Det finnest mange bøker der tittelen berre er eit fornamn. Dette er dei eg har lest, eller har uleste i bokhylla, og der tittelnamnet er ein person i boka.

Det blei forresten vanskelegare enn eg trudde å trekke opp grensene for kva bøker som skal vere med. Candide og Iracema er t.d. ikkje spesielt vanlege namn, men det finnest folk som heiter det. Derfor tok eg med desse. Fvonk, derimot, er det truleg ingen som heiter, og boka fell utanfor lista.

Så har vi bøker som Max og Ulysses, begge er brukbart vanlege fornamn, men i dei respektive bøkene er titlane namna på eit rockeband og ein båt. Utanfor.

An-Magritt og Johannes var eg veldig i tvil om. Tittelen er vel strengt tatt Nattens Brød, og med namna som undertittel. Men på bokomslaga så er det namna som er dominerande. Tatt med under tvil.


Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 4 svar.

" Maria, Maria" , av Anne K Elstad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Matilda, Av Roald Dahl må med :-)
Atig liste, liker idéen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det finnes flere av Hamsun, slik som "Benoni" "Rosa" "August"
Kommer også på en av Undset"Jenny"
Og av Cora Sandel, "Alberte og Jakob"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jaudå, det er mange kandidatar til lista. Ein har t.d. også dei franske krim-bøkene Irène, Alex og Camille av Pierre Lemaitre. Skulle eg nokon gong handle inn og/eller lese desse bøkene, så havnar dei på lista.

Men Alberte og Jakob blir nok uansett ikkje med. Der er eit fornamn og ein konjunksjon for mykje i tittelen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Torill RevheimLailaChristoffer SmedaasStian B. HopeTanteMamieAnne Berit GrønbechNinaMads Leonard HolvikGjermund HaugeBjørg RistvedtTine SundalgretemorPiippokattaEgil StangelandSraDevoralibrosMorten MüllerTor-Arne Jensenmay britt FagertveitAnne-Stine Ruud HusevågVannflaskeIngunn SKjell F TislevollKaramasov11Tatiana WesserlingHanne Kvernmo RyeFrisk NordvestmarithcmgesiljehusmorMarianneNIngeborg GGro-Anita RoenElisabeth SveeSynnøve H HoelWenche VargasHarald KElin FjellheimIngvild SalpakkaEli Hagelund