Tao viser til Åndsverkloven lenger nede i tråden: Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. der det heiter at "Når det ikke skjer i ervervsøyemed, kan enkelte eksemplar av et offentliggjort verk fremstilles til privat bruk." Det er altså lov å rippe lydbøker frå biblioteket til eige bruk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mørke rom er ei bok full av dyster stemning, tragiske hendingar og mørke sinn.

Libby Day er forteljarstemme og hovudperson i boka. Som 7-åring var Libby vitne og einaste overlevande i ein dramatisk familietragedie. Mor og to søstre vart myrda i noko som såg ut som satanistisk motiverte drap. Libby sjølv klarar å rømme frå gjerningspersonen. Seinare vitnar ho i retten mot sin eigen bror Ben, den gongen 15 år gammal.

Tjuefem år etter er Libby blakk, einsam og forsatt prega av hendingane frå den gongen, både psykisk og fysisk. Ho møter ei gruppe kalla "Kill Club" som meiner broren er uskuldig dømd. Omsider prøver Libby no å finna ut meir om kva som verkeleg skjedde den gongen familien hennar vart myrda. Finst det andre vitne? Andre mistenkte? Kva var det ho sjølv såg og høyrde den skrekkelege natta?

Dette er ein veldig god thriller med interessante og spesielle karakterar, - og med ei svært gripande og overraskande avslutning.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg lyttar framleis til 1Q84 bok 3, - det tek si tid; 18 timar 14 minuttar for å vera heilt nøyaktig, - og ein kan ikkje berre gå omkring i si eiga Murakami-verd heller...
I tillegg les eg andre del i Eriksson & Sundquist sin trilogi Victoria Bergmanns svakhet; Hungerilden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette stemmer ikkje. Det er fullt lovleg å kopiere lydbøker ein låner på biblioteket.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har installert meg i godstolen med den same boka, men på norsk, - altså Mørke rom. I tillegg lyttar eg til 1Q84 bok 3, samt at eg har den erotiske novellesamlinga Sukker i skålen liggjande.

God helg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

“Å gjøre slutt på livet var eneste vei ut av 1Q84. Til gjengjeld ville Tengo redde livet. I det minste var det hva Lederen hadde lovet. Han hadde gitt henne sitt ord i bytte mot døden.
Aomame syntes ikke det var så trist å skulle dø. Det hadde vært bestemt siden hun ble dratt inn i 1Q84. Jeg følger en allerede uttenkt plan, tenkte hun. Og var det egentlig noen vits i å leve mutters alene i denne ulogiske verdenen med to måner – en stor og en liten – hvor menneskenes skjebne ble styrt av noe kalt little people?”

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den beste boka i april månad var utan tvil Sandmannen av "Lars Kepler". Ei strålande og grøssande bok, uhyggeleg godt komponert og med ekstremt høg "sidevendarfaktor".
Frå fyrste side er spenninga der, og det er umuleg å slappa av før siste side er lest. Slutten er høgdramatisk og langvarig; lesaren trur at løysinga er nært foreståande, - men så kjem forfattarane med nye overraskingar, - og handlinga får ein ny vri.
Terningkast 6.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En usynlig er ei langsam og lågmælt bok. Sidetalet (571) kan virka avskrekkande, men boka er svært lettlest - med korte kapittel og mykje "luft".

Ljunghill har lukkast med å skapa ei annleis krimbok, men mykje kan ein likevel kjenna att frå den klassiske kriminallitteraturen: Den mørke og dystre stemninga, det tidkrevjande og detaljerte etterforskingsarbeidet, den smarte mordaren som ligg eit steg framfor politiet og den hardtarbeidande og einsame etterforskaren som aldri gir opp.

Eg likte boka ganske godt. Medan eg las tykte eg at handlinga gjekk for tregt, men i ettertid ser eg at det nettopp er det omstendelege og ettertenksame som gjer boka så lesverdig.
Konklusjon: Ein sterk firar.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sikkert midt i blinken for deg, ja!
God helg :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Døden to ganger av Chelsea Cain som lydbok. Fascinerande og elegant om tortur, blod og gørr, Anne Ryg er ein behageleg opplesar til alt det grøssande ekle.

Har dessutan starta så vidt på En usynlig av Pontus Ljunghill. Langsam historisk krim, - veldig bra så langt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ut frå boksamlinga di her, har du ingen bøker av Håkan Nesser. Anbefalar varmt bøkene hans, både Van Veeteren-serien, Barbarotti-serien og dei frittståande bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette diktet er henta frå bloggen «Sykkeldikt og pedalpoesi» og heiter

Innlegg i debatten om sykemeldinger

Krank
Krankere
Krankest

Nav
Navere
Navest

Syk
Syklere
Syklest

Ikke gi mannen en stav
Når den brekker
Ikke gi pasienten en sykemelding
Når han knekker
Gi ham en sykkel med gir
Slik at han morgenmøtet rekker!

- Andrew 'Bike for Peace' Kroglund

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er fredag og på tide med eit par tulledikt. God helg! :-)

Violets are blue
As blue as the sky
I'm not a schizophrenic
And neither am I.

