'Forklar hva De mener,' sa jeg til ham.
'Forklare hva jeg mener,' gjentok han, 'unge herre, De forlanger mye. De burde heller si: Skjul Deres mening i den slags fraser som jeg er vant til å høre, og som ikke betyr noe som helst.
(frå Drømmerne)
"De aner ikke," sa prinsessen av Augustenborg til herr Goettingen, "hvor rensende dette stedet er. Selve havet har blåst tvers gjennom hatten og klærne mine, ja gjennom hud og marg og ben, og selv hjertet og sjelen min er feid, soltørket og saltet."
"Med attisk salt, det har jeg allerede merket," sa herr Goettingen, og idet han så på henne tilføyde han i sitt stille sinn: "Ja, ved gud, akkurat som en klippfisk."
(frå Syndfloden over Nordeney)
Det var fælt, men eg overlevde.
Eg les ikkje mykje sakprosa, stort sett ein stad mellom 5 og 10 bøker per år. Favorittemna er geografi/reiseskildringar, vitskap/teknologi og sport/underhaldning. Eg trur nok at over 90% av sakprosabøkene eg har lest dei siste åra fell innanfor desse kategoriane.
Kva som er mest vanleg på bokelskere veit eg ikkje sikkert, men eg ser jo at det er mange som les biografiar og personlege skildringar, samt bøker om historie og historiske hendingar.
Nytt profilbilete, eller er det eg som har følgt dårleg med? Flott var det uansett.
Sløv påske i heimen. Veret inspirerer ikkje til dei store utfluktene, og det er egentlig ganske godt å berre la tida gå. Når den gjeng sakte nok, så tek eg fram ei bok. Karane Brødremasov, eller var det Brødrene Karamasov, har eg ikkje kome lenger i sidan sist, får sjå om eg kjem vidare med den no i helga.
På nattbordet har eg liggande Muldvarpen av John le Carré. Den får telje som påskekrim, sjølv om det er meir ei spion-forteljing. Vidare les eg i Langs Silkeveien i Sentra-Asia av Torunn Berge, denne har ikkje heilt innfridd forventningane innledningsvis, håper den tek seg opp etter kvart.
Ja, og så høyrer eg på lydbok når eg er ute og køyrer bil, Har nyleg starta på Penguin Island av Anatole France. Denne teiknar til å bli bra.
God påskehelg til alle saman!
meta#2: Påskelektyra er ei bok om å leite etter påskeegg. Nåja, ikkje heilt meta kanskje, men litt i den retninga.
Tenk deg at du får ein uventa presang. Nydeleg innpakka, forseggjort gåvepapir og flott silkeband med sløyfe på. Sjølve innpakkinga er så proft utført at det er ein rein nytelse å løyse opp bandet, brette opp dei sylskarpe brettane i papiret, og sjå der, innanfor er det eit like flott lag med silkepapir som også skal pakkast opp. Slik held ein fram til presangen er utpakka, og den er veldig fin men du veit ikkje heilt kva det er. Ei bokstøtte, kanskje, eller muligens ein stavmiksar, det er ikkje godt å bli klok på. Men gåva er uansett fin å sjå på og den gjev inntrykk av kvalitet, for ikkje å snakke om den fine innpakkinga, derfor er det uråd å ikkje bli glad for den.
Dette er ganske nøyaktig slik eg kjende det med denne boka. Det er ei samling på sju forteljingar (tittelen lyg ikkje) som har ganske lik forteljarstil og stemning. Språket er ein fryd å lese, og i kvar forteljing spennast det opp storslagne lerret som handlinga kan utspele seg på. Men så buttar det litt, det er berre unntaksvis råd for underteikna å forstå kvar forfattaren vil hen med historiene, poenga forsvinn rett og slett for meg. Eg held det for sannsynleg at litteraturkjennarar vil få meir ut av historiene enn det eg sjølv gjorde, for meg framstod det meir som ei fingerøving i skrivekunst utan klare tankar om kva som eventuelt skal formidlast. Men du verden, skrivekunsten i og for seg var overtydande til tusen.
Eg las denne saman med gretemor sin lesesirkel, diskusjonstråden er her, nok ein gong er eg glad og takknemleg for at deltakinga i lesesirkelen har leia meg til å lese ei god bok eg truleg ikkje ville funne på å lese av meg sjølv.
Eg bestilte eit eksemplar av Ready Player One frå bokklubben i 2016, og oppdaga at boka som kom i posten var signert av forfattaren Ernest Cline. Dette tykte eg var særs moro, og det trigga meg til å prøve å skaffe fleire signerte bøker i framtida. Frå før har eg Gunn Marit Nisja sine romanar med trivelege helsingar inni, samt eit signert eksemplar av ei av Arne Holstad sine bøker. Skulle antalet auke i åra som kjem kan det vere greit å halde oversikta, derfor denne lista.
