Tusen takk for tips. Eg ringte Norli Nerstranda, dei kunne ikkje sjå at dei hadde innbunden kopi i butikken, Den hyggelege dama som hjelpte meg meinte også å kunne sjå på dataen at ingen av Norli-butikkane har den inne. Men dersom du kunne ta deg bryet med å dobbeltsjekke ved anledning så ville eg bli glad for det.
Her eg bur har vi berre ein bokhandel, så leitemuligheitene er ganske avkorta. Men eg har kika i ein del restekasser i diverse bokhandlar der eg har feriert i sommar, men utan hell når det gjeld akkurat denne boka (derimot fann eg ei anna som eg har vært på utkik etter ei stund ....)
Har tråla nettet etter norsk innbunde utgåve av denne boka. Den ser ut for å vere ute av sal. Eg har heller ikkje hatt lukka med meg på nettsidene til div antikvariat og bruktbokhandlar. Skulle det vere nokon som har tips om kvar den eventuelt er å få tak i vil eg vere takksam for det.
Sjølv er eg omlag halvvegs i den nyaste boka til Kjartan Fløgstad, Etter i saumane. Interessant lesing, sjølv om han tek opp att dei same poenga i overkant mange gangar.
Utover det så sit eg mest og ventar på at regnet kan lette litt, slik at eg kan få ordentleg kjensle av å sluntre unna ved å sitje inne og lese i staden for å gjere noko nyttig utandørs i godveret.
God Helg!
Sidan Vi ligg i tetsjiktet i avstemminga (delt 2.-plass nett no) så skuldar eg å gjere merksam på at lanseringa av den nye norske utgåva er noko forseinka i forholdt til prognosen då eg skreiv innlegget over. Eg har tatt kontakt med Solum, dei seier at dei er i innspurten for lanseringa, og håper på å få den i handelen rundt midten av september.
Eg løfter fram denne, eg, i tilfelle det skulle vere nokon interesserte som ikkje har fått med seg at det er avstemming på gang.
Snart ferdig med Mockingjay, den siste boka i Hunger Games-trilogien. Neste bok ut er truleg Et dukkehjem av Henrik Ibsen.
På bussturen heim frå Norway Cup i kveld/natt blei eg forøvrig ferdig med lydboka My Man Jeeves av P.G. Wodehouse, og har kome i gang med The First Men on the Moon av H.G. Wells. Trivelege bøker begge to, om enn på kvar sin måte.
God Helg!
Og på turen til Oslo så ramla eg sjølvsagt uforvarande innom ein bokhandel, der Risp i berget av Øystein Orten, ei bok eg har vært på utkik etter ei god stund, dukka opp påklistra ein ikkje altfor ublu pris. Dermed blei denne også med på turen.
Det får meg forresten til å tenke på følgende; når ein pris ikkje er ublu, er den då blu?
Problemet er, som du sikkert har merka, og som også har vært diskutert tidlegare, at bøker ein legg inn sjølv ikkje er søkbare på søkemotoren til bokelskere. Dermed er det i utganspunktet frykteleg vanskeleg å finne fram til bøker andre har lagt inn. Men når du først finn dei, så er eg viss på at det er mogleg å legge dei til i si eiga samling.
Så, kva skal ein gjere? Det er jo litt tungvindt å bla seg igjennom boksamlingane til 30 000 bokelskarar for å sjå om dei har ei utgåve av boka ein vil legge til. Men eg testa ut ein alternativ metode som ser ut til å fungere: Google!
Berre å google namnet på boka fører truleg ikkje fram, det er stor fare for at treffet du er ute etter kjem langt nede på ei liste av hundrevis av meir eller mindre relevante treff. Derfor lyt ein gå til "avansert søk", dette valet finn ein på verktøymenyen til google (tannhjul-symbolet). Skriv inn namnet på boka du leiter etter i søkefeltet øverst. Litt lenger nede på sida er det eit felt som heiter "nettsted eller domene". Her skriv du inn "bokelskere.no", dermed blir søket avgrensa til sider som ligg på bokelskere. Eg testa dette på to bøker eg har lagt inn sjølv, og som ikkje er søkbare på bokelskere, men google fann begge to.
Lykke til!
