Denne helga kjem eg til å følgja med på handball-EM som er i full gang i desse dagar. Handballjentene "våre" byr på spenning, ekte idrettsglede og topp underhaldning!

Men ein får vel lest litt innimellom:
Lydboka for tida er Nullpunkt av Bjørn Olav Nordahl, men den er eg dessverre ikkje heilt nøgd med. Heldigvis snart ferdig.
En sannsynlig historie, ei perle av ei bok frå Karin Alvtegen. Om kjensler, sorg, kjærleik og venskap, fortalt på ein usentimental måte.
Den største forbrytelsen av Marte Michelet. Sterkt og grundig om den norske holocaust-historia. Kritikarrost, tildelt Bragepris - og bør lesast av mange!

Ha ei fin helg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er ikkje spesielt "julete" av meg, så eg pleier å usette pynting og andre juleførebuingar til eit godt stykke ut i desember. Adventstida er liksom så masete og prega av kunstig mykje kos og altfor høge forventningar. Tykkjer eg.
Når det gjeld helgelesing, så driv eg framleis på med Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum. Lydboka for tida er den personlege sakprosaboka Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette var ein godt grunngjeven og ærleg omtale. Det var synd at du ikkje fann ut av denne boka. Du bør absolutt gi forfattaren ein ny sjanse; Mengele Zoo er eit godt val av eit eventuelt forsøk.
Nygårdshaug er ein spesiell forfattar med ein særeigen stil og ein absurd fantasi. Eg likte Nøkkelmakeren godt - men har lest svært mykje av forfatten tidlegare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg likar vinteren, og er glad eg bur i eit land der me faktisk har årstider. Eg er ikkje kommen i rett "modus" når det gjeld vinteridrett på TV enno - men har følgd avslutninga av den norske fotballsesongen med cupfinalar både i går og i dag, for hhv kvinner og menn. Gratulasjonar går til Lillestrøm og Molde, som begge vann The Double i år.

Litt lesing vert det også tid til. Eg hyggar meg med tre ulike bøker:
Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum - som er den sjette i retrokrimserien om K2 og Patricia
200 år på 200 sider - bokversjonen av Frank Aarebrot si TV-forelesning tidlegare i år
og sist - men ikkje minst - den nyaste boka til Håkan Nesser, Levende og døde i Winsford

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vargskinnet-trilogien (Guds barmhjertighet, Morgen kommer og Skrapelodd) av Kerstin Ekman vart høgdepunkta i oktober. Eit storslagent verk som gav ei spesielt god leseoppleving.

Den boka som skuffa meg mest denne månaden var den nyaste til Haruki Murakami, Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår. Eg kom aldri inn i handlinga, og hovudpersonen var liksom så stakkarsleg og kjedeleg. Eg forventa å få komma inn i ei magisk og absurd verd (som i 1Q84 og Kafka på stranden), men denne er på eit heilt anna plan.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant at me er så forskjellige. Eg MÅ ha lyd. Musikk, kvardagslydar, radiopludring eller annan bakgrunnsstøy. Eg klarar ikkje å konsentrere meg om lesinga dersom det er heilt stille!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne helga les eg Ingen er så trygg i fare - den ferske og 19.(!) boka i Varg Veum-serien. Lydboka er Det levende kjød av Lene Kaaberbøl, historisk dansk krim. Innimellom les eg også litt i Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap, som ebok. Neste bok blir Skrapelodd av Kerstin Ekman - den avsluttande boka i den utruleg fine trilogien Vargskinnet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er hytteliv denne helga - med fyr på peisen, raudt i glaset og pledd og bok på fanget. Stort betre kan ein ikkje få det. Eg les Guds barmhjertighet av Kerstin Ekman; den fyrste i Vargskinnet-trilogien. Veldig bra. Sterkt og brutalt, og svært velskrive.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg har sett saman følgjande lesemiks for helga: Nøkkelmakeren av Gert Nygårdshaug, Skråninga av Carl Frode Tiller og Sanger til Willow Frost av Jamie Ford.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jepp. Men sidan me no har fått tilbakemelding frå admin. om at det vert jobba med saka, så avventar eg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg vurderer no å slette heile greia og forlate Bokelskere for godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her går det i variert parallell-lesing - som vanleg. Hovudboka denne helga er den nyaste frå Unni Lindell; Brudekisten. Etter halvlest bok må eg sei at dette er Lindell på sitt beste! Lydboka eg høyrer på er En uskyldig mann av John Grisham. Innimellom les eg noveller frå Frode GryttensPopsongar.

Etter Brudekisten står Du skal lide av Frode Eie Larsen for tur.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Imponerande. Men ja, det går an å øve seg i multitasking. Eg høyrer forresten alltid på lydbok i samband med busskøyring. Sidan eg jobb-pendlar halvannan time dagleg, får eg "lest" ein heil del på den måten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Candy Crush er supert som tilleggsaktivitet når ein høyrer lydbok :-) Det er også kabalar og Sudoku, handarbeid, hus- og hagearbeid, bærplukking, samt turgåing og sykling - dersom ein går/syklar åleine. Surfing på nettet funkar ikkje samtidig med boklytting - for meg og min hjerne..

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg lyttar til Tore Renberg som les den nye boka si Angrep fra alle kanter. (Ei bok eg strevar med å få lagt inn her på bokelskere.no. Hint hint!) Ei kjempebra bok, som eg kjem til å bli ferdig med i morgon. Neste lydbok blir kanskje Klokkemakeren av Gert Nygårdshaug.

På nattbordet har eg ein britisk historisk kriminalroman; Oppløsning av C.J. Sansom - som eg også hyggar meg med.

Ynskjer alle ei god helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Håpar dette problemet kan fiksast så snart som råd!!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den nye Kepler-boka skal så klart lesast. Har også forventningar til Gunnar Staalesen si nye Varg Veum-bok, samt dei kommande bøkene til Tore Renberg, Gert Nygårdshaug og Aslak Nore. Aller mest gledar eg meg til Håkan Nesser sin nye roman Levende og døde i Winsford som kjem ut i oktober.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne helga har eg lest ferdig Før snøen kommer - den fjerde boka i Britt Karin Larsen sin fine serie om skogfinnane. Dette er den type bøker som bør lesast sakte.

No les eg ei bok som har eit heilt anna tempo; Jan Mehlum sin thriller Lengsel etter penger. Dette er ein frittståande roman og ingen Svend Foyn-krim.
På øyret har eg Doktor Fredrikis kabinett av Jørgen Brekke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las Jonas Gardell sin trilogi Tørk aldri tårer uten hansker i juli. Desse bøkene - 1 Kjærligheten, 2 Sykdommen og 3 Døden - gjorde verkeleg inntrykk på meg.

Av andre bra bøker lest i juli kan nemnast Dukkene av Mo Hayder, Hendelser ved vann av Kerstin Ekman og Sommerboken av Tove Jansson.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei fin og variert liste - med mange gode boktips.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Carl  BergeEllen E. MartolAnn Helen E. H.Anniken LLeseaaseBjørn Bakkenanniken sandvikJulie StensethJan Erik  OlsenHarald KReadninggirl20Bjørg Marit TinholtMarteBenedicteCtinaTone SundlandHallgrim BarlaupTovePia Lise SelnesThereseGro Anita MyrvangHildeingar hHeidi BEirin EftevandLesevimsaOdd HebækRandi Annie FramnesvaskeklutIngunnSimen "Boktimmy" IngemundsenLibraritas vIngunn ØvrebøTine SundalMarie ØstvoldKristin F. JørgensenKristinMartinenmoiraMaiken