Roses are red
Violets are blue
Some poems rhyme
And some don't.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Agnes er flyvertinne, 32 år og dumpa av kjæresten etter eit langt forhold. Knust av kjærleikssorg flyttar ho mellombels til ein leilegheit som far hennar eig. Ho ligg i senga, ser på TV, er deprimert og føler at livet er utan meining. Og det er stort sett kva det handlar om i boka, irriterande nok. Dei beste partia i boka er når forfattaren let Agnes sjå attende på opplevingane i barne- og ungdomstida si. Kan hende er det ikkje så rart at Agnes er blitt den ho er blitt?

Agnes i senga er ei morosam bok, har eg lese i fleire omtalar. Eg ristar berre litt oppgitt på hovudet. Ei vaksen kvinne som oppfører seg som ein 14-åring er patetisk. Eg kjende eg vart irritert av å lesa om den sjølvopptekne og barnslege Agnes-karakteren som legg seg i senga og sørgar over den tåpelege eks-kjæresten sin. Boka hadde vore meir interessant om me òg kunne fått sett Agnes og hennar liv frå ein annan person sin synsvinkel. Heldigvis tyder slutten av boka på at Agnes byrjar å bli klar for Eit liv utanfor senga.

Heidi Linde skriv lett; språkflyt og dialogar er fine. Ho prøver å vera småironisk og humoristisk og ser med skråblikk på den situasjonen Agnes er i. Men historia vert for tynn og dum. Det beste eg kan sei om boka er at ho òg er ganske tynn.

Heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lese Sandmannen av Lars Kepler og er andpusten. Må avreagera med ei grei enkel bok. Det vert Agnes i senga av Heidi Linde.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er gledeleg å sjå at nynorsk vert nytta innan krimsjangeren. Nynorsk kan faktisk brukast til det meste, - ikkje berre poesi og høgprosa.

Forfattarane skriv lett og greitt, og er gode på miljøskildringane. Når det gjeld person-skildringane derimot, har forfattarane ein del å gå på. Her er ingen djupe psykologiske analysar, - og det kan heller ikkje forventast. Men personane er for enkle og trauste, nesten karikerte, samstundes som persongalleriet er lite oversiktleg.

For røynde krimlesarar er nok boka for enkel og for langsam. Handlinga manglar ein del driv og spenninga er berre tidvis til stades. Likevel vil eg anbefala boka om du er ute etter ei lettlest og grei krimbok.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stolpesnø er ein krimroman med strek under roman. Eg vart positivt overraska over denne boka, som er Marit Reiersgård sin debut som krim- og vaksenbokforfatter. Tidlegare har ho gitt ut to barne- og ungdomsbøker.

Boka er spennande og velskriven, stillferdig og langsam.

Fem år gamle Oda vert sporlaust vekke medan ho leikar rett utanfor heimen. På ein annan stad i bygda finn unge Raimo ei kvinne valdteken og drepen. Etterforskarduoen Bitte Røed og Verner Jacobsen prøver å finna ut av kva som har skjedd. Det viser seg at i eit heilt kvardagsleg lokalsamfunn med heilt vanlege menneske, finst det fleire som har noko å skjula. Kvifor har ingen sett noko? Kva er det som ikkje blir sagt? Kva er det som skjular seg i snøføyka og vinterkulden?

Snøen lavar ned frå fyrste til siste side i boka. Dette er stemningsfullt, - snøen lagar eit ekstra trist og dystert teppe over hendingane som vert fortalde. Forfattaren har gode og truverdige person- og miljøskildringar, spesielt skildrar ho godt mor til Oda si redsel og fortviling.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Boka er alle tiders; spennande, nervepirrande og eksotisk. Her er villmark, barske jegrar, hundar, bjørnar og ulvar.

Skildringane frå gruvesamfunnet i Kiruna og dei harde kåra menneska hadde der for 100 år sidan, gjer boka ekstra leseverdig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I palmehelga skal eg lesa Et offer til Molok av Åsa Larsson, - den har eg gleda meg til lenge. Lyttar til Trond Peter Stamsø Munch som les Borte av Mo Hayder.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Assad serverer stadig parfyrmert te og kamelhistoriar. Rose er like fandenivoldsk som tidlegare. Carl Mørck er sarkastisk, ironisk og hissig som før, men me får òg oppleva ei anna og svakare side av han. Femte bok i serien om Avdeling Q gir oss eit gledeleg gjensyn med den pussige vesle politiavdelinga som held til i kjellaren under Politigården i København.
Men fyrst og fremst handlar Marco-effekten om Marco. Den statslause og papirlause Marco. Den intelligente og snarrådige Marco. Den einsame og venelause Marco.
Marco sin lagnad er rystande lesing og gjer eit djupt inntrykk, - men ein kan kanskje innvenda at Marco er for god til å vera sann, for reflektert og moden til å vera 15 år - og dermed ein for lite truverdig person.
Marco-effekten er litt for lang, men likevel lettlest. Det er egentleg eit must å lesa bøkene i kronologisk rekkefølge, elles får ein ikkje med seg samanhengen og dei raude trådane.
Eg hadde store forventningar til boka. Det er difor gledeleg å få stadfesta at Jussi har levert varene denne gongen også.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvaBeathe SolbergmgeBertyJulie StensethKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth Svee