Avsluttande bok i Kairo-trilogien, og dette var nok den boka eg likte best av dei tre. Tidsmessig startar den nokre år før andre verdskrigen, og nærmar seg etter kvart forfattaren sin samtid. Det er barnebarna til patriarken Ahmed Abd el-Gawwad som ber det meste av handlinga, i tillegg til yngstesonen Kamal. Sjølvsagt tek ein del i dei ulike tildragelsane i familia. Ei og anna damehistorie er der, men sanneleg er der ikkje også ein som gir seg inn i eit homofilt forhold. Er det sneversynt av meg å lure på om dette skapte oppstandelse i Egypt på 1950-talet? Eller er forholdet såpass innsvøpt i eufemistiske omskrivingar at folk flest ikkje festa seg ved det?
Åkke som, det beste grepet i boka er likevel at Mahfouz let to av den yngre generasjonen representere krefter som prøver å forme utviklinga til Egypt vidare inn i framtida: Abd el Monem som finn meiningia i livet ved å vende seg til fundamentalistisk Islam, og Ahmed som har meir tru på kommunismen. Langs ein annan akse, kanskje ein slags moralsk ein, har Mahfouz stilt opp to andre ytterpunkt, den intellektuelle og filosofiske Kamal og den opportunistiske og maktsøkjande Ridwan.
Som i dei førre bøkene i trilogien er det gode miljøskildringar og personkarakteristikkar, samt rikelege moglegheiter til å lære meir om nyare Egyptisk historie (sjølv om ein nok også i tillegg må stø seg til wikipedia eller andre oppslagsverk). Men denne boka dveler i mindre grad ved daglegdagse scener, noko som passa meg bra. God trilogi, eg er glad for at eg las den.
Det fortelles at mennesket i begynnelsen ga avkall på uskylden i Eden for å erverve erkjennelse. Om dette valg var riktig, måtte Historien - dvs. kampen mellom Revolusjonen og Makten - bekrefte .. inntil Makten til slutt vant og trengte mennesket tilbake blant de laverestående dyr!!! Det er dette vi nå er vitne til!
Omtrent et år tidligere var denne Carulina i den tiden hun overnattet i grottene under flyangrepene, blitt med barn i en alder av fjorten år minus en måned, uten at noen visste hvem barnets far var. Selv sa hun, som svar på de inntrengende spørsmålene, at hvis det hadde vært noen, hadde hun ikke merket noe til det.
Det er ufatteleg kva folk kan finne på. Tøme byar for folk og sende dei ut på landsbygda for å dyrke mat er sikkert effektivt for å jevne ut sosiale ulikheiter, men når resultatet er at alle får dårlegare levekår så er det begrensa trøyst i at det er meir likt for alle enn det var før. Og når i tillegg store delar av innbyggarane i landet døyr i prosessen, så skal man vere ganske radikal for å kunne forsvare den. Legg til etnisk rensing samt utrensking av intellektuelle og andre potensielle motstandarar av regimet så har ein ei kort oppsummering av kva Raude Khmer dreiv på med i Kambodsja på 70-talet. Det var sikkert godt meint i utgangspunktet, men det blei altså frykteleg gale.
Denne boka er vitnesbyrdet til ei ung jente frå ein privilegert familie som kom seg levande igjennom desse åra og etter kvart greidde å flykte frå landet. Forteljinga er ein roman, men hendingane er tufta på forfattaren sine eigne opplevingar. Det er ingen analyser eller drøftingar i boka, og forteljinga er forbløffande likefram og fri for direkte anklager mot overgriparane. Det er faktisk ein slåande kontrast mellom den nøytrale forteljarstilen og dei grusome hendingane som blir skildra.
Språkleg er boka lettlest, sjølv om det er tungt å ta inn over seg at folk kan gjere slikt mot einannan. Eg er usikker på kor verdfull boka er for innsikt i Raude Khmer sitt styre som sådan, men som døme på kor gale slike sosiale eksperiment kan bere i veg så er den framifrå.
