Det er fredag og regnver, ein makelaus sjans
Til å mure seg inne med bøker til gagns
Heile helga til endes med lesing i fred
Kan ein tenke seg likare lagnad enn det?

Eg har Sjarmen med tarmen på nattbordet no
(Men den burde vel helst vere lesnad på do?)
Og derpå skal eg inn i Camus sitt gebet
Om Sisyfos og livet sin absurditet.

Enn i bokelskarflokken, er planane klar
For ei god-helg med lesing i bøker og blad?
Måtte roa få senke seg utan problem
Slik at jamvekta er der når mandagen kjem

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Det er sikkert mange som er begeistra for Charles Dickens, og kanskje spesielt Great Expectations som er ei av dei meir kjende bøkene hans. Denne boka spelar hovudrolla i boka som eg vil foreslå til neste runde, nemleg Mister Pip av Lloyd Jones.

Boka er frå 2006, forfattaren er frå New Zeeland (sjå der, geografisk spreiing må vi ha) og handlinga er lagd til Bougaineville i Papua Ny-Guinea på 1990-talet, under borgarkrigen der. Ein lærar på ein landsbyskule på øya introduserer ungane for Dickens og Great Expectations, og når krigen etter kvart kjem til den aktuelle landsbyen endar det med at soldatane blir overtydde om at det verkeleg gøymer seg ein Mister Pip der.

Eg ser at boka har fått overveldande gode omtalar her på bokelskere. Dette, saman med ein antagelse om at der er tett med Dickens-referansar, gjer at eg har stor tru på at denne boka kan bli ein slager i lesesirkelen.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Fleirbindsverk eg har starta på, men ikkje fullført enno.
Tel ikkje med krim-seriar o.l.
Lista er meint som ei hugseliste for eigen del.

Sortert etter kor truleg det er at eg kjem til å lese fleire bøker i verket.
Kvart punkt i lista er den første boka eg las av det aktuelle verket.


Verk som er sjekka ut av lista:
- Napoli-kvartetten av Elena Ferrante
- Slåttekar i himmelen og dei tre påfølgande bøkene i Edvard Hoem sin slektskrønike.
- Nattens brød av Johan Falkberget


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er fredag den trettande, tenke seg til
Men at dette er uflaks, derom har eg tvil
For i vindstille solkrå i strålande ver
Les eg roleg om lyset som ikkje vi ser.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Til slutt er Strachan så lei av hele mannen, av skadene og av journalistenes evige mas om når spissen kan bli spilleklar. "Jeg har viktigere ting å tenke på enn Delgados kne", sier han til et TV-team som har tatt oppstilling utenfor treningsanlegget vårt på Staplewood. "Jeg har en yoghurt hjemme i kjøleskapet som er i ferd med å gå ut på dato."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Var han ved bevissthet da han ble båret av?" spør journalistene etter kampen. "Har ingen anelse", sier Strachan. "Han er alltid sånn."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

... ny trener i Brann betyr ny optimisme i Bergen. Alltid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då er eg også ferdig, 4 dagar før skjema.

Der var ein bitteliten referanse til Selma Lagerlöf og En Herregårdssaga undervegs. Dette tykte eg var spesielt artig, sidan det ikkje er så lenge sidan eg las denne boka. Men Skrapelodd, eller heile Vargskinnet-trilogien for den del, inneheld jo ein god del referanser til litteratur, musikk, kunst, etc etc, det er vel stor sjanse for at dei fleste av lesarane har kome over eit og anna som dei kjenner att.

Apropos kunst, det var moro å lese om korleis Anand og Elis fann saman gjennom felles dragning mot å lage visuelle uttrykk.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hvor gammel han var var det ikke mulig å si. Mellom atten og trettifem så alle like gamle ut. De trengte jo ikke trekke tennene ut av seg nå for tiden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Andre ble administratorer og nyttige byråkrater. Hun hadde respekt for dem. De gjorde visst rett for seg, menneskelig sett. Men hun undret hvordan de hadde det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har du ikke hørt om likegladjazz? Det brukes som bedøvelse på enkelte sykehus når de ikke har råd til anestesilege. Vi kaller det trombonekirurgi.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men her i virkeligheten var det ingen gelendre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forlaget Hogarth har invitert kjende forfattarar til å skrive kvar si bok inspirert av eit Shakespeare-stykke. Prosjektet sin heimeside.

