Dette er rein underhaldningskrim - ei herleg forteljing av "den ville og gale" sorten - langt frå dei realistiske politikrimromanane som krimbok-marknaden er (over)fylt av for tida.

Eg vil hevda at Casanovasyndromet er ei av dei mest underhaldande bøkene eg har lest - nokon gong. Anbefalast alle som har sans for spenning, komiske situasjonar og spekulative brotsverk. Her får lesaren servert bestialske drap og groteske torturmetodar, moderne og utspekulert teknologi, men òg rikeleg med humor, spenning og opplevingar.

Og obs! Øystein Wiik sine bøker bør høyrast - lydbøkene lest av forfattaren sjølv gir ei fantastisk leseoppleving.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg les tre bøker denne helga. "Hovudboka" er Denne dødens kropp av Elizabeth George som papirbok, - ein murstein på over 800 sider og som eg likar veldig godt så langt. Lydboka mi for tida er Casanovasyndromet av Øystein Wiik, lest av forfattaren sjølv. Topp underhaldningskrim. I tillegg har eg Arven av Katherine Webb som ebok - men denne slit eg med. Eg kjem truleg til å fullføra boka, men eg tykkjer ho er litt kjedeleg, med dårleg framdrift og usamanhengande innhald.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det skjer absolutt ingenting i Kumla. Ikkje før sommaren 1967, som handlinga i boka er lagt til. Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla er ei fengslande og fornøyeleg bok, full av humor og ironi. Og eit øksemord.

Nesser skildrar både miljø og karakterar med varme, ømheit og humor. Han gir eit sorgmuntert og sjarmerande tidsbilete av korleis det var å vera ungdom og å verta vaksen i ein liten svensk by på 1960-talet. Lesaren får òg ei ganske så spennande krimhistorie med ein overraskande slutt.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mannen som heiter Ove er 59 år, køyrer Saab og ser med mistru på alle som har andre biltypar - japanske, franske og tyske. Særleg Audi, sjølvsagt. Han har velfylt verktøykasse og er hysterisk oppteken av orden og rutinar. Han er sur og sær, - langsint, snarsint og furten - ein Narvestad-type som sjekkar alt alltid og passar på at alle reglar vert haldne. Han har mange naboar i burettslaget der han bur, men ingen vener. Ingen barn. Ikkje har han jobb lenger heller, han er "rasjonalisert vekk" - og kona Sonja er nyleg død, - så Ove tenkjer at det er like greitt å avslutta det heile.

Han har altså bestemt seg for at han skal ta livet av seg, men det viser seg at det er vanskeleg å få til - han vert stadig "forstyrra". Han får ikkje fred for dei nyinnflytta naboane; ein koloss av ein klossete mann som ikkje kan rygge med tilhengar og kona hans som er høggravid og utlending. Dessutan dukkar det opp ein skamfert katt, eit blondt mehe med ein hund liknar på ein beksømstøvel...og mange fleire. Alle saman legg dei beslag på Ove si tid og planane hans.

Det er sjølvsagt ein grunn til at Ove er blitt som han er blitt, og etter kvart som forfattaren avslører fortida hans, blir ein meir og meir glad i hovudpersonen. Under det harde, usympatiske og uforsonlege skalet sitt er Ove både sjarmerande og snill. Egentleg.

En mann ved navn Ove er ei lett, tragikomisk og underhaldande kosebok. Det er ikkje noko overraskande at ein person som ser gretten og avvisande ut, viser seg å vera grei og hyggeleg når ein blir kjend med vedkommande, - så eg vil hevda at verken historia eller handlinga er spesielt original, men som sagt: Ei søt og vittig bok.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kurt Wallander er ein krimhelt eg er veldig glad i og eg tykkjer Henning Mankell er ein eminent forteljar.
Hånden er eit triveleg og uventa gjensyn med Wallander, - og passar nok best for alle dei som har lest heile serien (10 bøker) tidlegare. Lydboka er på kun omlag tre timar og eg høyrde heile boka samanhengande medan eg gjekk tur ein kveld.
I denne korte romanen (som er meir som ei lang novelle) snublar Wallander bokstaveleg tala over ei sak. Han snublar i noko han trur er ei rot eller ei gammal rive, men det viser seg å vera skjelettet av ei hand. Liket har vore nedgravd lenge, truleg i fleire tiår - og etter ei stund finn etterforskarane enno eit lik. Kven var desse menneska? Kvifor har ingen meldt dei sakna? Det vert ei vanskeleg oppgåve for Wallander og kollegaene hans når dei lyt grava i fortida for å finna svar på mysteriet.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ein underhaldningsroman som samstundes handlar om alvorlege, motbydelege og triste ting. Handlinga er lagt til Kirót Avenue - Smertens Aveny - i Angeles City, Filippinene.

