Anbefalar at du testar ut dei ulike appane, slik at du finn ut kva som passar for deg. Både pris, utval av bøker og funksjonane i sjølve appen har noko å sei når ein skal velja lydbok-app.
Fabel tilbyr 4 vekers gratis prøveperiode og Ebok premium og Storytel har 2 veker. I tillegg finst gratistenesta/appen BookBites der du kan låna både lydbøker og ebøker.

Sjølv er eg storforbrukar av lydbøker og brukar både Storytel og BookBites - og er nøgd med det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig tema! Det er fascinerande å sjå kor ulik lesesmaken er.

Eg likar lister, men listefunksjonen på denne sida har eg aldri skjønt og aldri brukt.

Av dei ti på lista di har eg lest (og likt!) Menn som hater kvinner og avbroteRingenes herre. Dei andre er anten uaktuelle eller ukjende for meg.

Her er eit utval av ganske kjende bøker som eg har avbrote, 5 norske og 5 utanlandske, samt grunngjeving:

  • Terapeuten av Helene Flood - kjedeleg, uinteressant
  • Kjære av Linnea Myhre - ekstremt uinteressant
  • Halvbroren av Lars Saabye Christensen - kom aldri i gang
  • Fugletribunalet av Agnes Ravatn - irriterande hovudpersonar
  • 304 dager av Simon Stranger - likte ikkje lydbokstemma (forfattaren sjølv)
  • Mi briljante venninne av Elena Ferrante - kjedeleg og (til dei grader) oppskrytt
  • Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson - mista tråden, dersom det er nokon tråd der
  • Billie av Anna Gavalda - kom aldri inn i handlinga
  • Gravlunden i Praha av Umberto Eco - forventa noko Rosens navn-liknande og vart skuffa
  • Ringenes herre av J.R.R. Tolkien - jada, eg har prøvd. Eg har også prøvd å sjå filmen. Orkar ikkje, verken bok eller film.
Godt sagt! (5) Varsle Svar

Avstemminga viser vel at det ikkje er så mange aktive deltakarar på denne nettsida?

Kva meiner du med generasjonsskille? Eg er 60+ og veldig nøgd med at 1Q84 og Mengele Zoo kom på sølvplass!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Assalamu alaikum har visse krimroman-element og thriller-trekk. Men boka byr på noko langt meir og er på fleire måtar ei stor leseoppleving.
Handlinga i boka er, som i dei tidlegare bøkene i Teksas-serien, nokså ellevill. Det er temmeleg drøyt det som foregår, og enkelte lesarar kan nok bli støtt av visse detaljerte skildringar. Det handlar om vald og drap, narkotika og porno - og Renberg pakkar ikkje akkurat inn det han vil fortelja om.
Me møter enkelte bikarakterar frå tidlegare bøker og vert presentert for nokre nye. Alle har sine spesielle eigenskapar og særtrekk og det er ikkje vanskeleg å sjå dei for seg.
Boka er prega av sprudlande forteljarglede og sær fantasi. Ho er svært underhaldande, men også gripande og til tider ganske motbydeleg.

Eg anbefalar, så sterkt eg kan, lydbokversjonen. Tore Renberg er ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.

(utdrag frå blogg-omtale)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I tilfelle diskusjonar med koronaskeptikarar og vaksinemotstandarar kan ein finna mange saklege og nyttige argument i boka Epidemier (med undertittel en natur- og kulturhistorie). Boka kom ut i 2002 og er på ein måte "utgått på dato", men på den andre sida har ho fått ny aktualitet i samband med den pågåande pandemien. Det var nok også grunnen til at forlaget ga ut boka på nytt i 2020.

Forfattaren Jan Brøgger (1936-2006) var psykolog og sosialantropolog og gjer i boka greie for kva epidemiar og pandemiar har hatt å sei for utforming og utvikling av samfunnet. Han viser også til at folk gjennom tidene alltid har jakta på alternative løysingar og syndebukkar i slike høve. Konspirasjonsteoriar er nemleg ikkje av ny dato: I den mørke mellomalderen vart gjerne sjukdom og pest forklart med syndig livsstil og hekseri, og elles har jo jødane fått skulda for det meste..

I dag ser me at konspirasjonsteoretikarar meiner at Covid 19-viruset ikkje finst og at koronaen er ein del av "ein større plan" og at det liksom skal vera "ein skjult agenda" bak pandemien. Enkelte av desse skrullingane hevdar at koronavaksina ikkje er ei vaksine, men ei giftsprøyte. Sprøyta/vaksinen inneheld aborterte foster og microchip'ar og gudane veit kva andre skrudde teoriar som er lanserte. Og slik held dei på i sine eigne ekkokammer, med andre liknande misvisande og feilaktige opplysningar.

Men eg tenkjer: Takk og lov for at det finst vaksinar! At me er blitt kvitt fryktelege sjukdommar som kopper, kolera, poliomyelitt og tuberkulose skuldast sjølvsagt at dyktige forskarar og vitenskapsmenn- og kvinner har utvikla vaksinar - og at folk flest no er vaksinerte mot desse sjukdommane.

Når det er sagt: Eg skjønnar at folk stiller spørsmål om bivirkningar og er litt usikker på om ei vaksine er trygg. Ein er ikkje konspirasjonsteoretikar om ein er skeptisk. Men då må ein søka opp vitenskapeleg faktainformasjon og ikkje støtta seg på lugubre Facebook-grupper, liksomdoktorar og "Youtube-universitetet".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Anbefalar Mantel på det varmaste. Har lest Ulvetid og Falkejakt og skal ta til på den etterlengta Speilet og lyset med det fyrste. Men brutalt, det er det. Det er ikkje noko "kjekt" å lesa om straffemetodar som bålbrenning og halshogging. Tudortida var brutal, sett med våre dagars auge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det handlar om livet på bygda, om dei nære ting og om nære relasjonar. Om dagane som kom og dagane som gjekk. Om fødsel og død. Om kjærleik og lengsel. Om familie, barn og foreldre.
Dette er er ei kjempefin novellesamling som anbefalast på det varmaste.

Historiane er allmenngyldige og lesaren kan lett kjenna att både personar, kjensler og hendingar. Det sorgmuntre er som alltid til stades og det er (som vanleg frå denne forfattaren) hyppige referansar til rockemusikken og til pinsebevegelsen.

Meir på bloggen Boksnakk og Lesetips

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg hadde Søsterklokkene liggjande på nattbordet i mange veker, og det må seiast; dette er glimrande litteratur om du har søvnproblem. Eit par sider av denne og du sloknar - for det er så kjedeleg. Fyrst mot slutten er det endeleg noko som skjer, men då er det for seint.

Eg likte å lesa dei små glimta av kvardagsliv, kvinneliv og slit og strev frå 1800-talets bygde-Noreg. Men elles? Nei. Eg tykkjer stilen og stemninga er kunstig, eg likar ikkje det svulstige språket, eg meiner alle gjentakingane er slitsame og eg likar ikkje det "magiske", det overnaturlege og overjordiske. For når kyrkjeklokkene etter kvart liksom lever sitt eige liv trur eg ikkje lenger på historia.

Meir på bloggen Boksnakk og Lesetips

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant?? Joda, dersom ein tykkjer at konspirasjonsteoriar, strålingshysteri og vrangforestillingar er interessant.
For å få eit meir nyansert blikk på dette temaet anbefalar eg Gunnar Tjomlid sin blogg og hans glimrande og stadig like aktuelle bok Placebodefekten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein rå, mørk, hardtslåande og hjerteskjerande realistisk kriminalroman. Det vert veksla mellom nøktern informasjon, svart humor, detaljerte observasjonar, actionfylte scener og skildringar av grov vald. Det er ei bok som kallar på mange ulike kjensler.

Clinch er rett og slett ei av dei beste bøkene eg har lest i år - og enno betre; dette er fyrste del av ein trilogi. Eg ser fram til neste møte med Harry Kvist.

Les meir på bloggen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rød mann/Sort mann er ei forteljing basert på verkelege hendingar og personar. Det er av den type bok som vert verande i kroppen og i tankane lenge etter avslutta lesing. Her får ein vita mykje om kroppsvæsker, om stank og skitt, om overgrep og vald, om død og fordervelse. Alt det ulekre og triste er ubehageleg å lesa om, men på ein tankevekkjande måte.

Kim Leine skriv med ein råskap, eit engasjement og ei innleving på ein måte som få andre forfattarar gjer. Skildringane av menneske og miljø er levande og nære. Trass i boka sitt omfang - 600 sider - vart eg aldri lei. Om noko skal pirkast på, er det at dei religiøse og filosofiske betraktningane vert litt langtekkelege enkelte gonger. Eg har også litt "problem" med Aappaluttoq som svevar overalt og dukkar opp både her og der, men eg tykkjer likevel ikkje at dette forteljargrepet forringar leseopplevinga mi.

Boka handlar om så mangt, på mange ulike plan. Om liv og død, om kjærleik og truskap, om offer og frelse, om religiøs fanatisme, om rasisme, om galskap og om menneska sine (manglande) evner til å tilpassa seg. Boka er svært folkerik og perspektivrik. Ein får vita korleis dei som befann seg på ulike stader og livssituasjonar såg på korleis tilværet var. Synsvinklane skifter ofte, også innan same kapittel og same side. Ein skal difor vera ganske vaken og konsentrert medan ein les.

Rød mann/Sort mann er ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar. For meg vart det ei praktfull leseoppleving. Anbefalast på det sterkaste.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Er det noko ein bokelskar likar, så er det å kunna bidra med lesetips og bokforslag!

Eg vil nytta høvet til å tipsa deg om Hendelser ved vann av Kerstin Ekman: Ein psykologisk thriller, stillferdig, mørk og med mange lag, - litt tunglest, men velskriven. Tildelt Nordisk Råds litteraturpris og Glassnøkkelen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Enig. Bokhylla her på bokelskere.no er ikkje noko fysisk bokhylle. Minst 90% av bøkene i mi bokhylle her er lånebøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig innlegg! Interessant å sjå andre bokelskarar sine oppsummeringar.
Her er mi sjølvmelding for 2017:

  • 104 bøker til saman
  • 59 krim/spenning, 19 andre romanar, 22 sakprosa, 3 novellesamlingar og 1 diktsamling
  • 40 lydbøker, 34 papirbøker og 30 ebøker
  • 64 bøker skrivne av norske forfattarar, elles fordelt på 9 land, alle vestlege. Her er forbetringspotensiale.
  • 37 "nye" forfattarar
  • 5 terningkast 6, 31 5'arar, 47 4'arar, 16 3'arar, 4 2'arar og 1 bok fekk terningkast 1
  • 69 av bøkene eg las var lånebøker, dvs. lånt på biblioteket, lånt privat og eBokBib. Det er eit tal eg er veldig nøgd med!
  • 74 mannlege forfattarar, 31 kvinnelege. Dei tala er eg mindre nøgd med, for å sei det slik..
Godt sagt! (2) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

På denne nettstaden gir ein gjerne stjerner til gode omtalar, men det er også vanleg å gi ei stjerne til innlegg i ein diskusjon - for å vise at ein er enig med vedkommande. Ein kjapp titt på stjernene i denne tråden viser at du har støtte frå dei fleste. Det må vera rom for både korte og lange omtalar på bokelskere.no.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg les som regel tre bøker samstundes, slik at eg har noko å variera i. Denne helga les eg

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.

Liebhaberne vart ei høgst varierande leseoppleving. Enkelte hendingar er skildra på ein veldig fin og varm måte, medan andre deler av boka er irriterande og unødvendige. Det låg lenge an til eit terningkast 3 - men avslutninga gjer at eg puttar på enno ein prikk.

Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.

Meir på bloggen min

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.

Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.

Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte.

Les heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal. Likevel vart dette ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert, men det er ein heil del som skurrar i denne historia.

Avslutninga på historia er eit antiklimaks, "poesispråket" er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3 minus..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Elisabeth SveeNorahTorill RevheimLailaChristoffer SmedaasStian B. HopeTanteMamieAnne Berit GrønbechNinaMads Leonard HolvikGjermund HaugeBjørg RistvedtTine SundalgretemorPiippokattaEgil StangelandSraDevoralibrosMorten MüllerTor-Arne Jensenmay britt FagertveitAnne-Stine Ruud HusevågVannflaskeIngunn SKjell F TislevollKaramasov11Tatiana WesserlingHanne Kvernmo RyeFrisk NordvestmarithcmgesiljehusmorMarianneNIngeborg GGro-Anita RoenSynnøve H HoelWenche VargasHarald KElin FjellheimIngvild Salpakka