Dette er ein klassisk og stemningsfull, men litt stilleståande krimroman. Boka egnar seg ikkje for dei som ikkje kjenner til serien om Lynley og Havers frå før. Du bør ha ein viss bakgrunnskunnskap og kjennskap til gjennomgangsfigurane i serien for å ha utbytte av Denne dødens kropp.

Dette er ikkje ei bok du rasar gjennom. Elizabeth George byr som vanleg på heile pakka: Eit par mord, eit svært stort persongalleri, fleire perspektiv, psykologi og sosialt engasjement, geografiske og historiske forhold og grundige skildringar av eit møysommeleg politi-/etterforskingsarbeid. Handlinga sneglar seg avgarde - puslespelbit for puslespelbit - og det vert sanneleg både intenst og spennande - etter kvart. Innimellom får lesaren også glimt frå ein psykolograpport om tre barn som har drept eit barn og som tilsynelatande ikkje har noko med dei øvrige handlingane å gjera. Men som lesaren skjønnar: Denne delen er vesentleg. Viktig for handlinga, samanhengen og oppklaringa.

Denne dødens kropp er velkomponert, fengande og lesverdig. Ho har gode skildringar og ei puslespelaktig handling. Eg likte i grunnen boka veldig godt, - ein tjukk kriminalroman som ein verkeleg kan synke ned i godstolen saman med er berre herleg, - men det er særleg to ting som trekker ned i mi vurdering:
For det fyrste: Boka er altfor lang, altfor omstendeleg og detaljert. Eg likar godt at ei bok kan ha fleire forteljarstemmer, mange ulike perspektiv og ei omfattande handling, men vel 800 sider er i overkant. Det går rett og slett for sakte.
For det andre: Språket, oversetjinga og korrekturlesinga. I store deler av boka flyt språket rett nok greitt, men eg har funne setningar som har vore heilt ubegripelege, - og det tyder på dårleg oversetjararbeid. Det finst også fleire skriveleifar og rettskrivingsfeil.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Når det kjem til rettskrivinga så er eg faktisk litt overraska over at det går an å skrive ordet FIOLONIST opptil fleire gongar! Eg la merke til det tre gonger på ganske kort tid, og har sikkert gått glipp av fleire, då eg har ein tendes til å skumlese litt inn i mellom...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonHilde Merete Gjessing