Språket i boka kler handlinga; røft og tøft. Tidvis, i action-scenene, brukar forfattaren korthogne setningar, medan det vert brukt lange utbroderande setningar når han skildrar ulike miljø og omgjevnader. Dette driv handlinga framover, men i eit skiftande tempo.

Sørensen viser i denne boka at problema med menneskehandel og prostitusjon er samansett og at det neppe kan løysast med lover, reglar og forbod. Fattigdom og korrupsjon er rota til mykje av elendigheita og tragediane. Forfattaren er busett på Filippinene og har god kjennskap til samfunnet der, på godt og vondt. Miljøskildringane er glimrande, - det same er personskildringane. Karakterane og miljøet rundt vert så tydelege at dei vert nesten filmatiske: Lesaren føler gatelivet; me høyrer støyen og musikken og kjenner varmen og stanken.

Boka ber altså preg av autensitet og truverdigheit. Ein skulle jo gjerne ønska at alt det motbydelege som det vert fortalt om i Smertens Aveny (trafficking, prostitusjon, korrupsjon og fyrst og fremst: fattigdom) ikkje var sant, - men dessverre er det all grunn til å tru at det faktisk er slik. Dette innblikket i all jævelskapen gjer Smertens Aveny til noko meir enn ei krimbok.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Av dei 11 bøkene eg las i august må eg trekka fram desse:
Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla av Håkan Nesser - ei underfundig og spennande bok, full av "Nessersk" visdom og humor.
Smertens Aveny av Roar Sørensen er ei bok som gjorde inntrykk. Hardkokt og barsk krim med handling frå Filippinene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei fire bøkene er sjølvstendige og kan lesast kvar for seg, men eg vil absolutt rå til å lesa dei kronologisk, dvs. 1. Hypnotisøren, 2. Paganinikontrakten, 3. Ildvitnet og 4. Sandmannen. Sideplottet i alle bøkene, det som gjeld Joona Linna og fortida hans, får du ikkje heilt med deg om du ikkje føl rekkefølga.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ultrareality

Velkommen til ultrareality
Til den glaserte og polerte
pengelokkende livsfjerne
uvirkelighetsdrømmen
som jager over TV der
mennesker bretter sine
liv ut som en sosialpornografi
jukker, knuller og krangler
der intrigene er konstruerte
og gjennomproduserte
for massenes sløvede
moralkritiske veikart

Vi har hva dere vil ha
Vi har hva dere trenger
av latter,tårer og snørr
falsk blod og gørr
og narkotisk selvtilfredstillelse
så plugg deg inn i boksen
med øl og popcorn
sleng deg ned i sofaen
Dop deg ned for resten av livet
På unreality-tvshows.

- BeatPoet

http://dikt.org/Ultrareality

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den beste i juli var Mengele Zoo - Gert Nygårdshaug. Skjønnar ikkje kvifor eg ikkje har lese den før..!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Tore Renberg - Kompani Orheim. Den beste oppvekstromanen eg har lest. Lydboka er fabelaktig godt innlest av Yngve Berven. Ei stor leseoppleving.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les Inferno av Dan Brown. Reknar med det er ein heil del andre folk som gjer det same..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Wish you were here

So, so you think you can tell Heaven from Hell,
blue skies from pain.
Can you tell a green field from a cold steel rail?
A smile from a veil?
Do you think you can tell?

And did they get you to trade your heroes for ghosts?
Hot ashes for trees?
Hot air for a cool breeze?
Cold comfort for change?
And did you exchange a walk on part in the war for a lead role in a cage?

How I wish, how I wish you were here.
We're just two lost souls swimming in a fish bowl, year after year,
Running over the same old ground.
What have you found? The same old fears.
Wish you were here.

- Roger Waters

http://www.youtube.com/watch?v=3j8mr-gcgoI

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Forumet på bokelskere.no er vel ope for alle? Me treng ikkje "reglar" for kva som passar og ikkje passar på forumet. Her bør alle få skriva det han eller ho meiner, på den måten som passar best for den enkelte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den siste gode mann er ei fengande, tankevekkjande og underhaldande bok, der forfattarane snur fullstendig opp/ned på kriminalsjangeren ved at det vert jakta på det gode i staden for det onde. Fyrste del av boka var forvirrande med veldig, veldig! mange lause trådar. Dernest vert det meir oppklarande og actionfylt, og mot slutten skifter boka stil og vert meir langsam – men spenningen er tilstades heilt til siste scene.

Les heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ikkje enig. Dersom ein bokbloggar har skrive ein gundig omtale på bloggen sin, er det naturleg å lenke til denne her på bokelskere.no. Eit alternativ er å skriva eit lite utdrag på dette forumet og deretter lenke vidare. Eg kan ikkje fatta at eit ekstra klikk er noko problem.

For meg som har bokblogg, er det naturleg at hovudaktiviteten (bokomtalar og anna bokrelatert stoff) føregår på bloggen min. Aktiviteten på bokelskere.no er for meg ein bi-aktivitet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ein "skikkeleg" romanspion (tenk på James Bond) skal vera litt for god, litt for pen og litt for smart til å vera sann. Peter Wessel er òg ein slik figur, men han har noko alvorleg, melankolsk og tenksamt ved seg i tillegg.
Språket i En norsk spion flyt lett trass i at handlinga er noko kompleks. Boka kan oppfattast som "macho" og full av testosteron, som om ho fyrst og fremst skriven for menn, med alle dei militære omgrepa og detaljerte skildringane av våpen og militært utstyr. Samstundes er boka "feminin" på den måten at ho er så full av kjensler; venskap, kjærleik, sorg, skuldkjensle, moral, forvirring, fortviling.
Miljø-, natur- og kulturskildringane er levande og er prega av at forfattaren er kunnskapsrik og har brukt mykje tid på research. Boka er både underhaldande, tankevekkjande og opplysande, - den einaste innvendinga eg har er at det kanskje vert for flinkt, for belærande, for ambisiøst. Kan hende hadde boka vore enno betre med litt stripping; om noko av dei mange detaljane hadde vore kutta ut.

Hendingane og personane i boka virkar å vera truverdige og stilen er tidvis dokumentarisk. Spenningsnivået er stigande utover i boka - akkurat slik som ein spionroman skal vera.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei tre unge mennene Tarjei, Trygve og Kristian kjem frå den same bygda og vervar seg samstundes til teneste i Afghanistan. Ingen av dei kjem tilbake i live.

Boka fortel historia til dei tre som vert rivne vekk, om familiane deira og om heimbygda deira. Om oppvekst og kvardagsliv. Om samkjensle, venskap og kjærleik. Om håp og forventningar. Om sorg, tap og frustrasjonar. Alt vert fortalt gjennom fire ulike forteljarstemmer; Tarjei, Jon Olav (nabo), Karin (mor til Tarjei) og Trygve. Vekslinga mellom personane er fin, og forfattaren brukar både bokmål og nynorsk for å streka under dei ulike synsvinklane.

Eg likte veldig godt lydbokversjonen. Det fungerer supert med fire ulike opplesarar for dei forskjellige forteljar-stemmene.

Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei lita perle av ei bok og anbefalast på det varmaste. Dette er terningkast fem pluss!

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nok ein gong har Jo Nesbø levert varene; ein fantastisk spennande kriminalroman der dei ulike historiane vert vikla saman - og nøsta opp - på ein smidig og snedig måte.

Eg har prøvd å lesa så sakte som muleg, fordi eg så gjerne ville nyta leseopplevinga, - men Nesbø skriv på ein slik måte at bøkene hans må slukast. Sidevendarfaktoren er nemleg ekstemt høg. Politi har vore med meg overalt. Eg har hatt ho med på jobb slik at eg kunne lesa i lunsjpausen og på bussen til og frå jobb. Ho har vore med meg til sengs, på terrassen, på do, ved kjøkkendisken og i hagen. Når ei bok er så fengslande og fengande at du tek ho med deg overalt og nesten ikkje kan halda ut betyr det full score; terningkast seks.

Handlingane i Politi startar omlag der Gjenferd sluttar, og tek opp att trådane frå den boka. Så om du ikkje har lese absolutt alle Harry Hole-bøkene tidlegare, bør du i alle fall ha lese den føregåande, - rett og slett for å forstå meir av innhaldet.

Innan sjangeren politikrim/spenning er det få, kanskje ingen, som kan måla seg med Jo Nesbø. Dersom du berre skal lesa ei krimbok i sommar; les Politi. Den er perfekt.

Les heile omtalen (som ikkje er heilt spoilerfri) på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Beklagar sein respons her. Eg vil tru det same gjeld for DVD-filmar, ja, - jfr. Åndsverkloven. Men eg er slett ikkje sikker, eg er langt frå nokon jurist..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Helge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarte