Dette er historia om Arne Murberg sitt eventyr i Berlin. Arne er ein Forrest Gump-liknande person; ein velmeinande, naiv og enkel mann. Nesser skildrar han med forståing, ømheit, kjærleik og nærleik.

Boka er underhaldande og koseleg, der humoren har ein sår undertone. Språkleg sett er det ein fryd å lesa, trass i dei gammaldagse uttrykka og dei finurlege formuleringane - men dette er no eingong eitt av Nesser sine "varemerke". Eg humra meg gjennom mange av Arne Murberg sine funderingar, gjeremål og språklege forvirringar i storbyen Berlin. Kjøpet av eit par gule sko, møtet med ei due som får namnet Evert Taube og samtalane med liksomvenen Perry Mason er fornøyeleg lesing.
Personskildringane er strålande, som alltid frå Nesser: Arne si sorg, einsemd og lengsel er skildra med innleving og varme. Skildringa av venskapet og den gryande kjærleiken mellom Arne og Beate er truverdig og inderleg.

Men -
eg hadde nok forventa meg noko meir og noko anna frå Nesser si side. Det som gjer meg mest betenkt og skeptisk er når handlinga går tilbake i tid og Nesser introduserer ein slags alternativ verden - i reinaste Murakami-stil. Eg meiner; eg kan godta at Haruki Murakami skriv om parallelle univers - men eg finn det vanskeleg når Håkan Nesser gjer det same. Eg dett av lasset, rett og slett. Eg finn heller ingen klar bodskap i denne forteljinga - men kan hende har ikkje Nesser hatt noko motiv ut over det å laga ei god forteljing - om det gode og det onde, om å skapa litt underhaldning - og litt magi?

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Enig, fikk litt Murakami-vibber her, men etterligningen er så blek at det ikke er godt for noe.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild Sritaoline