Adulterio (Em Portugues do Brasil)

av (forfatter).

Sextante 2014 Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 2.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.co.uk Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Sextante

Utgivelsesår 2014

Format Paperback

ISBN13 9788543100456

Språk Portuguese

Sider 240

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 0 0 1 0

Bokomtaler

Femordsomtale: Coelho passar meg enno ikkje

Litt lengre omtale:
La meg starte med å skrive nokre positive ord. Paulo Coelho nyttar eit lettfatteleg språk i bøkene sine. Dette er den andre Coelho-boka eg les, begge på originalspråket, og begge to kjem høgt opp på lista mi over lettleste bøker på portugisisk. Han skriv også ganske korte bøker. Med tanke på at eg ikkje likte bøkene så er jo det også eit stort pluss.

Eg innrømmer glatt at ein viktig grunn til at eg las denne boka no er at den enno ikkje er å få i engelsk (kjem i august) eller norsk utgåve, og at det gjev ein slags barnslig tilfredsstillelse å kunne lese den før dei fleste andre norske lesarane. Men eg hadde også eit ærleg ynskje om å gi Coelho ein ny sjanse. Det er no over 11 år sidan eg las Alkymisten, som eg hadde store forventningar til og blei veldig skuffa over, og det er jo ikkje utenkeleg at både min smak og Coelho sin stil kan ha endra seg såpass at det er bryet verdt å prøve på nytt.

Vel, boka er i det minste ganske ulik Alkymisten. Hovudpersonen Linda er ei sveitsisk dame, nærmare bestemt frå Genève, som fortel om nokre månadar av livet sitt i første person og i notid. Stakkars Linda er 31 år, har vært gift i 10 av dei, har meir enn nok av alt vanlige personar ynskjer seg, men er likevel på veg inn i ein depresjon. Meininga med livet og slikt tyngjer veldig, og når ho treff att ein ungdomskjæreste så blir ting litt komplisert.

Tittelen på boka, Adultério, tyder utruskap på norsk. Coelho utforskar mange kjensler omkring utruskap i denne boka, både kva slags kjensler som leier fram til det, kjensler undervegs, og kjenslene til den som blir utsatt for utruskapen. Det er berre eit par problem; for det første greier eg ikkje å tru på dei personkarakteristikkane som blir lagt fram. For det andre tykte eg historia var grusomt kjedelig. Dei mest interessante delane i historia i mine auge er faktisk der Coelho gjev smakebitar av Genève sin historie og innbyggarane sine særtrekk. Det er kanskje ikkje så rart at desse delane av historia er dei mest truverdige då Coelho sjølv bur i denne byen.

Eg vil ikkje seie at eg har gitt opp Coelho for alltid. Det må jo vere noko med bøkene som fenger sidan det er så mange som les dei. Men det gjeng nok nokre år igjen før eg eventuelt prøver på nytt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Eg finn fram iPad'en på nattbordet. Gangar saman 365 med 70. Det blir 25 350. I gjennomsnitt er det så mange dagar ein vanleg person lever. Kor mange har eg alt kasta bort?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

.., vi gjekk ein fottur ved Matterhorn, og eg stoppa heile tida for å ta bilete. Heilt til han blei irritert: "Trur du at all denne storslegne og vakre naturen får plass på eit bilete? Du skal heller lagre slike minne i hjartet ditt. Det er viktigare enn å freiste å vise fram for andre kva du opplever."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar