Det blei rart å ha ei helg utan noko program, ikkje hundetrening ein gang. Får prøve å roe ned med ei bok, då. Det har gått litt treigt med Overgangen siste veka, kanskje eg klarer å gjere eit godt jafs i dei 300 sidene eg har att? Skal uansett stresse ned uansett kva eg gjer i helga, det har vært i overkant travelt i det siste.

God og avslappande helg til alle!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sommerboken er kjempefin!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har vært ei møkkahelg for lesing, men strålande for stort sett alt anna. Heim frå jobbreise på laurdag, rett på fotballturnering i strålande vårver, så enno meir fotball, og grilling og kos i hagen i ettermiddag. Det einaste eg har fått tid til å lese i helga er 10-20 sider av Overgangen. Alle monner drar, men det er framleis rundt 350 sider att ...

Ein kan vel ikkje skrive "God helg" no når det berre er att 1 time og 40 minutt av den, så eg sjansar på "God mandag" (høyrest ikkje like bra ut, dog ...)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Helg på helg, det vil ingen ende ta. Kvar vart det av veka? Ja ja, bakenden er uansett godt planta i godstolen, så då er det berre å finne fram lesestoff.

Det er fullt fokus på Overgangen for tida, nærmar meg halvlest. Skal på jobbreise neste veke, denne gangen betyr det at eg til avveksling har fri på kveldane, så eg har god von om å kome langt med denne boka innan neste helg.

Så har eg starta å høyre på lydbok igjen, etter ein månads pause. Eg har lasta ned ei reiseskildring frå 1899, Sailing Alone Around the World av Joshua Slocum. Treng eg fortelje kva den handlar om?

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Er vel rundt 12% bak deg, og er i fint driv med boka no. Men eg meinar å spore ei endring i språket etter at vi kom i skauen. Der var tidvis veldig flott språk i den første delen av boka, no tykkjer eg det har flata ut ein del. Og så irriterer eg meg bittelitt over små skrivefeil, og litt meir over ein del over åpenbare feiloversetjingar. Er det nokon som har høyrt om ein kryssbue før? Eg googla for å sjå om det i det heile tatt finnest noko som heiter dette, og uttrykket blir visst nytta om sånne bøyelege teltstenger i kuppeltelt. Lite egna til å forsvare seg med altså. Men "crossbow" på engelsk tyder "armbrøst" på norsk, eg ville heller hatt eit slikt eit i møte med ein viral.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det var mykje snakk om regnbogefarga hundrerubel-setlar undervegs. Eg vart nyfiken på korleis desse ser ut, og googla litt:

skriv bildebeskrivelse her

Med tanke på avisoppslag om homofobe haldningar i dagens Russland kunne det kanskje vere ein tanke å take opp att dette fargevalet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skuldig i å ikkje bidra, ja. Det blei hardt nok å henge med på boka, eg makta ikkje å følge med på diskusjonstråden i tillegg. Men i boka sin ånd så kan eg jo take på meg skulda for alle dei andre som ikkje har bidratt også.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Passar meg veldig bra. Måtte legge bort denne for å bli ferdig med Brødrene Karamasov, men no er eg snart i gang igjen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei liknande side, Verdensleseren, av bokelsker Helene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fotball og nyhende.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er meldt kaldt og litt regn det meste av helga. Perfekt ver til å lese i, altså. Så i helga tenkjer eg at eg gjer ende på Brødrene Karamasov, i den grad dei ikkje greier dette på eiga hand. Skal bli spanande å sjå. Har rundt 100 sider att no. Deretter blir det fullt trøkk på Overgangen, som har fått kvile eit par veker.

Men nett no skal eg ut på gjeterhundtrening med hunden. Trur han forstår kvar vi skal, for no gjeng han rastlaust rundt og kikar på meg.

God helg, med eller utan sauer.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er i ferd med å vende nasa heimover etter ei jobb-veke i utlandet. Det var ikkje verre enn at eg kom meg igjennom 2. bind av Brødrene Karamasov, i veka som gjekk, og no satsar eg på å kome langt i veg med 3. bind før heimturen er over. Skulle eg bli ferdig med den denne, så blir det fullt trøkk på Overgangen.

Forøvrig må eg nok reikne med å bruke litt tid på andre ting enn lesing den halve helga eg får heime. Hundetrening for eksempel. Ja, og så må eg vel nesten helse litt på kone og barn også. Kjekt blir det i alle fall.

God Helg!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

-- Å, mine herrer, kan vi ikke klare oss uten disse detaljene: når, hvordan og hvorfor... ellers trenger jeg tre bind og attpåtil en epilog!


(Solum sin utgåve er på tre bind og inneheld ein epilog, Dostojevskij meinte åpenbart at alle detaljar må vere med)

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Byens overklasse var mangeartet og lystig, gjestfri og rik, og jeg ble godt mottatt overalt, - jeg var nemlig glad og munter, og hadde dessuten ord for ikke å være fattig, og det betyr alltid meget i selskapslivet.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Her er det også nær full stopp i all lesing. Fullt trøkk både på jobb og i fritida, og søndag reiser eg på langtur. Trudde kanskje at flyturen kunne bli eit godt høve til å få lest ein del, men slik det ser ut no så ser det heller ut for at eg må nytte den tida til å førebu foredraget eg skal halde når eg kjem fram. Ja ja, moro er det no uansett. Og aldri så travelt at ein ikkje har tid til å delta på helgetråden.

God helg!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Hei,

Under menyen "Finn bøker" er det eit val som heiter Omtalte tider. Ved å klikke på Jernalderen kjem det fram nokre alternativ. Mest sakprosa, men der ser ut for å vere nokre få romanar også.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det drar seg til med aktivitetar både på jobb og på heimebane no, dette var tredje (av fem) strake veke med jobbreise. Artig det også, sjølvsagt, men det blir mindre tid til lesing. Har ikkje særleg von om å kome i mål med nokon av lesesirkelbøkene Overgangen eller Brødrene Karamasov innan fristen, særleg ikkje etter at det blei klart at eg kjem til å bruke store delar av denne helga som friviljug på eit større arrangement i bygda.

Og no får eg beskjed av hunden om at det er på tide å ta seg ein tur ut, så eg skundar meg med å ynskje god helg til alle!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Fotball, hundetrening, lesing og husarbeid. Dette er helgeaktivitetane, i prioritert rekkefølge. Då gjeld det berre å sørge for at det ikkje blir tid til alt.

Det er utelukkande lesesirkelbøker som er på planen denne helga også, Brødrene Karamasov og Overgangen. Var innom bokhandelen og kika i dag, men greidde å overtyde meg sjølv om at eg har nok uleste bøker i heimen. Kan det vere at eg har fått ryggrad, utan at eg la merke til det? Vi får sjå.

God helg!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det høyrest bra ut. Er såvidt i gang med bind 2 (av 3), det skadar ikkje med eit parti der sidene fyk unna.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg burde kanskje føye til at hovudgrunnen til at eg ikkje tykkjer denne funksjonen er interessant er at eg har ei målsetjing om å lese variert. Ein funksjon som gjev meg anbefalingar basert på kva eg har lest før vil såleis motvirke denne målsetjinga. Men eg ser jo absolutt poenget med at ein kan bli merksam på bøker ein ikkje visste om frå før.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineEvaAmanda AKirsten LundElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardBerit B LiePiippokattaSynnøve H HoelEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeterStig TKristine LouiseKjell F TislevollFredrikTine SundalTurid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbel