Det vart mykje og variert lesing i januar. Eg har hatt fine leseopplevingar med m.a. Natten drømmer om dagen av Ingvar Ambjørnsen, Mørke grener av Nikolaj Frobenius og Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug, samt lest dei spennande krimbøkene Jentene fra balletten av Monika Yndestad og Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk. Men den nyttigaste boka eg las var nok Placebodefekten av Gunnar Tjomlid.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I går las eg ferdig Pynthias anvisninger, - som vart den sterkaste og beste leseopplevinga eg har hatt på lenge. No les eg Den blinde guden av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen. Den er så langt veldig bra.
Eg lyttar til Mors gaver av Cecilie Enger, - den finn eg litt kjedeleg og monoton, men eg trur eg kjem til å fullføra boka likevel.

Eg er glad i sport, men boksekampar ser er ikkje. Boksing er vald, ikkje sport.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her vert det parallellesing som vanleg. Papirboka eg held på med akkurat no er Vinter i Maine av Gerard Donovan. Eg nærmar meg slutten på denne, så i løpet av helga kjem eg til å starta lesinga av Pythias anvisninger, den siste i trilogien Victoria Bergmans svakhet av Jerker Eriksson og Håkan Sundquist - ei bok som eg gru-gledar meg til!
Lydboka denne helga er Prost Gotvins Geometri av Gert Nygårdshaug og som ebok les eg norsk krim: Stemmen av Jørgen Jæger.

Kven giddar vel å bry seg om vêret når ein har masse lesestoff..?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg las 130 bøker i 2013, og berre 3 av desse fekk terningkast 6. Den aller aller beste vart for meg De sørgende av Håkan Nesser.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg held framleis på med Barfotdronningen som eg starta på i byrjinga av denne månaden. Boka er (for) lang - lydbokversjonen varer i over 26 timar.
Les også i Levi Henriksen si fine julenovellesamling Bare mjuke pakker under treet og den nyaste i Knut Faldbakken sin krimserie om Jonfinn Valmann; Turisten.

Ønskjer deg og alle andre ei riktig fin og fredfull jul!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les den nye biografien om Steve van Zandt av Hans-Olav Thyvold; Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer - som ebok. I tillegg lyttar eg til Anders Ribu som les Barfotdronningen av Ildefonso Falcones.

Ha ei god lesehelg alle!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Desse kan du gleda deg til å lesa. Veldig fine bøker, i eit særeige og vakkert språk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dei beste novemberbøkene vart Som steinen skinner av Britt Karin Larsen, Det finnes ingen helhet av Helga Flatland og Pergamentet av Gert Nygårdshaug.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det vert mykje og variert lesing denne helga. Har akkurat lest ferdig Som steinen skinner av Britt Karin Larsen, bok nummer tre i serien hennar om skogfinnane. Har såvidt starta på ei novellesamling av nobelprisvinnar Alice Munro, Utsikten fra Castle Rock. "På øyret" har eg Helge Winther-Larsen som les Pergamentet, den nyaste til Gert Nygårdshaug. Har dessutan såvidt bladd litt i KonspiraNorge av John Færseth. Dette er ei viktig bok no som nettet vert overfløymd av ville konspirasjonsteoriar, og eg ser verkeleg fram til å lesa denne. Til slutt må nemnast at Hevneren av Jan-Erik Fjell ligg og ventar på nattbordet mitt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Desse bøkene har gjort størst inntrykk:
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake av Helga Flatland
Fjellgraven av Hjorth og Rosenfeldt
og sist men ikkje minst
Vi ses i morgen av Tore Renberg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det vokser et tre i Mostamägg av Britt Karin Larsen. Veldig fin bok, 187 sider.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Før jeg brenner ned er ei forteljing om to unge menn som strevar med å finna "meininga med livet". Pyromanen og forteljaren sine historiar kryssar kvarandre på fleire plan. Begge er som barn snille, ordentlege og flinke. Kva er det som gjer at den eine av dei "tippar over"?

Eg skulle gjerne ha likt denne boka. Eg skjønnar at Heivoll er ein dyktig forfattar, at språket hans er presist, og at historia kan vera interessant, - men ho passa ikkje for meg. Eg fann ho verken rystande eller gripande, berre irriterande trist.
Før jeg brenner ned sette meg i dårleg stemning. Boka liknar på ein thriller, men finst ikkje spennande.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er debutboka til Helge Thime-Iversen, men det skulle ein nesten ikkje tru. Språk og skrivestil er rett nok tidvis litt haltande og karakterane er noko "uferdige" - men boka har eit originalt plott og er både lesverdig og spennande. Det vert interessant å følgja forfattaren - og hovudpersonen Njaal Natland - vidare.
Boka X er litt lang, men har korte kapittel og er lettlest. Eg føler at forfattaren får litt problem når han skal nøste opp i alle trådane på slutten. Eg får ikkje alt til å gå opp, - til å henge på greip, på ein måte, - men eg ser på X som ei grei og lovande krimbok.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har nettopp starta på Fjellgraven av Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt. Sistnemnde er kanskje mest kjend som skapar av den dansk/svenske TV-serien Broen. Fjellgraven er den tredje boka i serien om kriminalpsykologen Sebastian Bergman, og eg har store forventningar til denne.

Som vanleg har eg ei lydbok i tillegg: No lyttar eg til den nyaste boka til Tore Renberg, Vi ses i morgen. Det er forfattaren sjølv som les.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette har vore diskutert her fleire gonger tidlegare. Eg skjønnar ikkje kva som er problematisk med å klikke på ein lenke og lese omtalen på ein bokblogg. Når eg vil lese om ei bok, brukar eg heile internettet, ikkje berre bokelskere.no. På same måte som når eg vil lese om ein film, og søkjer informasjon fleire stader.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har ikkje så god kjemi med William Wisting og er ikkje særleg imponert over Hulemannen.
Utgangspunktet i historia er snedig og fantasifull, men eg tykkjer ikkje Horst gjer nok ut av krimforteljinga. Mønsteret kjenner me att frå tidlegare Wisting-bøker: Pappa Wisting som etterforskar eit brotsverk og nysgjerrig journalistdotter som nærmar seg den same saka frå eit anna utgangspunkt. Det vert farleg for dotter, pappa'n reddar henne.

Hulemannen er lettlest, har eit bedageleg tempo og er godt komponert. Men ikkje ein einaste gong følte eg at pulsen steig medan eg las denne boka. Det er rett nok tilløp til litt spenning på slutten, men på langt nær nok. For eg er kresen og vil gjerne ha litt ekstra når eg les krim, i alle fall ei krimbok frå ein så kjend og anerkjend forfattar som Jørn Lier Horst. Han er uhyre dyktig og har levert ei solid krimhistorie som heng saman, full av etterforskingsdetaljar og autensitet. Men eg vert ikkje sjokkert av og er ikkje interessert i detaljerte skildringar av rotne og oppløyste lik, eg vil heller bli utfordra reint litterært. Eg ønskjer meg eit meir innvikla plott og ein meir spennande forteljarmåte.

Lydboka er godt opplest av Ivar Nergaard.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sidan dette skulle vera ein kriminalroman, forventa eg litt spenning - noko eg ikkje fekk. For sjølv om ei krimbok har ein langsam og dvelande i stil, bør ho vera fengande og spennande for lesaren. Eg tykkjer Konrad Sejer er ein lite spennande hovudperson, - han er så skikkeleg (og stakkarsleg, på ein måte) så han vert kjedeleg. Det same kan ein sei om kollega Skarre - han er ein person utan karakter. Eg føler at eg vert betre kjend med den nye hunden til Sejer, Frank. Og nettopp Frank kjem til å spela ei viss rolle i oppklaringa av saka. Ei oppklaring og ei løysing som eg tykkjer er ganske søkt og lite truverdig.

Karin Fossum brukar eit enkelt og presist språk, utan jåleri, og har vakre skildringar av stemningar og kjensler. Carmen Zita og døden er ei bok med ei trist stemning og eit sørgeleg tema. Ikkje på høgde med dei beste frå Fossum, men heller ikkje dårleg.
Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har hatt ei ut-av-meg-sjølv-oppleving medan eg har lest denne boka. Ei svært positiv leseoppleving - men eg skjønnar ikkje heilt kvifor. Lesaren vert dregen inn i noko magisk og mystisk og boka inneheld elles mykje rart. Her er spenning, humor, kvardagslege detaljar, absurde situasjonar, metaforar, symbol, erotikk, kjærleik og venskap. Skildringa av venskapet mellom Nakata og Hoshima og mellom Kafka og Oshima er veldig fine. Boka byr på mange gode og morosame dialogar. Mykje av det som vert fortalt er "verkeleg" og andre hendingar er draumar og fantasiar - eller finn stad i ei slags alternativ verkelegheit. Det er vel dette som kan kallast "Murakami sitt univers". Alt vert fortalt i eit heller langsamt tempo - og med mengder av digresjonar.
Kafka på stranden kan sikkert analyserast i det uendelege og tolkast på tallause måtar. Sjølv er eg for mykje av ein realist til verkeleg å forstå heile historia og endar opp med å gje boka terningkast 5.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei beste leseopplevingane mine i september var

Desse var veldig bra, kvar på sin måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er ein klassisk og stemningsfull, men litt stilleståande krimroman. Boka egnar seg ikkje for dei som ikkje kjenner til serien om Lynley og Havers frå før. Du bør ha ein viss bakgrunnskunnskap og kjennskap til gjennomgangsfigurane i serien for å ha utbytte av Denne dødens kropp.

Dette er ikkje ei bok du rasar gjennom. Elizabeth George byr som vanleg på heile pakka: Eit par mord, eit svært stort persongalleri, fleire perspektiv, psykologi og sosialt engasjement, geografiske og historiske forhold og grundige skildringar av eit møysommeleg politi-/etterforskingsarbeid. Handlinga sneglar seg avgarde - puslespelbit for puslespelbit - og det vert sanneleg både intenst og spennande - etter kvart. Innimellom får lesaren også glimt frå ein psykolograpport om tre barn som har drept eit barn og som tilsynelatande ikkje har noko med dei øvrige handlingane å gjera. Men som lesaren skjønnar: Denne delen er vesentleg. Viktig for handlinga, samanhengen og oppklaringa.

Denne dødens kropp er velkomponert, fengande og lesverdig. Ho har gode skildringar og ei puslespelaktig handling. Eg likte i grunnen boka veldig godt, - ein tjukk kriminalroman som ein verkeleg kan synke ned i godstolen saman med er berre herleg, - men det er særleg to ting som trekker ned i mi vurdering:
For det fyrste: Boka er altfor lang, altfor omstendeleg og detaljert. Eg likar godt at ei bok kan ha fleire forteljarstemmer, mange ulike perspektiv og ei omfattande handling, men vel 800 sider er i overkant. Det går rett og slett for sakte.
For det andre: Språket, oversetjinga og korrekturlesinga. I store deler av boka flyt språket rett nok greitt, men eg har funne setningar som har vore heilt ubegripelege, - og det tyder på dårleg oversetjararbeid. Det finst også fleire skriveleifar og rettskrivingsfeil.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Amanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie