Omtale fra forlaget
Storslått historisk roman! Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir. I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider? Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788252193923
EAN 9788252193923
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid 1200-tallet
Omtalt sted Grønland
Språk Nynorsk
Sider 450
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2018 Sørlandets litteraturpris 2019
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Det siste kalendaråret har eg dagleg jobba med digitalisering av Grønlands historiske minnesmerker 1-3 på heimskringla.no, dvs. ei bortimot komplett samling av tekstar og dokument med kommentarar og fotnotar relatert til det norrøne Grønland, samt at eg elles har lese mykje om emnet i tillegg - så då var det kanskje ikkje så rart at eg kasta meg over Tore Kvæven si bok "Når landet mørknar", ein roman som handlar om det norrøne Grønland seint på 1200-talet, då landet var på veg inn ei krisetid. Kvalrossen som gjorde grønlendingane rike er mest ikkje å sjå meir, og handelsskipa frå Noreg og Island uteblir. Folk spør seg om dette er dei siste tider.
I sentrum for forteljinga står den unge Arnar Vilhjalmson. Han drøymer om å sigla mot landa i vest, der det finst både jarn og tømmer. Og han drøymer om den unge kvinna Eir. Og for å realisera draumane må han trossa både sine eigne gudar, hovdingar og lover i landet.
Dei historiske skildringane er så detaljerte og byggjer på så mykje kunnskap at det er beint fram imponerande. Aldri er vel historia til dei norrøne grønlendarane blitt fortald meir inngåande, sjeldan ser ein så mykje presis kunnskap formidla i ein historisk roman. For det andre er det spent opp eit breitt lerret med svært mange personar og dels parallelle handlingar, for det tredje yrar det av skjønnlitterære perler og betraktningar, og overraskande tekniske grep. Forfattaren gir seg god tid gjennom dei 450 sidene. Kort sagt - terningkast 6 og eit must for alle med interesse for norrøn kultur!
Tore Kvæven skriver knakende godt!
Fantastisk levende skildringer av mennesker, dyr og natur på Grønland.
Jeg måtte holde igjen og leste så sakte som mulig, for at boka skulle vare så lenge som mulig.
Ble anbefalt denne forfatteren av en venn (husker ikke hvem i farta) og er kjempeglad for at jeg fulgte anbefalingen.
Så jeg anbefaler her boka videre til alle som vil ha en knakende flott leseopplevelse.
En nydelig skrevet bok! Språket til Tore Kvæven er svært poetisk og skildrende. Tore Kvæven er den nye metaforkongen!
Uten at jeg vet mye om Grønland på 12-1300-tallet, så er det tydelig at Kvæven har gjort meget godt forarbeide.
Anbefales!
En særdeles god roman, selv for en ihuga nynorskskeptiker. Språket er bare en nytelse og handlingen, personskildringer og ikke minst naturskildringer er imponerende. Mastefiskens historie er utrolig kreativ fortellerkunst. Jeg er historieinteressert, og dette var som å bli tatt med på en tidsreise tilbake til middelalderens karrige utpost på Grønland. Slukte 150 sider av gangen. Anbefales.
Når jeg gleder meg til hver gang jeg åpner boken.... når fortellerevnen og språket fasinerer meg.... og jeg er uendelig takknemlig for at det enda er mange sider og kapitler igjen av boken..... DA er det en FANTASTISK GOD bok... Stor takk til Tore Kvæven for dette mesterstykket av en bok om livet på mitt kjære Grønland på 1200-tallet
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSom sol kan glitra i ein bekk av smeltevatn om våren, slik glitra det i auga hennar, og han såg inn i denne glitringa, og det utrygge var borte i han.
Kinna på den grove steinhella var samansett av fint tilskorne og nøyaktig samanfatta bordbitar. Stramtsitjande, breie vidjer heldt dei saman. Ein gong for lenge sidan, då vidjene framleis var friske og lukta av søtleg sevje, hadde dei vore splitta på langs og surra i ringar om kinna, og endene deira hadde vore fletta inn i kvarandre, i slike mønster som tradisjonen kravde. Så hadde dei tørka, og som alt anna som har levd og som tørkar og som mistar sitt livsvatn, som sener og skinnreip, slik drog også vidjene seg saman og hardna. Og i dette sitt siste famntak hadde dei knua kinna så hardt at det var som om hennar mange stykke av treverk hadde vakse saman og vorte til eitt.
Og sjeldan, berre svært sjeldan, blir framtida slik menneska trur ho skal bli.
I den verda der han hadde levd, og i dei draumane han hadde skapt, hadde framtida lege open for han, og enno hadde han ikkje forstått at draumar kan vera av luft og menneske av fjell.
Slik Orri låg her den gongen, flat og daud, slik ligg hella hans no.
Anbefalt historisk litteratur. For det meste faglitterære utgivelser.
Her er det litt av hvert! Bøkene kommer litt hulter til bulter, og er ikke rangert. Det er vanskelig å gjenkalle i detalj hva som er årsaken til at jeg husker akkurat disse titlene som leseopplevelser utenom det vanlige. Det hadde absolutt vært plass til flere bøker på lista, og mange av titlene kunne utvilsomt vært bytta ut med andre, jeg ser blant annet at det er altfor få Dag Solstad-titler her. Dette er ikke et forsøk på å lage ei liste over tidenes beste bøker. Hadde jeg prøvd å lage ei slik liste, ville den sett annerledes ut.