tenkt. Landskapet blir meir og meir draumeaktig, og dei har kjensla av at nokon følgjer etter dei. Den andre forteljinga i romanen er ei dagbok. Han som skriv har fått vite at han er sjuk, og med det kjem det livet han har heilt tydeleg fram.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2002

Format Heftet

ISBN13 9788252159882

EAN 9788252159882

Språk Nynorsk

Sider 302

Utgave 2

Tildelt litteraturpris Kritikerprisen. Voksen 2001 Nynorsk litteraturpris 2001

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

16 37 17 3 1 0

Bokomtaler

Nydeleg språk, artige situasjonar (Lindemann). Veldig god tone sjøl i kapitla med sjukdom. Flott skildring av oslosommaren utan at det er eksplisitt. Slutten vart litt mystisk for meg, men eg likte det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Klassisk Hovland. Altså strålande!
Artig med noko "nytt" blant dei vanlege elementa hans : ein slags parallellhistorie som foregår heilt uavhengig av kvarandre og med vidt forskjellige fortellarstil, den eine ei slags dagbok og den andre som ein meir typisk Hovland - fortellar.

Artige, originale karakterer. Skarp og smart humor. Herlege dialoger. Og alt saman fortalt med flytende lett språk

Gler meg til neste Ragnar-bok. (Jau , vi er på fornamn no. Har eg bestemt.)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

To romanar med mykje tørrvittig humor i eitt. På overflata to enkle forteljingar, men som det vert sagt eit stykke ut i boka (s. 205) kan sjølv små ord om ingenting gjeva meining. Tittelen «Ei vinterreise» viser nok til Schubert sin sorgfulle songsyklus «Winterreise» utan at det vert serskilt nemnd.

I tittelforteljinga som er ein road-movie i romanform, deltek vi på ein lang biltur over fleire døger saman med eks-predikanten Lindemann og den gamle skulekameraten hans, Tomas i Dalen. Turen gjennom eit lett mytisk Vestland er òg ein odyssé der farar og freistingar lurar undervegs til den gamle skulevennina Johanna, boka si Penelope. Medan Odysevs ser fram til å kome heim, verkar det som Lindemann snarare er på flukt frå sitt gamle liv, men utan klar idé om kva han no skal gjere.

Parallelt med hovudforteljinga får vi òg tekster som presenterer seg som dagboksnotata til forfattaren sjølv. Pussig nok går det fram at notata er frå året før (1998) romanen om Lindemann vart byrja. Forteljaran får vite at han har kreft, men behandlinga tek si tid. Undervegs får han likevel tid til å møta folk, vitja mange stader i inn- og utland, og ikkje minst lesa og skriva. Det er mange referansar til andre forfattarar. Sjølv satt eg serleg pris på at han nemner no avlidne Rolf Sagen sitt meisterverk «Kvengedal».

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er ofte tilfeldighetene som bestemmer hvilke bøker jeg leser. Slik var det med denne også, mitt første møte med forfatteren. Her kan du lese om min leseopplevelse

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Vi sommarmenneske blir ofte sett på som litt grunne og overfladiske, seier Tomas i Dalen. Litt enkle.vi er liksom folk som liker gladpop og ler heile tida, litt slik Wenche Myte-aktige. Optimistar og pratmmakarar som sit i solsteiken i smaklause, korterma skjorter og drikk øl og er høgrøysta. Der har du oss sommarfolk. Han ser på meg. Det er liksom meir djupt og høgverdig å være haustmenneske. Då er det litt meir Juni Mitchell og utilgjengelige dikt av Stein Mehren og franske svært-kvitt-filmar. Men kva faen er det som er så bra med kjærleikssorg, det har eg spurt meg om mange gonger. Så det størst nok om ikkje vi sommarkarer vil få vårt velfortente comeback ein dag.og då skal vi faen meg ta over heile butikken.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kor har den karen tenkt seg på ein kveld som denne? Er det ikkje for jævlig kaldt å gå og traske langs vegane? Men du ser vel gjerne på dei som Herrens vegar, og dei skal etter det eg har høyrt vere uransakelege, og då er det vei på ein måte greitt?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vinden jagar seg sjølv gjennom hagen, snur seg brått og ser seg tilbake.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vinkar på servitøren for å bestille kaffi. Eg treng litt søvnløyse.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
  • Jesus gjorde vatn til vin, seier tante Frida. - Han drakk av den også.
  • Ja, seier eg. - Det er litt av problemet.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Jeg har satt meg et mål: Bokhyllene mine er stappfulle, av bøker jeg har lest, bøker jeg skal lese, bøker alle burde ha, bøker som gir status.. Og nå skal jeg lese alle de uleste bøkene og samle på dem jeg liker og gi bort dem jeg ikke synes noe om, sånn at jeg har plass til flere (uleste) bøker.
Dette er en god plan, synes jeg, og så langt har jeg lest sju nye bøker... Jeg legger dem til her etterhvert som jeg får lest. Kanskje skal jeg legge inn noen tanker om hver bok også - vi får se. Dette blir nok en spennende reise!


Godt sagt! (4) Varsle Svar

For de som ønsker å lese nynorsk


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bøker jeg har lest i 2015.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vinnere


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker vi har lest i lesesirkelen. Første bok var i mai 2009.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Åleine i Alpane - prosa i utval" av Ragnar Hovland
  • "Under snøen" av Ragnar Hovland
  • "Kunsten å komme heim og andre essay" av Ragnar Hovland
  • "Dr Munks popleksikon" av Ragnar Hovland
  • "Sjølvmord i Skilpaddekafeen" av Ragnar Hovland
  • "Dr. Munks testamente - roman" av Ragnar Hovland
  • "Utanfor sesongen" av Ragnar Hovland
  • "Vegen smal og porten trang - historier" av Ragnar Hovland
  • "Fredlaus - roman" av Ragnar Hovland
  • "1964 - roman" av Ragnar Hovland
  • "Stille natt - roman" av Ragnar Hovland
  • "Ein motorsykkel i natta" av Ragnar Hovland
Alle bokanbefalinger for dette verket