Viser 11 til 17 av 17 lister

Eg bestilte eit eksemplar av Ready Player One frå bokklubben i 2016, og oppdaga at boka som kom i posten var signert av forfattaren Ernest Cline. Dette tykte eg var særs moro, og det trigga meg til å prøve å skaffe fleire signerte bøker i framtida. Frå før har eg Gunn Marit Nisja sine romanar med trivelege helsingar inni, samt eit signert eksemplar av ei av Arne Holstad sine bøker. Skulle antalet auke i åra som kjem kan det vere greit å halde oversikta, derfor denne lista.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.

Dette er det eg sanka med meg.
Takk, kjære mor.


Godt sagt! (17) Varsle Svar

Etter å ha grunda litt på begrepet "litterær kanon" fann eg ut at det er på tide at nokon tek begrepet på alvor.


Godt sagt! (12) Varsle Svar

Bøker skrive av Nobelprisvinnarar, og som eg har lest eller har leseklare i bokhylla. Sortert etter året forfattaren fekk Nobelprisen, dernest etter årstalet boka kom ut.


Godt sagt! (6) Varsle Svar

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nei, det er ikkje ei liste der ein rockemusikk-genre er fellesnevnaren. Det er i staden ei liste over bøker der eit metall er med i tittelen. Enkelte av bøkene har eg lest, andre kan eg tenke meg å lese.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg var som snarast innom Haugenbok, og oppdaga at Kjartan Fløgstad sin "Fyr og flamme" var til sals til ein særs rimeleg pris. Må ha. Sidan eg først hadde bestemt meg for å kjøpe noko, skrolla eg like godt igjennom diverse tilbodssider for å sjå om eg fann andre bøker eg ynskjer meg til nedsatt pris, fann to til, la dei i handlekorga og betalte.

Først då eg fek ordrestadfestinga på e-post såg eg det: titlane eg hadde valt hadde det til felles at dei dreier seg om eld på ein eller annan måte. Tilfeldig, eller har undermedvitet fått meg til å velge titlar med tematisk slektskap? Artig uansett.

Etter dei første tre så utvider eg lista etter kvart med fleire heite titlar eg har lest / skal lese.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild S