O Arroz de Palma (Portuguese Edition)

EDITORA RECORD Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.com Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag EDITORA RECORD

Format Paperback

ISBN13 9788501081940

Språk Portuguese

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ein gamal mann er i sving på kjøkenet, han førebur ein stor familiemiddag der endeleg heile familia, alle etterkomarane etter foreldra hans, skal samlast. Denne gamle mannen, Antonio minnest tanta si, Palma, og alle historiene ho fortalte då han var liten. Det var for det meste historier om slekta hans. Han gjenfortel historia om foreldra, portugisarar, som emigrerte til Brasil saman med Palma året etter at dei gifta seg. Og vidare om sin eigen barndom, om syskjena sine, om barna sine, med andre ord ein heil famliesaga. Ikkje dokumentarisk, men han dveler ved episoder som har vært avgjerande for lagnaden til familia.

Sentralt i forteljinga er ein sekk med ris. Den litt eksentriske tante Palma samla opp risen som hadde blitt kasta over foreldra til Antonio då dei gifta seg, og gav dei så denne risen i brudlaupspresang. Tolv kilo med ris som er samla opp frå kyrkjetrappa. Brudgomen irriterer seg grenselaust over slik ein simpel presang, medan bruda tykte det var ein romantisk ting å gjere. Etter kvart viser det seg at risen kjem til nytte likevel. For som Antônio seier, famile er ein vanskeleg rett å lage til, og du får berre ein porsjon.

Eg las denne på portugisisk, eg har ein mistanke om at eg ville ha likt boka eit lite hakk dårlegare på norsk (Norske utgåver: Tante Palmas ris / Livet i et riskorn). Filteret mitt for søtladne klisjear er nok ikkje slett så finmaska på portugisisk. Uansett, så var det likevel ei fin bok, med mange gullkorn og enkelte overraskende vendingar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

-- Kva ler du av, Palma?
-- Har de lagt merke til kor tåpelege fraser folk brukar når dei kondolerer? No fekk ho kvile, stakar. Måtte ho vere hjå Gud. Ho blei då gamal, fekk mykje ut av livet. Han der oppe vil berre ha dei gode. Dei dårlege døyr ikkje. Ho døydde lik ein liten fugl ... korleis døyr ein liten fugl? Eg har aldri sett dei siste minutta til ein liten fugl.
Tante Palma godtar seg over tøvpratet sitt. Mor kjem med sitt bidrag.
-- Ho døydde i svevnen, kjende ingenting.
-- Å, det mislikar eg. Kjende ingenting. Tenk på det! Eg vil kjenne, eg vil vite!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Isabel og eg er like gamle. I kveldsbønene sine ber ho om ein god død. Eg spør henne om kva ein god død er. Ein naturleg død, svarer ho. Ein slags døden "light". Men vi er ikkje nokon "light-familie".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bøker eg har lest, eller har leseklare i bokhylla, som av ulike grunnar har kome ut på norsk med to (eller fleire?) ulike titlar.


Godt sagt! (3) Varsle Svar