Som sagt: du treng ikkje bruka desse teikna.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alt Gr +8 [ og Alt Gr +9 ], men ein treng egentleg ikkje å bruka desse teikna. Marker berre teksten som det skal lenkast til - klikk deretter på teiknet heilt til høgre i verktøylinja (globusen) og lim inn lenka i den nye boksen som då kjem opp.

(Red: Eg ser no at Anette forklarer det same, på ein annan måte, litt lenger nede i tråden)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne månaden var det Slik treet faller av Britt Karin Larsen som var den beste leseopplevinga, utan tvil. Bok nummer seks i Finnskogserien er spennande og underhaldande, gripande og lærerik.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende.
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Olav H. Hauge (1908 – 1994)

Godt sagt! (13) Varsle Svar

"Freden og roen" har atter senka seg over bokelskere-forumet..
og sjølv nyt eg også både fred og ro - på hytta. Eg har berre med meg ei bok; Slik treet faller av Britt Karin Larsen. Eg likar godt bøkene hennar.
God helg!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sidan det er du som er "sjef" for denne helgespalten, bestemmer du sjølv om du tek "ferie", tenkjer eg. Eg har full forståing for at du ønskjer ein sommarpause.
Ja, det har vore action i nokre diskusjonstrådar her. Eg skjønnar ikkje eingong kvifor og korleis det heile starta - og no er det så mange innlegg som er sletta at det er umuleg å få oversikt. Det heile er meiningslaust og tåpeleg. Eg har tru på at det heile roar seg dersom folk berre ignorerer dei grunnlause skuldingane som er blitt sett fram. At folk trekker seg ut og slettar profilane sine berre på grunn av denne støyen tykkjer eg er å overreagera.

Vel. Over til helgelesinga mi. Eg les fortsatt i fyrste bind av Ragnar Kvam jr. sin biografi om Thor Heyerdahl, Mannen og havet. Ved sidan av les eg krimboka Lobotomisten av Eirik Husby Sæther og som lydbok har eg den aktuelle Elizabeth er borte av debutanten Emma Healey.

God sommar til alle bokelskarar!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har aldri lagt merke til denne varselknappen før faktisk - er det slik at innlegga blir borte dersom ein klikkar på den?
Det beste er å ignorere vedkommande «uromoment», meiner eg.

Dei «anarkistiske» forholda som alltid har råda her på bokelskere.no har eg sett på som ganske sjarmerande, men i det siste har eg sett behovet for enkelte køyrereglar, evt. ei moderatorordning. Det er ikkje alle som har nettskikk/forumskikk/folkeskikk. Resultatet av uroa i det siste kan bli at forumet blir stengt, - og det hadde jo vore synd.
Ein skal òg tenkja på at det store fleirtalet av medlemene på denne nettstaden er passive i diskusjonane – og at den pågåande kveruleringa i enkelte diskusjonstrådar her virkar avskrekkande på folk.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Vil foreslå "Sannheten om Harry Quebert-saken". Mystisk, underhaldande og med stadig nye vendingar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er sjeldan aktiv i dette forumet, men dei siste dagane har eg lest med interesse – og forundring - ein del trådar her inne. Det er ikkje tvil om at «miljøet» er blitt forsura i det siste. Difor er forslaget ditt om å avslutta diskusjonen glimrande.
Men – eg er redd det ikkje til å endra seg, jamfør det fyrste svaret her.
Eg har difor eit anna forslag (Sidan "enkelte" er så sjukt opphengt i likes og eigne og andre sine stjerner):
Kutt ut stjernene!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skamtegnet er oppfølgjar til Skrinet og Skarlagenssalen - men står seg godt på eigne bein. Eg har ikkje lest dei føregåande bøkene - enno. Stilmessig og miljømessig kan boka minna om bøkene til Stein Riverton (Sven Elvestad) og Øvre Richter Frisch - og litt Hans Olav Lahlum og kanskje ein dæsj Bernhard Borge (Andre Bjerke).

Alex er - som du seier - heilt, heilt annleis. Den er meir som ein blanding av Jo Nesbø og Mo Hayder.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ingen 6'arar denne månaden, men eg gav tre bøker terningkast 5, av litt ulike årsaker.
Heimlandet. Barndom av Edvard Hoem - ei varm, personleg og fin erindringsbok.
Skamtegnet av H.K. Fauskanger - ei godt komponert og spennande historisk kriminalforteljing.
Alex av Pierre Lemaitre - ein underhaldande, makaber og uvanleg thriller.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det blir litt av kvart i ulike sjangrar og i forskjellige format denne helga - som alle andre helgar. Eg har akkurat lest ut Skamtegnet - den tredje historiske krimromanen til H. K. Fauskanger. Den vart eg ganske imponert over, så eg set dei foregåande bøkene hans opp på leselista mi.
På nattbordet har eg thriller/spenningsromanen Den som reddes kan av Sophie Hannah liggjande. Boka har eit høgst spesielt og intrikat plott og eg likar ho godt så langt.
Som lydbok har eg ein historisk dokumentarroman; 1001 natt av Vetle Lid Larssen.
I tillegg har eg så vidt har byrja på fyrste bind i Ragnar Kvam sin biografi-trilogi om Thor Heyerdahl - Mannen og havet.

Ha ei fin langhelg alle saman!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Astrid Lindgren, Torbjørn Egner, Anne-Cath Vestly og Alf Prøysen. "Dei fire store" innan klassisk barnelitteratur. Alle tok dei borna på alvor - og bøkene deira har gleda opptil fleire generasjonar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har lest begge - og meiner dei er utruleg oppskrytte. Ingen av dei fortener den merksemda dei har fått. Stoner er irriterande kjedeleg. Svøm med den som drukner er irriterande langtekkeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litterært befinn eg meg ein stad i Tyskland saman med "forfattaren" Harry Hayden. Eg les altså Sannheten og andre løgner av Sascha Arango - ei bok eg likar veldig godt så langt. Dette er underhaldande og spennande lesing.
Eg er også i den svenske byen Växsjö saman med den ufyselege, rasistiske og homofobe politietterforskaren Evert Bäckström: parallellt les eg Linda - som i Lindadrapet av Leif GW Persson. Svensk krim med høg humrefaktor.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Interessant debatt med mange forgreiningar og med enkelte merkelege synspunkt!

Når det gjeld forhold til kjæledyr og andre dyr er eg veldig enig med deg. Å setja menneskelege egenskapar på dyr er heilt feil. Ein hund eller ein katt vert sjølvsagt knytta til familien sin, men kjensler som sorg, moral og empati trur eg ikkje dei er i stand til å ha - sjølv om ein som dyreeigar gjerne skulle ønska at det var slik.

At forhold til dyr er kulturellt betinga er eit viktig poeng å få fram. Eg er enig i at eit dyreliv på ingen måte kan sidestillast med eit menneskeliv. Synspunkta til ekstreme dyrevernarar - som gjerne framstiller alle dyr med (menneskelege) positive eigenskapar og "rettigheiter" - har eg ingen forståing for.

Når det er sagt, må eg presisere at eg er opptatt av dyrevelferd; av at dyr skal ha det bra. Med det meiner eg at mishandling og vanrøkt av dyr er forkasteleg og at avliving av dyr bør skje på ein rask og smertefri måte.
Men eg er tilhengar av næringar som jakt, fangst, fiske, kjøt- og mjølkeproduksjon. Dyrehald har lange tradisjonar og er viktig for kulturlandskap og næringsutvikling.

Helsing ein katte-, hunde-, kanin- og undulateigar, samt tidlegare saueeigar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I mars vart det mykje nytt innan krim for meg. Ingen av bøkene fekk terningkast seks, men eg gav ein femmar til både Den grenseløse og Silkeormen - dei nyaste bøkene til hhv Jussi Adler-Olsen og Robert Galbraith.

Eg har også lyst til å trekka fram dei to nye nynorske kriminalromanane Satans mor av Rune Timberlid og Død manns kiste av Kroken og Kolden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg les norsk og svensk krim - og ein dameroman skriven av ein mann.
Eg har tre bøker som blir lest parallellt denne helga, - den fyrste er den nyaste Svalbard-krimmen til Monica Kristensen, Ekspedisjonen. Eg har lest dei tidlegare bøkene hennar om sysselmannsbetjent Knut Fjeld - og likar dei godt. Lettleste og i eit uvant miljø i krimsamanheng.
Som lydbok har eg debutboka til svenske Joakim Zander; Svømmeren. Dette er ein velskriven og velkomponert agent-/spion-/thriller/spenningsroman med eit aktuelt bakteppe. Svært bra så langt!
Innimellom les eg litt i den boka som eg i denne samanhengen kallar "dameroman": Bok nummer to i Clifton-krøniken til Jeffrey Archer, Fedrenes synder. Ei OK underhaldnigsbok med mykje "drama".

Ynskjer alle som er innom denne spalten ei strålande lesehelg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ken Follett sine historiske romanar Stormenes tid bind 1 Sverdet og korset og bind 2 Katedralen vart høgdepunktet i januar for meg. Storslagne, omfattande og interessante bøker.

Andre bøker eg gjerne vil trekka fram er Edvard Hoem si fine forteljing om oldefaren, Slåttekar i himmelen, lydbok glimrande opplest av forfattaren, samt Stillheten, den avsluttande boka i Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe, også som lydbok og ein glimrande opplesar; Nils Ole Oftebro.

Månadens største nedtur for meg vart den mykje omtala og oppskrytte Stoner. Hovudpersonen var irriterande patetisk og historia fenga meg ikkje i det heile.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kosar meg med tre forskjellige bøker i tre ulike format:
Livet de Luxe, den siste i Stockholm Noir-trilogien til Jens Lapidus - som papirbok.
Den fyrste boka i Clofton-krøniken til Jeffrey Archer; Bare tiden vil vise - som ebok
og i lydbokformat; gode gamle og salige Richard Herrmann som sjølv les Med en kniv om natten og andre mord.

Det er med andre ord ei knakande fin lesehelg.
God betring til deg, håpar du kjem deg såpass at du får lesa litt i helga, du òg :)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

gretemorPiippokattaEgil StangelandSraDevoralibrosMorten MüllerTor-Arne Jensenmay britt FagertveitAnne-Stine Ruud HusevågVannflaskeIngunn STine SundalKjell F TislevollKaramasov11Tatiana WesserlingTorill RevheimHanne Kvernmo RyeFrisk NordvestmarithcmgesiljehusmorMarianneNIngeborg GGro-Anita RoenElisabeth SveeSynnøve H HoelWenche VargasHarald KElin FjellheimIngvild SalpakkaEli HagelundEllen E. MartolBjørg L.AvaBård StøreLeseberta_23Berit RJan-Olav SelforsJulie StensethFride Lindseth