Viser 1 til 10 av 17 lister

To posar med mykje artigt, kr 100,-
Billig moro, med andre ord.


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Saknar ein funksjon på bokelskere der ein kan markere når ein anskaffa seg dei enkelte bøkene. Lagar derfor eigne lister fom 2018 for å bøte på dette.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.

I listene på bokelskere er det plass til berre 100 bøker, og første bokhamstringa for snart tre år sidan gav ei breiddfull liste. Det kjem framleis nokre bøker rekande no og då, så det er like greit å lage ei supplement-liste.

Takk igjen, kjære mor.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fleirbindsverk eg har starta på, men ikkje fullført enno.
Tel ikkje med krim-seriar o.l.
Lista er meint som ei hugseliste for eigen del.

Sortert etter kor truleg det er at eg kjem til å lese fleire bøker i verket.
Kvart punkt i lista er den første boka eg las av det aktuelle verket.


Verk som er sjekka ut av lista:
- Napoli-kvartetten av Elena Ferrante
- Slåttekar i himmelen og dei tre påfølgande bøkene i Edvard Hoem sin slektskrønike.
- Nattens brød av Johan Falkberget


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Forlaget Hogarth har invitert kjende forfattarar til å skrive kvar si bok inspirert av eit Shakespeare-stykke. Prosjektet sin heimeside.

Pr dato (9. april 2018) ser det ut for at serien skal innehalde 8 bøker, Så får ein sjå om det kjem fleire etter kvart.

Ein liten diskusjonstråd om denne serien er å finne her.

Denne lista er tenkt å innehalde 3 punkt pr Shakespeare-stykke:
1 - Shakespeare-stykket, på norsk dersom det er å finne, subsidiært på engelsk
2 - Hogarth-versjonen på engelsk
3 - Norsk oversetjing av Hogarth-versjonen

Rekkefølga i lista følger publiseringsdatoane frå Hogarth


Godt sagt! (7) Varsle Svar

Bøker eg har lest, eller har leseklare i bokhylla, som av ulike grunnar har kome ut på norsk med to (eller fleire?) ulike titlar.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Huskeliste over bøker eg godt kan sjå etter når eg skulle vere så uheldig å ramle innom ein bruktbutikk eller loppemarknad. Men som tittelen seier, det hastar ikkje, eg har plenty av uleste bøker i bokhylla.


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bøker eg har lest, eller har leseklare i bokhylla, der det er ein yrkestittel i tittelen.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bøker eg har lest eller har leseklare i bokhylla der tittelen har konge, dronning eller andre adelege titlar i tittelen.

Popularitetsoversyn:
Konge: 9
Dronning: 2
Prins: 2
Fyrste: 1
Grevinne: 1
Keiser: 1
Lord: 1
Prinsesse: 1


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det finnest mange bøker der tittelen berre er eit fornamn. Dette er dei eg har lest, eller har uleste i bokhylla, og der tittelnamnet er ein person i boka.

Det blei forresten vanskelegare enn eg trudde å trekke opp grensene for kva bøker som skal vere med. Candide og Iracema er t.d. ikkje spesielt vanlege namn, men det finnest folk som heiter det. Derfor tok eg med desse. Fvonk, derimot, er det truleg ingen som heiter, og boka fell utanfor lista.

Så har vi bøker som Max og Ulysses, begge er brukbart vanlege fornamn, men i dei respektive bøkene er titlane namna på eit rockeband og ein båt. Utanfor.

An-Magritt og Johannes var eg veldig i tvil om. Tittelen er vel strengt tatt Nattens Brød, og med namna som undertittel. Men på bokomslaga så er det namna som er dominerande. Tatt med under tvil.


Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin LotheCecilie