2023
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.
For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven?
«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.
Frå dansk ved Ingvild Holvik.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788234000829
EAN 9788234000829
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid 1918-1939
Språk Nynorsk
Sider 332
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Der det finst fuglar. Maren Uthaug.
Hoddu syn og du bin!!!
Forfattaren er født i Kautokeino, men flytta tidleg til Danmark, der ho no livnærar seg som tegnestripemakar, bloggar og forfattar. For denne boka fikk ho Romanprisen i DK.
Maren Uthaug: som etternavnet avslører, fører blodlinja hennar til Ørlandet på Trøndelagskysten. Slekta har tydelige fortellertradisjonar - og takk Herren for det.
Vil du kome deg litt bort fra pandemier og anna, hopp inn i denne boka og ta et opphald på Kjeungkjær fyr.
Eit fyr kor fyrvoktarane har det med å gå til grunne i.
Handlinga går frå 1920 til ei stund etter krigen. Her er så mykje mellommenneskelig dramatikk, at WW2 blir knapt nevnt. Me følger fyst Johan. Ein gut fra fattige kår som vil bli fyrvoktar for å kunne forsørge seg og mor si etter fars død, men pga dårlege erfaringar med einslege menn i einsomheit, er det krav om at han må ha kone å ta med seg ut. Dette fikser han styggfort en laurdagskveld og eit familiedrama tek av.
Som i dei fleste romanar fra rurale strøk, er prestefamilien, den største garden, og fattige folk, viktige bærebjelkar for romanens bindingsverk. Kjønnsdrift; som maktfaktor, underkastelse, fristelse, overgrep, incest og spreidning av gener også. Her stemmer nok ikkje alt i kirkeboka - for å seie det sånn. Her er også kjærligheit og hat, lengsel, gevinster og tap, fyll og fiolin.
Dette er spenning på høygir.
Fortellergrepet er knallgodt, ved at ho fortél først Johans historie, så etter nokre dramatiske år rykker oss tilbake i tid, og gir oss mykje av historia til dei hine i deira perspektiv; om korfor dei tok dei valga dei gjorde.
Ei fantastisk bok. Det er lenge sida eg har lest meg natta gjennom.
Gleder meg til å lese mer av Maren.
Vår tids Amalie Skram
I Der det finst fuglar visar Maren Uthaug at ho har potensiale til å bli ein av dei største Skandinaviske forfattarane. Som ei moderne tids Amalie Skram tar ho for seg slekters gang, og ho er ikkje redd for å vere mørk og dyster. Likevel tar ein seg sjølv i å le titt og ofte. Denne boka har potensiale til å bli en av de beste bøkene som blir utgitt i 2020
Boka startar med ein fyrvaktar som tar sjølvmord. Deretter følgjer me familien som tar over drifta av fyret, heilt til fyret skal bli automatisert. Undervegs får me sjå både lukkelege sommardagar og tunge vinterdagar. Ein får innblikk i den blytunge einsemda ein kan oppleve ute på små øyer, men ein får òg sjå fellesskapet i eit lite samfunn. Denne boka skildrar både mørke og lyse sider av livet, og sitter igjen som eit deilig slag i andletet.
Naturalismens gjenoppstand
På slutten av 1800-talet skreiv Amalie Skram slektsromanar og ekteskapsromanar som alle tok for seg mørke sider av livet. Dei er kjende for mangel på håp; om du er fødd inn i ei dårleg slekt, kjem det til å gå dårleg med deg. Arvesynda stod sterkt i Skram sine bøker, samtidig som menneskers autonomi ofte blei sådd tvil rundt. Dette var essensen i Naturalismen.
Det er ikkje berre sin tilknyting til både Danmark og Noreg Maren Uthaug delar med Skram. Også innhaldet i boka har klare parallellar til Skram sin litteratur. Dette er tydeleg når ho skildrar bokas første av fleire kjærleiksforhold. Når ein ung Johan blir forelska i gatejenta Hannah, anar ein fort at dette kan bli ei Romeo og Julie-historie, men den tar fort ein Skramsk retning.
For det er ikkje Hannah Johan endar med. Han er naudsynt å få seg jobb så han kan forsørge mora etter farens daud, og stillinga som fyrvaktar er ledig. Ulempa er at han må vere gift for å få bli fyrvaktar; det er for einsamt ute på fyret på vinteren til at dei lar folk vere der åleine. Dermed må Johan ut og gifte seg med det første og beste han finn. Inn trer Marie.
Nett som i fleire av Skram sine ekteskapsromaner, endar karakterane med å gifte seg, ikkje ut frå kjærleik, men ut frå behov. Gjennom heile boka er Johan sitt sakn etter Hannah tydeleg; likevel får me sjå heile tilveringa hans saman med Marie, med både barn og katt. Nett som ei Skram-roman, skildrar denne boka mange negative følgjer dette har.
Mest liknande Skram sine bøker, derimot, er nok den evinnelege arvesynda. Me følgjer slekta til Johan gjennom fleire generasjonar, og me ser klart at same kor hardt dei prøvar, så klarar dei ikkje bryte ut av sine slekters synder; dei er fødde til eit vanskeleg liv, og eit vanskeleg liv må dei leve.
Flatlandsk forteljarstil
Forutan dei klare liknadane med Amalie Skram sine bøker, er det ei anna norsk forfattarinne ein kan sjå klare liknadstrekk med. Helga Flatland har dei siste åra perfeksjonert det å skrive historier der du etter kvart i bøkene får sjå same situasjonane fleire gonger, men frå ulike perspektiv. Dette gjer også Maren Uthaug, med hell, i denne boka.
