Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Coelho passar meg enno ikkje

Litt lengre omtale:
La meg starte med å skrive nokre positive ord. Paulo Coelho nyttar eit lettfatteleg språk i bøkene sine. Dette er den andre Coelho-boka eg les, begge på originalspråket, og begge to kjem høgt opp på lista mi over lettleste bøker på portugisisk. Han skriv også ganske korte bøker. Med tanke på at eg ikkje likte bøkene så er jo det også eit stort pluss.

Eg innrømmer glatt at ein viktig grunn til at eg las denne boka no er at den enno ikkje er å få i engelsk (kjem i august) eller norsk utgåve, og at det gjev ein slags barnslig tilfredsstillelse å kunne lese den før dei fleste andre norske lesarane. Men eg hadde også eit ærleg ynskje om å gi Coelho ein ny sjanse. Det er no over 11 år sidan eg las Alkymisten, som eg hadde store forventningar til og blei veldig skuffa over, og det er jo ikkje utenkeleg at både min smak og Coelho sin stil kan ha endra seg såpass at det er bryet verdt å prøve på nytt.

Vel, boka er i det minste ganske ulik Alkymisten. Hovudpersonen Linda er ei sveitsisk dame, nærmare bestemt frå Genève, som fortel om nokre månadar av livet sitt i første person og i notid. Stakkars Linda er 31 år, har vært gift i 10 av dei, har meir enn nok av alt vanlige personar ynskjer seg, men er likevel på veg inn i ein depresjon. Meininga med livet og slikt tyngjer veldig, og når ho treff att ein ungdomskjæreste så blir ting litt komplisert.

Tittelen på boka, Adultério, tyder utruskap på norsk. Coelho utforskar mange kjensler omkring utruskap i denne boka, både kva slags kjensler som leier fram til det, kjensler undervegs, og kjenslene til den som blir utsatt for utruskapen. Det er berre eit par problem; for det første greier eg ikkje å tru på dei personkarakteristikkane som blir lagt fram. For det andre tykte eg historia var grusomt kjedelig. Dei mest interessante delane i historia i mine auge er faktisk der Coelho gjev smakebitar av Genève sin historie og innbyggarane sine særtrekk. Det er kanskje ikkje så rart at desse delane av historia er dei mest truverdige då Coelho sjølv bur i denne byen.

Eg vil ikkje seie at eg har gitt opp Coelho for alltid. Det må jo vere noko med bøkene som fenger sidan det er så mange som les dei. Men det gjeng nok nokre år igjen før eg eventuelt prøver på nytt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Lene AndresenLeseaaseTove Obrestad WøienSissel ElisabethTurid KjendlieIngvild SmgeChristoffer SmedaaselmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KMads Leonard HolvikKirsten LundPrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanBrit Honningsvåg