I tillegg til eit par av bøkene som stend på den gamle lista (ein kan kanskje luke bort dei som fekk færrast stemmer?) så har eg tenkt ein del på Vi av Jevgenij Zamjatin. Den skal visst ha vært ei inspirasjonskjelde for både Geroge Orwell og Aldous Huxley, og det ser ut for at den skal kome i ny, norsk utgåve om eit par veker og bør såleis vere lett å få tak i. Den har forøvrig kome på norsk minst ein gang før, på nasjonalbiblioteket ligg det ei utgåve frå 1959, så med litt flaks kan ein kanskje også finne brukt-eksemplar? Eg gjeng ut frå at den er kurant å få tak i på engelsk også, eller kanskje på russisk for den som heller vil lese på originalspråket?
Jauvisst skal eg det. Men 3-4 kampar pr dag held i massevis, så det bør bli ganske mange ledige timar pr dag (sjølv om ein god del av desse timane gjeng med til å stå på sprengfulle bussar og trikkar)
Sommaren gjeng fort, ja. Kan de begripe at den skal ha det så travelt? Sjølv så er eg snart ferdig med Politi av Jo Nesbø, håpet var å bli ferdig med den i kveld men det blir truleg litt for knapt med tid. Dermed får eg vel berre pakke den med meg i sekken. For eg reiser til Norway Cup i morgon tidleg, og då er det best å ha med seg rikeleg med lesestoff.
Har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal ta med av øvrige bøker, men får prøve å gjere det litt variert. Det er for eksempel på tide å lese Mockingjay, siste boka i Hunger Games-trilogien. Og så Et dukkehjem av Ibsen, kanskje? Dessutan er eg jo i gang med Utvandrar-serien til Vilhelm Moberg, neste bok ut er Nybyggerne 1. Jau, der trur eg pinadø eg har det klart.
Som lydbok på bussturen til og frå så er eg i gang med My Man Jeeves av P.G. Wodehouse, og i tillegg så har eg lasta ned The First Men in the Moon av H.G. Wells. Her ser ein konturane av ei triveleg reise.
God helg!
OK, takk! Det ser ut for at eg gjer lurt i å justere forventningane mine litt, men eg kjem nok til å lese den før eller seinare uansett.
På ein lengre biltur denne helga, på øyret blei eg ferdig med A Tale of Two Cities (Charles Dickens), og er godt i gang med My Man Jeeves av P.G. Wodehouse. Sidan familien er med på turen blei det også ein del prating og musikk undervegs, det er triveleg det også.
På nattbordet har eg Politi av Jo Nesbø. Dei første 100 sidene eller deromkring har vært svært bra, på linje med dei beste av dei andre Harry Hole-bøkene. Men sidan programmet for helga er ganske tett så tviler eg på at eg kjem særlig langt i den før ut i veka ein gang.
God Helg!
Bergskatt av Toril Brekke las eg ganske nyleg, og likte den godt. Ein del av Falkberget sine bøker handlar vel også om gruvedrift, vel? Christianus Sextus t.d.
Har prøvehøyrt litt, og er ikkje nøgd med opplesaren på loyalbooks. Då må eg anten finne lydboka ein annan stad, eller så blir det papirbok etter kvart. I mellomtida har eg lasta ned My Man Jeeves som neste lydbok, den høyrer vel til ein litt annan sjanger.
Dersom du er uroleg for å gape for høgt i første omgang, så kan det kanskje vere ein ide å snuse på nokre av John Steinbeck sine meir lettbeinte bøker? Dagdrivergjengen og Cannery Row til dømes? Det spørs kor streng du vil vere på begrepet "store klassikarar", men god, lettlest og underhaldande litteratur er det i alle fall. Og klassisk vil nok mange vere samde med meg i.
Eg kom til å tenke på Forlat oss vår skyld av Romain Sardou. Om ikkje direkte krim, så i alle fall drapsmysterium frå middelalderen. Sjølv likte eg denne veldig godt.
Sjølvsagt har eg lyst, du bruker å skrive fine omtalar, denne var ikkje noko unntak. Noko av det som har gjort meg ekstra nyfiken på boka er denne setninga i forlaget sin omtale:
"Teksten drypper av referanser til det tyvende århundres historie og litteratur"
Var dette noko som slo deg undervegs i lesinga?
PS
I eit åpent diskusjonsforum er det etter mitt syn ingenting som heiter "å blande seg inn", i allefall har eg aldri uroa meg for det når eg har kome inn i ein diskusjonstråd.
Oi, denne har eg hatt lyst til å lese lenge. Håper du kan skrive eit par ord om den når du er ferdig.