Pr dato (9. april 2018) ser det ut for at serien skal innehalde 8 bøker, Så får ein sjå om det kjem fleire etter kvart.

Ein liten diskusjonstråd om denne serien er å finne her.

Denne lista er tenkt å innehalde 3 punkt pr Shakespeare-stykke:
1 - Shakespeare-stykket, på norsk dersom det er å finne, subsidiært på engelsk
2 - Hogarth-versjonen på engelsk
3 - Norsk oversetjing av Hogarth-versjonen

Rekkefølga i lista følger publiseringsdatoane frå Hogarth


Godt sagt! (7) Varsle Svar

Noko anna eg gjer, når eg skriv kortare innlegg som ikkje er "Word-verdige" men likevel er irriterande å måtte skrive oppatt, er å markere og kopiere teksta i tekstboksa før eg klikkar "Lagre" (eller feilklikkar "Svar"). Skulle det bli bom så ligg teksta klar på utklippstava, berre å lime inn igjen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sidan eg har gjort den same tabben du nemner ein del gangar, så skriv eg no laaange innlegg i Word, og kopierer og limer til bokelskere-tekstboksa. Det har spart meg for mange omgangar med såpevask av munnen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har bladd litt i boklista di, og ser at du les ei og anna krimboka av og til. Då har vi jo eit knippe gode norske kvinnelege krimforfattarar. Sjølv har eg lest eit par bøker av både Anne Holt og Monica Kristensen, og har likt dei godt. Andre som eg kjem på i farta som eg ikkje har lest men som eg likevel trur eg gode er Kim Småge, Anne B. Ragde og Karin Fossum.

Selma Lagerlöf trur eg ikkje nokon av dei andre har nevnt. Eg er veldig begeistra for forteljarstilen hennar (har lest berre tre av bøkene hennar enno, dog ...), spesielt Keiseren av Portugallien gjorde inntrykk, den handlar jo om en far sin kjærleik til dattera si, kanskje den vil slå an hjå deg også?

Så ser eg at du har lest Bokhandleren i Kabul av Åsne Seierstad. Likte du den? Det gjorde i såfall eg, men eg tykte En av oss var mange hakk betre. Har handla inn To søstre på Mammut-sal, og håper denne også er leseverdig.

Lykke til med leseåret 2018

Godt sagt! (6) Varsle Svar

på slutten av 1800-tallet var det er kjerringråd blant gifteklare jenter i den skogkledde delstaten Maine i USA å se an potensielle ektemenn utfra hvordan de stablet ved. Fenomenet var oppsummert i et amerikansk ukemagasin med denne fasiten:

Rak og solid stabel: Rak og solid mann.
Lav stabel: Forsiktig mann, muligens sjenert eller svak.
Høy stabel: Høye ambisjoner. Men se opp for ras og sig.
Uvant fasong: Frittenkende, åpen sjel. Se igjen opp for svak konstruksjon.
Prangende stabel, lett synlig: Utandvendt, men muligens en posør.
Mye ved: Langsiktighet, trofasthet.
Lite ved: Et liv fra hånd til munn.
Kubber fra grove trær: Tar livet i store jafs; men kan overfyre og være dumdristig.
Pedantisk stabel: Perfeksjonist. Muligens innadvendt.
Sammenrast stabel: Svak vilje, dårlig prioriteringsevne.
Halvferdig stabel, kubber rett på bakken: Ustabilitet, dovenskap, fyll.
Røys rett på bakken: Ukunnskap, forfall, latskap, fyll, eller alt på en gang.
Gammel og ny ved om hverandre: Vær mistenksom. Kan være stjålet og blandet inn i egen ved.
Store og små kubber om hverandre: Nøysomhet. Å smette inn opptenningsved sammen med store kubber tyder på en omsorgsperson.
Grove, vridde kubber av gjenstridig ved: Iherdig. Sterk vilje. Eller tynget av byrder.
Ingen stabel: ingen ektemann.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Og der, på side 96, passande nok i starten av kapitlet om vedstabling, kjem det famøse sitatet frå Thoreau.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er det berre eg som ikkje er ferdig med denne enno? Skulle så vere tilfelle, så gir eg litt gass og gjer meg ferdig denne helga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, bileta var også borte hjå meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

NeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie Stenseth