Bøker eg har lese i 2024
Kort, men djup og tragisk, og likevel vakker.
Lavmælt og vakker bok om ei innvandrarkvinne som finn meining i å lage vesker.
Skjelsetjande.
Denne boka greip meg djupt.
Seljestad dykkar djupt i eigen barndom og dysfunksjonelle familierelasjonar. Modig mann han Lars Ove Seljestad. Trur vi bør takke han.
Ingen slår Tiller i å skildre dysfunksjon mellom menneske. Eg blir ikkje djupt rørt av Tiller, til det er han for omstendeleg, men kjenner meg gjerne flau eller ille til mote. Er det muleg,, liksom? Men så når eg får tenkt meg om så finn eg likskapar med relasjonar i mitt eige liv.
Svært god krim frå Ytre Hebridane. Tenkjer av og til at eg har vore der, men så kjem eg på at eg berre har lese Peter May.
Synes Beckett er traurig og ei liding å lese.
God oppfølgjar. Trivast framleis veldig godt saman med Peter May på Ytre Hebridene.
For alle oss som likar meitemark og alle som ser heilskapen i naturen.
Noko til type han Hamsun! Komplisert og vanskeleg å skjøne seg på. Meir kjensler enn fornuft får ein seie. Godt skriven bok iallefall! Eg likte svært godt forfattaren sin biografi om Tor Jonsson, og likte også denne om Knut Hamsun.
Tiller ror i land trebindsverket sitt. Obligatorisk lesnad synes eg. Ikkje spesielt lettlese, men verdt det i ettertid.
Eg heiar på reven!
Stakkars Herr Knapp! Får håpe eg ikkje blir akkurat som han på mine eldre dager. Brilliant skrive av Saabye Christensen.
Vi treng fleire bøker som dette. Den gamle jegeren står no på ulven si side. Kva rett har vi til å setje oss som herre over naturen på andre levande skapningar si bekostning? Kva har gått tapt? Bok handlar også om det å vere i parforhold og bli gamle saman. Flott bok som gjorde inntrykk.
kang Han skriv lavmælt og vakkert, og til slutt sat eg att og tykte det var bra.
Som alltid lavmælt, her med mest indre handling, samanlikna med Levende og døde og Dette er ikke farvel. Bok til ettertanke.
Obligatorisk lesnad.
Ønsker meg fleire bøker skrivne frå dyreperspektiv. Likte kjempegodt denne boka om ein hundekvalp som forvillar seg ut i skogen og må klare seg sjølv eit år eller meir i villmarka. Til slutt finn eigaren han og klarer å vinne tilliten til hunden, men resten av livet forblir dyret prega av tida aleine i naturen.
Heiar på pinnsvina! Flott bok for barn og vaksne.
Spanande bok der mikroskopiske vasslevande vesen kjem nært på. Og så vil Musk absolutt til Mars, og religionar ser mot liv etter døden og evig frelse. Medan vi har alle desse undera rundt oss!
Garborg tek ein Dostojevskij i kortformat.
Altså, eg synes Mankell skriv veldig bra, har god fantasi og edelt sinn og får fram det allmenngyldige og tidlause i menneska han fortel om. Han kjenner Afrika godt, og lagar ei kreativ forteljing om ei jente frå langt inn i dei svenske skogane som endar opp som bordellbestyrerinne ved ein kystby ein stad i Afrika.
Knallbra bok! Amalie Skram skuffar ikkje.
Denne og På St. Jørgen er dystre, men glimrande skrivne, herleg språk og det er ei trøyst at Skram tok rotta på Dr. Pontoppidan i etterkant. Ho må ha vore ei veldig modig dame.
Viss du les denne utan at den set merke i deg, så bør du sjekke pulsen din.
Novellene til Zweig er dritbra! I nynorsk språkdrakt vart det ei stor leseoppleving.
Endå ei bra novellesamling av Zweig. Kreativ fyr, og her med eit interessant konsept der han lagar forteljingane rundt 12 historiske augneblinkar, som til dømes Scott på Sørpolen og opppdaginga av Stillehavet. Kosa meg eg.
Å, du hildrande du for ei katastrofeforteljing! Enorme demningar brest, og vatn frå flaumstore elvar og innsjøar i Sverige kjem dundrande ned mot meir og meir tettbygde strok, og eit knippe menneske gjer sitt beste for å kome seg unna, eller dei let skuggesider kome til overflata i lovlause augneblinkar.
Eg har ein svakheit for Varg Veum. Tøffing med godt hjerte, med ein fot i skuggesida og kanskje den andre i ein slags normalitet, sjølv om han ikkje så ofte er på solsida. Ein ekte antihelt vil eg seie. Staalesen skriv korfatta, men slåande. Samla sett blir det bra.
Fin barnebok om ein einsam pungnasebjørn som lurer på om det finst nokon for han, eller om han alltid vil vere åleine.
Kjempeflott bok! Bjønnjen er kul og eg heiar på han.
Vakker bok om nærleiken vår til naturen og om alt som har gått tapt. Stor leseoppleving.
Sær bok frå Vidar Sundstøl aom eg absolutt likte godt.
Skikkelig bra. Forresten ligg heile boka som lydfil på Youtube. Lærerikt både vaksne og born.
Rishøi skriv seg rett inn i hjertet mitt.
Litt lang, men verdt det til slutt når Hoem får runda alt saman, og eksponerer hovudpersonane sine innerste svakheiter og traumer. Som vanleg malande og vakker nynorsk.
Kjempefin barnebok!
Vakker bok.
Likte den så godt at eg har lånt to til av aame forfattaren.