Kun nyhende og fotballkampar og enkelte andre sportssendingar. Dei fleste TV-seriane som er nemnde her i denne tråden har eg verken sett eller høyrt om.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga har eg kosa meg med Vi ses der oppe av Pierre Lemaitre - ei heilt fantastisk historie frå forfattaren av thrilleren Alex. På øyret har eg ei anna svært underhaldande bok; Den gjenfødte morderen av A. J. Kazinski,

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt innlegg, bra sak - og eg er veldig enig med deg. Rohde framstår som sutrete i sitt innlegg. Eg gav både Mørke hjerter og Bare et barn terningkast 3. På bloggen min har eg grunngjeve desse terningkasta (konklusjonane) slik:

Om Mørke hjerter
"Boka er uspennande, har dårleg framdrift og løysinga av sjølve krimgåta er lite truverdig. Karakterane er, med få unnatak, stereotype og eindimensjonale. Plottet er usamanhengande og usannsynleg. Den absolutt beste delen av boka er prologen."

Om Bare et barn
"Trass i eit aktuelt tema og ein dramatisk start på boka; dette vart ikkje særleg spennande. Hovudpersonen Wilma blir eg heller ikkje heilt klok på.
Altfor mange sider i boka vert brukte på møter, samtalar, vandring i korridorar, krangling, diskusjonar, heisturar, nytt møte, ny krangling, ny korridorvandring osv. osv. Det er sikkert ekte og autentisk - men høyrer ikkje heime i ein kriminalroman."*

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hos meg fungerer det reint teknisk, men i praksis er denne funksjonen meiningslaus. Dei bøkene som blir anbefalt på denne måten er stort sett uinteressante for meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Underhaldningskrim av den lettbeinte typen, med action, overraskingar og pussige situasjonar, - lettlest og fortlest. Historia har bra driv og er godt komponert, men med litt for mange krumspring mot slutten etter min smak.
Plottet er fiffig, men ikkje genialt. Dersom ein har lest Iréne ser ein at det heller ikkje er spesielt originalt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den beste krimleseopplevinga i mars fekk eg då eg las Torkil Damhaug sin nyaste krimthriller En femte årstid i påsken. Eg likte også godt Iréne av Pierre Lemaitre.

Men den aller beste leseopplevinga forrige månad vart Kim Leine sin formidable historiske roman frå Grønland; Profetene i Evighetsfjorden.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Av ein eller annan merkeleg grunn var det bok nummer to, Alex, som kom ut fyrst her i landet. Eg las Alex i fjor og difor kjende eg til ein av dei viktigaste poenga/plotta i denne boka - og det førte til at leseopplevinga mi ikkje vart fullt så god som den kunne ha vore. Så har du planar om å lesa denne bokserien, start for all del med Irène.

Irène er ein uhyre velskriven, skremmande og original kriminalroman med eit rikt og utspekulert plott og svært fascinerande karakterar. Det er vanskeleg å leggja boka frå seg fordi ho er så full av nerve: Spenninga stig til utrulege høgder i den thrilleraktige avslutninga. Sjølv om eg altså var klar over (noko av) det som skulle komma til å skje, vart det så nervepirrande at eg kjende det godt - i heile meg - og lenge etterpå.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette er historia om Arne Murberg sitt eventyr i Berlin. Arne er ein Forrest Gump-liknande person; ein velmeinande, naiv og enkel mann. Nesser skildrar han med forståing, ømheit, kjærleik og nærleik.

Boka er underhaldande og koseleg, der humoren har ein sår undertone. Språkleg sett er det ein fryd å lesa, trass i dei gammaldagse uttrykka og dei finurlege formuleringane - men dette er no eingong eitt av Nesser sine "varemerke". Eg humra meg gjennom mange av Arne Murberg sine funderingar, gjeremål og språklege forvirringar i storbyen Berlin. Kjøpet av eit par gule sko, møtet med ei due som får namnet Evert Taube og samtalane med liksomvenen Perry Mason er fornøyeleg lesing.
Personskildringane er strålande, som alltid frå Nesser: Arne si sorg, einsemd og lengsel er skildra med innleving og varme. Skildringa av venskapet og den gryande kjærleiken mellom Arne og Beate er truverdig og inderleg.

Men -
eg hadde nok forventa meg noko meir og noko anna frå Nesser si side. Det som gjer meg mest betenkt og skeptisk er når handlinga går tilbake i tid og Nesser introduserer ein slags alternativ verden - i reinaste Murakami-stil. Eg meiner; eg kan godta at Haruki Murakami skriv om parallelle univers - men eg finn det vanskeleg når Håkan Nesser gjer det same. Eg dett av lasset, rett og slett. Eg finn heller ingen klar bodskap i denne forteljinga - men kan hende har ikkje Nesser hatt noko motiv ut over det å laga ei god forteljing - om det gode og det onde, om å skapa litt underhaldning - og litt magi?

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Endeleg var det nokon som spurte om det :-)
Den mest oppskrytte frå det året var for meg Et helt halvt år (som i skrivande stund har oppnådd heile 400 terningkast 6 her på bokelskere. Det er ikkje fortent. Boka er sentimental, klissete og skrekkeleg forutsigbar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enig, skuffande utval i år igjen. Særleg for oss som helst "les" lydbøker: 14 titlar er ikkje så imponerande akkurat.. Eg er glad det finst bibliotek!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg er enig i at 'Stjerner over, mørke under' er ei god bok!
Januar vart ein fin lesemånad for meg. Eg gav terningkast 5 til halvparten av dei ti bøkene eg las:

  • Min mor har en saks i ryggen av Unni Lindell: Ei grøssande god samling noveller.

  • Morder uten ansikt av Henning Mankell: Den fyrste boka i Kurt Wallander-serien, gjenlesing av boka frå 1992. Tematikken; framandfrykt, rasehat og grådigheit - er framleis aktuell.

  • Kvikksand av Henning Mankell: Utkom på norsk etter at forfattaren døydde. Filosofisk og sjølvbiografisk, ei bok til ettertanke.

  • Landet som lovet alt - min israelske reise av Sidsel Wold. God og grundig sakprosa, med ein personleg vri.

  • I all evighet av Ken Follett: Omfattande, detaljert, storslagent, spennande, interessant. Men eg er glad eg er ferdig - boka er med sine 1100 sider altfor lang.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg byrja på mursteinen I all evighet av Ken Follett i romjula - og håpar å bli ferdig med den i løpet av helga. Denne store og tunge (bokstaveleg talt altså) boka egnar seg ikkje som sengelektyre, så på nattbordet har eg Monogram-mordene - ein Agatha Christie-pastisj - av Sophie Hannah liggjande.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Du befinn deg på ein heilt annan klode enn dei fleste andre. Eg føler behov for å gjenta noko eg sa i ein annan tråd: Eg er reddare for Storhaug og hennar meiningsfeller enn for islam og muslimar. Det får eg stadfesta her. Når du seier at islam bør motarbeidast og eliminerast "med alle midlar" skremmer det meg. Hugs på at den største terroristen me har hatt her i landet (ABB) var ein kvit, kristen, fanatisk islam- og multikulturhatar.

Med dette trekk eg meg ut frå "debatten".

Godt sagt! (9) Varsle Svar

God helg ja!

Eg har fire påbyrja bøker som eg skal halda fram lesinga av i helga. Håpar å bli ferdig med minst ei av dei, - men eg reknar ikkje med å bli ferdig med I all evighet av Ken Follett - som eg har lest i ein liten "evighet" alt; boka er på 1100 sider.
Lydboka eg høyrer på for tida er Seks år av Harlan Coben.
Eg les også ein interessant biografi om Tove Jansson, skrive av Tuula Karjalainen, samt om Sidsel Wold si israelske reise i boka med tittelen Landet som lovet alt.

Hipp hurra for bibliotektenester, eBokBib og Storytel!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det som har imponert meg aller mest og som har gjort sterkast inntrykk på meg gjennom bokserien er språket og forteljarmåten. Historia vert fortalt i eit spørjande og syngjande språk. Eg veit ikkje om andre som skriv så poetisk, heilt utan jåleri og språkblomstrar. Det gjer at ho får formidla sterke historiar på ein direkte måte. Setningane leikar seg liksom nedover boksidene og kryp deretter inn i sjela di. Forteljarstemma "svevar" over alt og alle før det vert zooma inn på eit enkeltmenneske, eit dyr, ein gjenstand eller ein ting i naturen. Deretter følgjer ei kort eller ei lengre historie, før forteljarstemma flagrar avgarde igjen - til ho på nytt fokuserer ned på ei ny hending. Lesaren legg nesten ikkje merke til dette grepet, før etterpå. Historiane vert fletta inn i kvarandre, elegant og naturleg.

Handlinga i Kaldere mot natten tek til ei tid etter der Slik treet faller sluttar. Me får følgja skogfinnane "våre" frå og med krigsåra og heilt fram til bortimot vår eiga tid - og med det; eit par nye generasjonar. Likevel er det ikkje vanskeleg å halda tråden: Larsen losar lesaren gjennom nye landskap, nye familiar og nye tider - og samstundes minner ho oss om tidlegare hendingar og historiar. Stødig og med overblikk dreg ho linjene gjennom heile tidsperioden - heilt frå starten av den fyrste boka Det vokser et tre i Mostamägg, då me møtte "stammora" Lina for fyrste gong.

Meir på bloggen min

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Som sagt; fullstendig upassande og utan relevans i dette forumet. Eg har på nytt klikka på varsleknappen - og håpar og forventar at Admin tek affære og fjernar denne tråden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje hatt tid til å sjekka kjeldene/lenkene dine, men innlegget er likevel meldt inn som upassande. Dette har ingenting på eit forum for bokelskarar å gjera.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Dagbladet-artikkelen du viser til er frå 2003. Ikkje spesielt aktuell altså.
Religionskritikk - og spesielt islamkritikk - er riktig og viktig, det er eg ikkje uenig i. Etter mitt syn er religion meir skadeleg enn oppbyggeleg.

Når det gjeld det siste avsnittet: Overgrep, ran og trakassering tek eg sjølvsagt sterk avstand frå, uansett kva dei trur på og/eller kva hudfarge dei har.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg sa i mitt innlegg at eg uttalte meg på grunnlag av tidlegare kjende utspel frå Storhaug og ikkje på grunnlag av boka Islam - den 11. landeplage. At eg siterte baksideteksten var for å syna at eg veit kva det handlar om.

Ja, eg har lest Rolness sitt forvirrande og noko kvalmande forsvar for Storhaug som du lenkar til. Eg har også lest bokomtalen i Morgenbladet – og der blir boka slakta.

Og ærleg talt, Norah: Når du forsvarar Hege Storhaug sine synspunkt og strør om deg her på Bokelskere.no med utvalde sitat frå innvandrings- og islamfientlege bøker og nettstader er du med på å spre frykt, sinne, intoleranse og fordommar. Då må du finne deg i at nokon tek til motmæle, også frå oss som ikkje kan tenkja oss å lesa denne boka.

Du (og Storhaug) formidlar eit skrekkbilete som består av at skjeggete unge sinte menn veltar inn over Europa, klare til å terrorisere ”oss” ved å innføre sharialover, slik at dei kan ta til å terrorisere, halshogge og voldta kvinner og barn.

Har du inga forståing for den pågåande flyktningekrisa?
Har du inga medkjensle for menneske som i djup fortviling flyktar frå krig og terror?
Har du høyrt om nestekjærleik og solidaritet?

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Eg les framleis i Kaldere mot natten - som forrige helg, som lydbok har eg krimnoveller av Unni Lindell; Min mor har en saks i ryggen og i tillegg les eg sakprosa; Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider av Morten Strøksnes.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

ritaolineIngunn SØystein LHarald KJan Erik  OlsenMarit HåverstadRisRosOgKlagingTorill Elisabeth Revheimkjell kGunn DuaasJulie StensethBjørn BakkenMette-MStjernekastKristin F. JørgensenEli R. GjengstøHeidi LBabynemiTore OlsenRita KathrinelillianerMaren Hjelle AuneIris MæhleTor GeirHilde Merete GjessingBjørg Marit TinholtJoannTheaLise MuntheErikhimKristine LouiseSiljeTrine S. AustbøDolly DuckRune U. FurbergToneIngunnBeathe SolbergCarine Olsrød