Det er jo eit drygt år sidan eg las denne no, så eg hugsar ikkje på om der var mange ord eg ikkje forstod. Men dette visste eg i alle fall ikkje. Kjekt å høyre at du også kosar deg med denne boka.
Under eit nettsøk etter noko anna, kom eg over denne masteroppgåva frå Universitetet i Bergen, der Kine Meling drøfter Mnem. Har berre bladd såvidt i den, det ser ut for at der står masse bra, og eg ergrar meg over at eg ikkje kom over den medan vi las boka.
Regn og sludd her no. Perfekt påskever med andre ord, då kan ein sitje inne og lese med godt samvit. For min del er det lesesirkelbøkene Brødrene Karamasov (alvorleg på etterskot) og Ready Player One (omlag på skjema) som er lektyren. Kanskje får eg også pressa inn ein krim før påska er over, men det blir i alle fall ikkje denne helga.
God helg!
Sjølv tykkjer eg det er godt med 1-2 veker opphald mellom lesesirkelbøkene. Men skulle det bli ny bok frå 1. april så prøver eg sjølvsagt å henge meg på.
Innertier!
... ingen grunn til å ha eit liv utanfor bokelskere, vel?
Det kan virke som om du har satt likheitsteikn mellom husstandar og personar i dette overslaget. Korrigerer ein for dette, så blir antalet vindmøller som trengs litt lavare. Men framleis veldig omfangsrike vindmølleparkar, ja. Og det er vel nettopp det som er skissert i boka.
Eg meiner det er nevnt vindmøllepark også, i skildringa av ein busstur ca midt i boka. Og heilt i byrjinga av boka får vi vite at hovudpersonen har ein ergometersykkel på gøymestaden sin for å kunne lade laptopen sin.
Sjølv tykkjer eg skildringa av energimangelen er ganske overtydande hittil (har kome halvvegs i boka). Det handlar jo til sjuande og sist om kva folk prioriterer å nytte energien til. Sidan dei fleste vi møter lever nær sagt heile livet på internett så gjev det også meining at ein prioriterer å nytte energien til å halde datamaskinene i gang.
Å vere grasenkemann må vere fine greier, tenkte eg. Masse tid til meg sjølv, og sååå masse eg skal få lest. Sjølvbedrag, sjølvsagt, den andre halvdelen av oppgavene i heimen et opp denne ekstra-tida og vel så det.
På denne måten har eg havna litt på etterskot med dystopilesesirkelboka Ready Player One, og alvorleg på etterskot med gretemorlesesirkelboka Brødrene Karamasov. Ikkje har eg følgt ordentleg med på diskusjonane heller. Derfor blir det desse to bøkene som får det meste av lesetida mi denne helga.
God helg!
Det er jo eit vanskeleg spørsmål, i og med at eg ikkje har oversikt over kva for bøker som har vært forbodne i tid og rom. Eg har lite moglegheiter for å vite noko om korvidt t.d. Jo Nesbø sine bøker er forbodne i t.d. Turkmenistan. Og eg veit ikkje noko om kva for litteratur som er forbode i Nord-Korea, men eg ville ikkje vere forundra om all utanlandsk litteratur er forbode der. I så fall vil jo alle bøker av norske forfattarar eg har lest kvalifisere som teljande i ei oppteljing til utfordringa di.
Dersom ein avgrensar det til forfattarar som har skrive bøker som har blitt forbodne i Norge, så er igjen kunnskapen min mangelfull. Dei einaste eg er sikre på og som eg har lest bøker av er Mykle og Bjørneboe. Men eg har ikkje lest sjølve bøkene som blei forbodne, henholdsvis Sangen om den røde rubin og Uten en tråd (det var vel berre desse to som blei forbodne?). Så i strengaste tolking av utfordringa di er kanskje svaret null.
14 her. Og så sit eg og spekulerer på når, kvar og kvifor i all verda dei enkelte bøkene har blitt forbodne.
Såg det. Men no får det greie seg for ei stund. (Ha ha, kven er det eg lurer?)
Det stemmer sikkert. Kvart kapittel startar med "This is a LibriVox recording, all LibriVox recordings are in the public domain, etc. etc.".
For øvrig har eg blitt ganske nøye med å sjekke kvaliteten på lesinga før eg lastar ned desse lydbøkene, der er ganske varierande kvalitet på opplesarane. Det grellaste eksemplet eg har vært ute for er truleg dette. Eg saksar frå omtalen eg skreiv:
Det var mande ulike opplesarar som veklsa på å lese dei ulike kapitla, og det var svært varierande kvalitet på dei. Enkelte gangar fekk eg kjensla av at opplesinga var ein del i eit prosjekt for folk med lese- og talevanskar, og når eg trudde det ikkje kunne bli verre så kom det pinadø også ein deltakar i eit grunnkurs i engelsk for innvandrarar. Det er kanskje dårleg gjort å klage over ei bok som eg har lasta ned gratis, men det kan vere greit å tipse om at den som ynskjer å høyre den som lydbok godt kan leite etter ei anna innspeling.