Eg sa i mitt innlegg at eg uttalte meg på grunnlag av tidlegare kjende utspel frå Storhaug og ikkje på grunnlag av boka Islam - den 11. landeplage. At eg siterte baksideteksten var for å syna at eg veit kva det handlar om.

Ja, eg har lest Rolness sitt forvirrande og noko kvalmande forsvar for Storhaug som du lenkar til. Eg har også lest bokomtalen i Morgenbladet – og der blir boka slakta.

Og ærleg talt, Norah: Når du forsvarar Hege Storhaug sine synspunkt og strør om deg her på Bokelskere.no med utvalde sitat frå innvandrings- og islamfientlege bøker og nettstader er du med på å spre frykt, sinne, intoleranse og fordommar. Då må du finne deg i at nokon tek til motmæle, også frå oss som ikkje kan tenkja oss å lesa denne boka.

Du (og Storhaug) formidlar eit skrekkbilete som består av at skjeggete unge sinte menn veltar inn over Europa, klare til å terrorisere ”oss” ved å innføre sharialover, slik at dei kan ta til å terrorisere, halshogge og voldta kvinner og barn.

Har du inga forståing for den pågåande flyktningekrisa?
Har du inga medkjensle for menneske som i djup fortviling flyktar frå krig og terror?
Har du høyrt om nestekjærleik og solidaritet?

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Eg les framleis i Kaldere mot natten - som forrige helg, som lydbok har eg krimnoveller av Unni Lindell; Min mor har en saks i ryggen og i tillegg les eg sakprosa; Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider av Morten Strøksnes.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Desse bøkene har fått toppkarakter av meg dette året:

Mors og fars historie og
Bror din på prærien av Edvard Hoem
Himmelblomsttreet av Gert Nygårdshaug
Slik treet faller av Britt Karin Larsen
Stormenes tid av Ken Follett

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg prøvde lenge å ikkje blanda meg borti denne diskusjonen, men eg klarar ikkje å halda meg unna lenger. Her kjem det nemleg fram skremmande haldningar - pakka inn i ulne og liksom-velformulerte vendingar. Eg føler trang til å seia frå om at dette er haldningar eg tek sterk avstand frå.

Baksideteksten på boka lyder slik:

"Høsten 2015 opplever Norge og Europa en dramatisk høy folkevandring fra islamske land i Midtøsten, Afrika og Asia.
Vår frihetsorienterte kultur er allerede under stadig sterkere press fra islam. Islam er i kamp med kvinner, jøder, homofile, frihetsorienterte muslimer og enhver som ikke underkaster seg dens doktriner.
Folk er med rette bekymret for fremtiden, mens vårt politiske lederskap både tier og lyver om islams motstand mot frihet.
I denne engasjerende boken er Hege Storhaugs budskap at Norge og Europa nå beveger seg inn i en ukultivert og udemokratisk tidsepoke. For å bevare vår livsform trenger vi at folket tar til motmæle og bruker det Arnulf Øverland kalte Den første menneskeretten: Ytringsfriheten.
Hege Storhaug er folkets utrettelige røst mot godhetsfeberen i politikken, akademia og mediene."

For meg er dette meir enn nok. Eg skjønnar utruleg godt kva Storhaug meiner, utan å lesa heile denne boka. Eg har følgd såpass med og lest mykje anna av det ho har skrive - så eg eg veit kva ho står for - og ja, det er i høgste grad negativt. Ho blir meir og meir ekstrem. Ho fyrer stadig opp under den skepsisisen og uroa som alt finst i det norske samfunnet - og dermed; meir frykt, meir splitting, meir framandfrykt, meir rasisme, meir intoleranse.
Storhaug og HRS hevdar at dei kjempar mot "godhetsfeberen", faktum er at ho/dei sprer hat og frykt med konspirasjonsteoriane sine.

I eit kommentarfelt der denne boka vert omtalt finn ein følgjande:

"Jeg håper at alle opplag blir utsolgt og at det ligger minst ett eksemplar under hvert eneste juletre i Norge i år. Europa går til grunne nå. 968 000 har så langt søkt asyl i Tyskland i år. Kanskje like mange til sammen i resten av Europa? Lovverket i Norge tilpasses Islam hele tiden. Merkel er kommunist. Hun har ingen nasjonal respekt eller ære. Hege er til de grader klarsynt realist. Politikerne i Norge er naive fjotter."

Slike tilhengarar er det Storhaug har. Feige rasistar som sprer oppgulp og løgner rundt omkring på nettet.

Sjølvsagt skal det drivast religionskritikk. Sjølvsagt finst det negative sider ved islam. Sjølvsagt veit eg at fundamentalisme er farleg - men det gjeld alle religionar, også kristendom. Sjølvsagt tek eg avstand frå terror og IS. Sjølvsagt er det ein mengde utfordringar med den auka asyl- og flyktningestraumen i dagens Europa.
Men eg nektar å vera med på å hylla Storhaug som ei "modig stemme" og ein "framsynt realist". Ho spelar på dei fordommane veldig mange har. Sjølv er eg meir redd for Storhaug og hennar meiningsfeller enn for islam.

Godt sagt! (20) Varsle Svar

Så fint! Eg trur du får mange fine lesestunder med desse bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les - så sakte eg kan, for eg vil gjerne at leseopplevinga skal vare lenge - Britt Karin Larsens siste bok i Finnskogserien; Kaldere mot natten.
Som lydbok har eg krimromanen Kistemakeren av Frode Granhus. Når den eg "ferdighøyrt" har eg neste lydbok klar: Dickens' En julefortelling.
Eg set pris på variasjon.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg elska også denne boka, og anbefalar sterkt andre bøker av Hoem, om du ikkje har lest dei: Slåttekar i himmelen, Jordmor på jorda, Mors og fars historie.

Kan elles anbefala Finnskog-serien og Tater-trilogien til Britt Karin Larsen. Ho skriv, i likskap med Hoem, gode, lærerike og gripande romanar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Litt ymse lesing denne helga: Det går i britisk krim; Blåmandag av forfattarparet som kallar seg Nicci French, ny norsk krim; Englefjær av Frode Eie Larsen - og dessutan ei anna Larsen; De som ser etter tegn, den fyrste i Tatertrilogien til Britt Karin Larsen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg driv med parallell-lesing som vanleg. Akkurat no les eg i tre ulike heilt nye bøker: Sommerfuglene i Armero av Jon Magnus; reiseskildring, dokumentar og sterke forteljingar - ei strålande bok!
Offline av Anne Holt, eit gledeleg gjensyn med Hanne Wilhelmsen.
Eg let meg også underhalda av Dumdum Boys - En vill en, Sindre Kartvedt sin biografi om bandet.

God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ei glimrande bok, etter mi meining - heilt til avslutninga.
Alt for mange lause trådar på slutten førte til at leseopplevinga dalte frå ein muleg 6'ar på terningen til ein grei 4'ar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I går kveld hadde eg besøk av mange utkledde ungar. Alle var velkomne og alle fekk godteri!

Eg har nettopp lest ut Vidar Sundstøls nyaste krimroman, Djevelens giftering. Den vart eg skuffa over. Eg hadde forventa noko meir og betre frå den kanten.

Ellers går det i ny nordisk seriekrim:
Jernblod, den avsluttande boka i Annika Bengtzon-serien til Liza Marklund og
Rekviem, svartmetall/opera-krim av Øystein Wiik. Sistnemnde som lydbok, opplest av forfattaren. Stor underhaldning!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har avslutta to bøker denne helga; Svart som ravnen av Ann Cleeves (krim med handling frå Shetland, på papir) og Et hardt slag av Jan Mehlum (bok #15 i serien om Tønsberg-advokat Svend Foyn, som lydbok).
Har starta opp lesing/lytting av to andre rykande ferske bøker: Haimennesket av Hans Olav Lahlum (K2 og Patricia #6, i ebok-format) og Vetle Lid Larssens Hvordan elske en far - og overleve på lyd.
I tillegg har eg enno ei bok som eg les i; Ragnar Kvam si forteljing om polarpionerane Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton; De fire store.