Boka handlar om Ida Ramundo, ei ung enke, og lagnaden hennar og til barna hennar i og rundt Roma under og rett etter den andre verdskrigen. Ida er delvis av jødisk opphav, og lever i angst for at nazistane skal finne ut av dette. I det heile er ho opptatt av å vere usynleg, av å stikke seg fram så lite som mogleg, ja, ho er nærmast sjølvutslettande. Ein får kjensla av at dette er eit karaktertrekk som ville vært framtredande hjå henne uansett ytre omstende.
Ein får servert eit overtydande tidsbilete av livet i Italia på denne tida. Skildringane blir så nære og tydelege at det er lett å sjå for seg dei ulike scenene. Enkelte hendingar gjer sterkt inntrykk, slik som tøminga av jødekvartalet i byen, og lagnaden til gutane hennar. Der er også lyspunkt i historia, ein kan til dømes ikkje anna enn glede seg over forholdet mellom yngsteguten Useppe og hunden Bella. Men totalt sett er boka i ein pessimistisk tone.
Dette er ei lang og innhaldsrik bok. Den er delt opp i 8 bolkar, og kvar bolk startar med eit oversyn over viktige hendingar i verda i denne tidsepoka. Siden desse hendingane er av negativ karakter så heng dei som eit dårleg varsel ved inngangen til kvar bolk av forteljinga om familien Ramundo. Ein får kjensla av at historia er ein malstraum, som dreg menneska under uansett kor gode eller dårlege dei måtte vere. Sjølv om eg for min eigen del har ei litt meir optimistisk innstilling til livet så var det likevel givande å bli med på denne reisa.
Vi hadde denne boka som felleslesing i Lesesirkelen av 2014. Det blei ein lang og god diskusjonstråd.
Grei forteljing om nokre månadar i livet til ei tenåringsjente i ein drabantby i Oslo. Hovudpersonen Mariana fortel i første person. Det er ikkje urimeleg å anta at det finnest mykje av forfattaren Maria Na varro Skaranger i Mariana. Mykje av forteljinga kjennest truverdig, og sjølv om eg har vakse opp i ei tid, ein geografi og eit miljø som skiljer seg ganske mykje frå dette så gjeng det likevel an å finne att kjensla av å vere tenåring.
Språket Skaranger nyttar i boka har fått mykje ros. Det er munnleg, prega av slang, og av språkblomar som veks fram i innvandrarmiljø. For min del fungerte det ikkje så bra. Eg tykkjer ideen er god, men av ein eller annan grunn sat eg heile tida med kjensla av at desse språklege raritetane var litt for oppkonsturerte og tilgjorde. Dette trakk nok eit auge frå terningkastet eg gav til boka.
Eg reiknar med at eg ikkje høyrer til i dei fremste målgruppa for boka. Likevel var det grei og underhaldande lesing. Lettlest og kort, med andre ord lav risiko for å kaste bort tid dersom boka ikkje fell i smak. Eg ser at forfattaren er på trappene med ei ny bok, eg har ikkje funne ut noko meir om den men tittelen tyder i alle fall på at Skaranger beveger seg over i eit anna spor enn det frå debutboka. Skal bli spanande å sjå.
Når ein les om all denne drepinga på Island, så kan ein undrast over at der trass alt har ovelevd mange nok menneske til å stable på beina eit fotballag. Samstundes så synest det ikkje så underleg at eit fotballag frå Island er mellom dei mest hardtarbeidande og oppofrande ein har sett.
Men attende til boka, den fortel ei dramatisk ættesoge som strekker seg over nokre få generasjonar. Dei som fortalde, og dei som seinare skrev ned desse sogene la stor vekt på at det blei gjort greie for identiteten til personane dei handla om. I mangel av personnummer så får ein derfor ei utlegning om slektstreet til dei involverte, kanskje også ispeidd nokre anekdoter. Det forunderlege er at etter side opp og side ned med slektshistorie, så dukkar det opp korte handlingsmetta avsnitt. Her kan dei mest dramatiske hendingar, som isolert sett burde kunne vere stoff til ein eigen mursteinsroman, bli nøkternt redusert til nokre få korthogde linjer. Aner ein ein slags barsk «understatement-humor» bak desse framstillingane?
