Lausledninga

Petitar

av (forfatter) og Knut Høihjelle (illustratør).

Arne Holstad 1999 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Arne Holstad

Utgivelsesår 1999

Format Innbundet

ISBN13 9788291134314

Språk Nynorsk

Sider 158

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Under ein ryddeaksjon i bokhylla (der det ikkje berre stend bøker ...) tidlegare i vinter kom eg over denne vesle skatten som eg fekk i gåve frå ein slektning for meir enn 10 år sidan, og som eg no ikkje eingong hadde hugsa på at eg eigde.

Arne Holstad var fast spaltist i Vikebladet/Vestposten, lokalavis for Hareidlandet, i ei årrekke med sine "petitar", små skråblikk på kvardagen eller aktuelle hendingar, og gjerne med referansar til sin eigen oppvekst på 1930-talet, og under signaturen "aho". Eit knippe av petitane blei samla mellom to permar i 1999 under tittelen "Lausledninga". Det har også kome ei bok nr. 2 med nyare petitar.

Det er fornøyeleg lesing, og mange av stykka gir også eit rikt innblikk i levemåten i den nære fortida vår. Minst 80% av stykka tek undervegs lesaren med attende til 1930-talet på den eine eller andre måten. Ein del av tekstane er lett nostalgiske, men utan å tippe for langt over i klisjear. Det som løftar tekstane mest i mine auge er dei mange, uventa tankespranga forfattaren gjer undervegs. Innimellom nostalgien kjem ein også i tankar om at ein god del er betre no til dags enn på 1930-talet, og då tenker eg ikkje berre på det materielle. Forventningane om konformitet var nok sterkare i bonde- og fiskarsamfunna for 80 år sidan, og dette er ein arv ein etter mitt syn godt kan legge bort.

Ein del av stykka er skrive som kommentarar til aktuelle hendingar eller problemstillingar i nærmiljøet. Skulle eg peike på ein ting eg sakna så er det at det godt kunne vere ein referanse til kva for hending eller problemstilling kommentaren var mynta på (dette er gjort for berre eitt av stykka). I mange tilfelle forstod eg kva det gjaldt, men andre gangar så fekk eg kjensla av at der var eit poeng eller to som gjekk meg hus forbi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

[om 1930-åra] Jogging hadde ingen høyrt om. Såg vi ein vaksen mann som sprang forbi Gomyra på veg utover, så rekna vi med han skulle hente jordmora. Ein mann hadde mellom fem og ni springmarjsar i alderen mellom 25 og 40 år.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var rikelig med natur i tredveåra. Og aller mest naturleg var ugraset. Til tider var det så mykje av det at ein kunne ha lyst til å la det vekse.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I det siste er det opptil fleire som har spurt meg om desse lange kommunestyra er eit teikn på at demokratiet fungerar. Og det er det sjølvsagt. Stort sett er vel dette det einaste teiknet vi har.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Eg bestilte eit eksemplar av Ready Player One frå bokklubben i 2016, og oppdaga at boka som kom i posten var signert av forfattaren Ernest Cline. Dette tykte eg var særs moro, og det trigga meg til å prøve å skaffe fleire signerte bøker i framtida. Frå før har eg Gunn Marit Nisja sine romanar med trivelege helsingar inni, samt eit signert eksemplar av ei av Arne Holstad sine bøker. Skulle antalet auke i åra som kjem kan det vere greit å halde oversikta, derfor denne lista.


Godt sagt! (3) Varsle Svar