Ha ei fin leseveke!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ikkje enig. Verken i terningkastet eller i vurderinga av boka som ei «gravskjending».
Eg kan ikkje sjå at boka er moralsk forkasteleg eller opprørande på nokon måte, så lenge dei originale bøkene – og karakterane – vert behandla på ein respektfull måte. Noko som eg meiner Lagercrantz har gjort.
Eg meiner at Det som ikkje dreper oss er nesten like bra som originalane Menn som hater kvinner, Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes. Forfattaren har klart å "gjenskape" Salander og Blomkvist. Forfattaren har også tilegna seg det "larssonske" i skrivestil og stemning - på ein overbevisande måte. Plottet og intrigen er, som i dei føregåande Millenniumbøkene, nokså komplisert. Boka er ordrik, detaljrik, handlingsrik og perspektivrik. Det tek forholdsvis lang tid å få oversikt over alle aktørar og forholdet mellom dei. Fleire handlingstrådar og ganske mange karakterar skal presenterast og setjast inn i ein samanheng - så det krev at lesaren er tolmodig og konsentrert.
Eg ser fram til ei eventuell femte bok i Millennium-serien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les bok nummer fire i Jan Guillou sin eminente serie Det store århundret; Ikke ville se. I denne boka får me følgja dei tre brødrene Lauritzen og familiane deira vidare. Me er komne fram til året 1940 i denne boka.
Som attåtbok har eg ei krimbok med handling frå Shetland; Hvite netter av Ann Cleves.

God helg til alle - og spesielt til deg, Vibeke. Håpar leseformen kjem tilbake til deg snart.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har sjekka boksamlinga di - og fann at me har mange felles bøker og tildels lik lesesmak (Nesser, Mankell, Kepler, Adler-Olsen, Staalesen, Follett, Grisham m.fl.) - så eg kan anbefala at du sjekkar ut forfattarskapet til:
Britt Karin Larsen, Helga Flatland, Tore Renberg, Vidar Sundstøl, Gert Nygårdshaug, Edvard Hoem. Alle desse har gitt meg mange gode leseopplevingar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vel - det er ikkje sikkert du går glipp av så mykje... Eg las denne boka - etter mange sterke anbefalingar - og vart kjempeskuffa.
'Svøm med dem som drukner' har trege skildringar, karakterar utan truverdigheit og ei handling som ikkje heng skikkeleg saman. Fjorårets nest mest oppskrytte bok, etter mi meining.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Som sagt: du treng ikkje bruka desse teikna.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alt Gr +8 [ og Alt Gr +9 ], men ein treng egentleg ikkje å bruka desse teikna. Marker berre teksten som det skal lenkast til - klikk deretter på teiknet heilt til høgre i verktøylinja (globusen) og lim inn lenka i den nye boksen som då kjem opp.

(Red: Eg ser no at Anette forklarer det same, på ein annan måte, litt lenger nede i tråden)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne månaden var det Slik treet faller av Britt Karin Larsen som var den beste leseopplevinga, utan tvil. Bok nummer seks i Finnskogserien er spennande og underhaldande, gripande og lærerik.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende.
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Olav H. Hauge (1908 – 1994)

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Hilde VrangsagenMonica CarlsenNina M. Haugan FinnsonAndré NesseTillaHeidi Nicoline ErtnæsAud- HelenSynnøve H HoelAnne Berit GrønbechKarin BergMarie MAnne Lise JohannessenLasse SteinnesTorill Elisabeth RevheimTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreAndreas BurøtuhamreHelene FagerhusIdaMonaBLVannflaskeHilde H  HelsethbeaverkriekNils HMona AarebrotSivEli R. GjengstøLisbeth Kingsrud KvistenMartine DHilde SLinnAEDolly DuckJohn LarsenHegeEivind  VaksvikBenedikteAlice NordliBertymarithc