Ein følgjer dei forskjellige slektsmedlemene, og får verkeleg innsikt i kor forskjellig dei kan oppleve nett den same situasjonen. På slutten av boka er det ein scene der ein av karakterane har det fantastisk, men når me sidan får sjå den same situasjonen gjennom den andre involverte karakteren sitt perspektiv, ser me at situasjonen hennar er langt frå like flott
Det skal godt gjerast å gjere dette på ein like god måte som Helga Flatland, men Maren Uthaug klarer å bruke denne forteljarstilen effektivt, og det gir verkeleg noko ekstra til boka.
Starten på noko stort
Dette er berre den andre romanen til Maren Uthaug, men allereie skriv ho som ein rutinert historieforteljar. Boka er aldri kjedeleg; både når den er mørk og trist, og lys og munter, er den veldig underhaldande. Samtidig gir den et interessant bilde av menneskets psyke. Om Maren Uthaug fortsett på denne måten, kan ho bli en av de største.
Historien dreier omkring en familie på Kjeungskjær fyr på Ørlandet, prestegården i bygda og storgården hvor den kvinneglade bonden «Feite» regjerer. Han blir oppgitt som far til svært mange såkalte lausunger, og dette gir ganske uoversiktlige slektskapsforhold i bygda.
Hovedpersonene er fyrvokteren Johan, hans kone Marie, og datteren Darling. Disse tre forteller den samme historien fra hvert sitt ståsted. Det er en stygg historie hvor isolasjon, ønsket om å elske og bli elsket, håp og lengselen etter å slippe bort får dem til å gjøre valg som får fatale konsekvenser for dem alle.
Selv om det går an å forutse en del av handlingen, greier forfatteren likevel i historien til hver enkelt av de tre å overraske og føye til detaljer som er viktige i det store bildet. De har hver sine hemmeligheter, men hvor mye forstår de av hverandre og hvem er det som utnytter hvem? Ingen av de tre er spesielt sympatiske, men historien er spennende og har et slikt driv at jeg bare måtte lese videre til den var slutt. Anbefales!
Solid stilren fortellerstemme gjennom hele boka. Det er viss humor i stilen som gjør at boka har litt lettere tone i ellers ganske dyster fortelling av menneskeskjebner fra 1920-tallet til over krigen i trøndelagskysten. Flytting til drømmenes Amerika, krigen i bakgrunnen, tydelige klasseskiller i bygdesamfunnet mellom fattige og rike, alt denne samfunnsbeskrivelsen er en realistisk bakteppe til disse karakterer som drives av sterke følelser og naturens instinkter, ved havet og på et ensomt fyr. Treffende beskrives denne romanen som "nordisk noir" i omtalen bak boka. En fascinerende bok med mange lag i fortellingen, men også underholdende.
Jeg har fått en ny favorittbok i hylla! I denne dystre boka følger vi en familie bosatt på et fyr i Trøndelag i mellomkrigstiden. Vi får den samme tidslinjen fortalt av tre forskjellige familiemedlemmer: faren, datteren og moren.
Det er mørkt og vondt, men så bra!👏🏼 Boka har en fantastisk driv og er vanskelig å legge fra seg. At boka er basert på familiehistorien til forfatteren er ganske sjokkerende egentlig. Denne boka kommer jeg til å huske lenge!
Lydbokversjonen er også vanvittig god, innlest av Anderz Eide.
Johan er enebarn, og han prøver å forsørge moren. Faren døde plutselig, og moren har en sliten kropp. På kaia på Uthaug i Trøndelag, jobber Johan som sjauer, og det er der han møter Hannah. Hun blir hans første kjærlighet, men for å redde moren fra fattigdom, gifter han seg med prestens datter, Marie. Johan har alltid hatt et ønske om å bli fyrvokter på Kjeungskjær fyr. Han tar med seg Marie ut dit, og selv om Johan elsker Hannah, gjør han Marie gravid. Når været er på sitt verste, må ungene bindes fast utendørs for å unngå å havne på havet. Ettersom årene går, viser barna seg å være ganske så sære. Datteren er mannfolkgal, og sønnen tror han er kalv og spiser kun gress og rauter. I tårnet på fyret sitter Johan og lengter etter Hannah, helt til han får opp øynene for andre muligheter.
En mørk, dyster, og grusom fortelling, basert på forfatterens egen familiehistorie. Godt språk, og både frastøtende og fascinerende på samme tid.
Boka skapte visstnok en god del furore på Ørlandet da den kom ut, da stedet ikke akkurat ble anonymisert.
Kjærlighets- og familiedrama med overgrep og utroskap som viktige ingredienser. Uthaug skriver godt. Det er lett å leve seg inn i hovedpersonenes følelser og lengsler.
Kjære Maren Uthaug, nå imponerer du meg! Det første jeg fikk lyst til å gjøre da jeg var ferdig med å lese boka, var å lese den om igjen. Med all kunnskapen jeg fikk underveis fra de ulike fortellerstemmene, følte at jeg trengte hele historien på nytt for å få alle brikkene på plass. Elsker slike puslespill hvor man får vite litt og litt fra ulike synsvinkler. Jeg er helt klart fan!
Klarte ikkje å bli så engasjert av denne, har jo fått glimrande kritikkar her og eg hadde store forventningar. Lurer på kvifor eg ikkje klarte å leva meg inn i historia? Kanskje betre på dansk?
For en fantastisk struktur på en roman! Levende og troverdig fortelling om til dels fryktelige liv og løgner.
Her er bøkene jeg har lest som medlem av Lesesirkel 2014 på Bokelskere.no -
Nordnorsk lesesirkel startet i januar 2019 (egen liste for fjorårets leste titler). Vi leser en nordnorsk forfatter i måneden, og møtes en gang i måneden for å snakke om lest bok.
Bøker som jeg har kjøpt selv, eller fått i gave og ikke fått lest enda