Sjølv er eg litt svak for dystopiar av litt eldre dato, som t.d. Kallocain og Vi som vi alt har lest saman. Ikkje slett så gamalt, men eg las Uår av Knut Faldbakken tidlegare i år, ei veldig bra bok etter mitt syn. Så eg held fram med å grave litt attende i tida.
Mitt forslag til komande avstemmingsrunde er Do Androids Dream of Electric Sheep? (1968) av Philip K. Dick. Denne boka blei filmatisert med tittelen Bladerunner i 1982, med Harrison Ford i hovudrolla. Eg vil tru ganske mange har sett filmen. Fantastisk filmmusikk av Vangelis, forresten. Seinare engelske utgåver av boka har også fått tittelen Bladerunner. På norsk har boka kome med to titlar, Livstyvene og Drømmer androider om elektriske sauer?.
Jepp, denne skal eg lese før eller seinare. Og gjerne før, og saman med dykk.
Katten (The Guest Cat) av Takashi Hiraide, denne har du kanskje på oversynet frå før? Sjølv likte eg den berre litt over middels godt, men det kan jo hende du liker den betre.
Kor stor rolle må katten ha i boka for at den tel med? I Veggen av Marlen Haushofer har hovudpersonen eit nært forhold til kattar ho tek hand om, men hunden og kyra som ho også har ansvar for tek nok meir plass i boka.
Og så har vi Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov, då, der ein demon i katteham har ei vesentleg rolle.
Og så kom eg til å tenke på ei bok eg las i 7-8 årsalderen. Har ikkje sjans til å hugse på tittelen, men det var ein huskatt som havna på eventyr, trur den måtte vandre ganske langt for å finne tilbake til folka sine. Det var spesielt ei scene der ho møtte ei gaupe nattestid som gjorde inntrykk. Skikkeleg skummelt den gangen. Så dette avsnittet skriv eg nok mest i eit håp om at nokon andre hugsar på kva tittelen til boka er.
Mykje fotball på TV, men les likevel
Grense Jakobselv, nærmar meg slutten i kveld
Det er óg Dystopi-lesesirkel på gang
Der har borgarkrigsboka frå Danmark fått rang.
Har lagt merke til denne boka, og blir gjerne med på ei runde til med dystopilesesirkel. Bestilte den i dag, så eg skal nok klare å henge meg på.
Sjølv oppdaga eg at eg kan utnytte plassen oppunder taket. Det blir akkurat plass til å åpne dørene.
Det er VM i fotball, då skal eg så klart
Sjå på Island og Danmark på TV’en snart
Men eg kosar meg også med Fløgstad om da’n
Grense Jakobselv les eg så tidt det går an
Det er søndag, og mandag har snart kome inn
Det er nett som om helga forsvann som ein vind
Eg har likevel vandra eit stykke på veg
Verdens ende er målet, og Hoel tek meg med
No i helga så gjeng eg med bikkja i tau
Vi skal lære å søke kadaver av sau
Og om kvelden blir stemninga heilt suveren
Ja, med Renberg sin Hillevåg-bok nummer en
Tenk hvor vindunderlig det måtte være å kunne opptre så selvsikkert, å ta seg selv så høytidelig, å kunne utøve en slik makt og myndighet - simpelthen fordi man var født til det, fordi man var en rik manns sønn. Riktignok var han overlegen og ufordragelig i sitt vesen overfor Clyde. Men Clyde kunne ikke la være å beundre og misunne en mann som i så ung alder var så mektig og innflytelsesrik.
For Clyde var like forfengelig og ærgjerrig som han var fattig. Han var et av disse mennesker som anser seg selv som en unntagelse; han følte seg aldri for alvor knyttet til den familien han tilhørte, og han var ikke fylt av noen dypere takknemlighet mot dem som han skyldte sin eksistens. Tvert imot var han tilbøyelig til å kritisere sine foreldre, ikke synderlig skarpt eller bittert, men med et åpent øye for deres eiendomeligheter og svakheter. Og likevel hadde han aldri - i hvertfall ikke før han ble seksten år - vært i stand til å legge noen fremtidsplaner, det var bare blitt famlende og uklare drømmer.
Ferdig. Jaudå, boka innfridde for mitt vedkomande.
Ein liten bonus dei siste sidene var at boka tok meg med til to stadar eg har vitja sjølv, University of Queensland i Brisbane, og British Library i Euston Road. Kjende att kjensla av ærefrykt over å få tilgang til biblioteket sine samlingar.
Heltinna Masie Dobbs køyrer rundt i ein Alvis Drophead Coupe. Slik kan den ha sett ut:
Og undervegs i handlinga dukkar det opp skumle personar i ein svart Rover 10. Noko slikt, kanskje?
Å du hildrande du for eit makalaust ver
Det er solskin og varme så langt som ein ser
Ein får finne ein skugge og setje seg ned
Med den siste av Winspear og lese i fred.
Om du vil ta litt hardt i, så gjeng det vel an å bryne seg på det portugisiske nasjonal-eposet Os Lusíadas (Lusiadene?) av Luís Vaz de Camões. Tviler på om den er å finne på norsk, men det finnest i alle fall ei engelsk oversetjing.
Utover det så har eg fått med meg at mange held fram Uroens bok av Fernando Pessoa som ei særs god bok. Har ikkje lest denne sjølv, men ser ein på terningkasta så virkar det som om den er særs givande for dei lesarane den treff, og som meiningslaus for dei øvrige.
God tur til Portugal!
Eg las den førre Bandini-boka, Vent til våren, Bandini, for eit par-tre år sidan og blei begeistra for forfattaren. Gleder meg til dei tre neste bøkene i kvartetten, som stend rimeleg høgt på lista over bøker eg ser etter på bruktbutikkar etc.
No er Dreiser sin store tragedie slutt
Mister Pip gjeng for fort, der blir mellombels kutt
Så no har eg på helga sitt repertoar
Den humørfylte sjangerleik-boka Noir
Eg tenkte ikkje over dette før du skreiv det, men eg er samd i at stilen og forteljarstemma kan likne. Forteljarstemma er litt naiv, men samstundes reflekterande, eg meiner forfattaren har skapt ein forteljar som er ei truverdig framstilling av ei oppvakt ungjente.
Vidare tykte eg at grepet med å la Mr Watts kalle inn dei vaksne til klasseromet for å dele lokalsamfunnet sin felles kunnskap var veldig bra. Her får ein god innsikt i kva slags kunnskap som betyr noko for desse øybuarane.
Det er ikkje så lenge sidan eg las Great Expectations. Derfor vekkjer sekvensane med gjenfortellinga av denne Dickens-historia til live kjenslene eg hadde då eg las boka. Dette gjer at eg liker Mister Pip ekstra godt.
Er det nokon av felleslesarane som ikkje har lest Dickens-boka, eller ikkje kjenner til handlinga i den? Er dette i såfall hemmande for lesinga?
Laaaang dag på jobb i dag, ny by, nytt hotellrom, og så oppdagar eg at her er det stort boblebad på soveromet. Nei, ikkje på badet, men på soveromet. Sprang ut og handla raudvin (australsk for anledninga), og skal no setje meg godt til rette i boblisen og starte på boka. Dette blir bra!
På amerikareisa så lyt ein sjølvsagt innom Barnes&Noble, i første omgang har eg handla inn desse:
Dei to siste forfattarane er hittil ukjende for meg, det var bokomslaga og omtaler på goodreads som freista. Og for sistnemnde så hjalp det også at det var eit signert eksemplar av boka. Skal bli spanande å sjå om det er brukbare bøker.