Enkelte av hendingane er av slik karakter at det er freistande å tenke at dei har blitt overdrivne gjennom muntlege overleveringar. Her tenker eg kanskje spesielt på nokre av bragdene til Skarphedin. Meir lit kan ein kanskje feste til skildringane av rettspraksisen på Island på denne tida. Dette var tidvis fornøyeleg lesing, sjølv for ein som ikkje er spesielt interessert i jus. Taktikken med å trenere rettssaker ved å vise til formelle feil er visst ikkje noko ein har kome på i nyare tid.
Islandske ættesagaar har nok ikkje blitt nokon ny favorittgenre med denne boka, men det var likevel grei og interessant lesnad. Om ikkje anna så kan det vere bryet verdt å lese den for å minne seg på at haldningane våre til hemn og drap har betra seg litt dei siste tusen åra.
Då mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.
I listene på bokelskere er det plass til berre 100 bøker, og første bokhamstringa for snart tre år sidan gav ei breiddfull liste. Det kjem framleis nokre bøker rekande no og då, så det er like greit å lage ei supplement-liste.
Takk igjen, kjære mor.
Korleis er det rundt omkring, har alle lest den ferdig no eller er det nokon som held på enno?
Sjølv tok eg den i to omgangar, dei første 60 sidene eller deromkring for eit par veker sidan, og resten no i dag.
Artig bok, men den nådde ikkje opp til dei høgste terningkasta hjå denne lesaren.
Då har det omsider laga seg slik at eg kunne plukke med meg denne boka, pluss eit par andre, frå barndomsheimen. Skulle ikkje ha fleire bøker i år, men av og til må ein berre.
I ei langhelg på langtur til gravferd og styr
Er eg takksam for kvilen som bøkene byr
Så om kvelden på hytta i ro og i mak
Les eg Sapiens-boka til svevnen tek tak
Au då, det var leit. Vonar sommaren betrar seg litt etter kvart.
Kva med ein gamal norsk godbit, reikna som opphavet til fenomenet "påskekrim":
Bergenstoget plyndret i natt!
Då er jammen meg fredagen komen igjen
Desse vekene flyg i eit enaste renn
Ein får ta seg ei ørlita pause og sjå
Om litt bokprat kan kroppen i kvilepuls få
Det blir fotball på TV, det finnst ikkje tvil
Eg skal heie på gultrøyene frå Brasil!
På terassen deretter så blir det nok lest
Og bakom synger skogene, du for ein fest!
Så i solvarme helga, kva har de for plan?
Blir det lesing med fluktstol og saft på altan?
Uansett vil eg vone de alle får til
Å dra nytte av fritida slik som de vil
Opposisjonen mot Indira ble stadig mer oppfinnsom og fant metoder for å lure sensuren. På familiesiden i Times of India fikk Pikey øye på en dødsannonse der en anonym innsender meldte at D.E.M. O'Cracy så tragisk var gått bort, og tydeligvis etterlot seg sin sørgende kone, T. Ruth, sønnen L.I. Bertie og døtrene Faith, Hope og Justice.
De gjorde sitt beste for å blande seg med europeerne som fordrev kveldene på kafeene med å forakte materialismen, røyke hasj og spise eplekake.
Dette grepet med innskotne forteljingar får meg til å tenke på Mnem av Simon Stranger, som var samlesingsbok i den andre lesesirkelen.
Over halvvegs i VM, eg kosar meg godt
Jau, litt fotball er festmat for sjel og for kropp
Og dessert etter kampen, det må ein då ha
Det er Bror din på prærien, den gjer meg glad.
Det kunne fort ha vært denne, eg bladde i den på nb, og Tom møter faktisk gauper. Men eg kjenner ikkje att scenene, så det må ha vært ei anna bok. Bladde også i Sølvfaks som Øystein tipsa om, stilen i denne minner meir om den boka eg meiner å hugse, men her er det så vidt eg kan sjå ikkje noko gaupe-møte.