Jaudå, Oksanen skriv bra. Det er eit par-tre år sidan eg vart merksam på denne forfattaren (på Bokelskere, sjølvsagt), og eg har gleda meg veldig til å lese noko av ho.
Språket er framifrå, og historia er veldig fint bygd opp. Handlinga er i Estland, mykje av historia er lagt til tida rundt andre verdskrigen og nokre bolkar ligg eit par tiår lenger fram i tid. Overskrifta til kvart kapittel er staden handlinga er lagt til, statusen til det estiske territoriet (som skifta hyppig i denne tida) samt ei frimerke-liknande teikning med årstalet for hendinga. Dermed blir det lettare for lesaren å få med seg spranga i tid og i styresmakter i løpet av boka.
Resten er ikkje fullt så enkelt. Boka skildrar eit kjærleiks- og familiedrama samstundes som den skildrar Estland sin lagnad som ein kasteball mellom krigande stormakter, og kva det gjorde med menneska der. Handlinga er i og for seg ikkje så innfløkt, men det kjem stendig henvisningar til historiske personar, hendingar, stadar og organisasjonar som ein truleg må vere estlendar eller ha særleg interesse for estisk historie for å kunne knyte dei assosiasjonan til som forfattaren legg opp til. Først mot slutten av lesinga oppdaga eg at der er ei ordliste heilt bakerst som forklarar enkelte av desse namna, men langt frå alle. Denne mangelen på kunnskap om estisk historie var nok det som gjorde at eg fekk kjensla av å aldri kome heilt inn i handlinga i boka.
Likevel, eg er på ingen måte uviljug til å lese fleire bøker av Oksanen i framtida. Faktisk er eg såpass viljug at eg handla inn Utrenskning på bokklubb-sal for litt sidan. Eg gleder meg til denne også.
Nakne fanger med hutrende hvit og tørr hud sto på rekke da de gikk ut. Hendene forsøkte å dekke kjønnsorganene. Av rykningene og rallingen å dømme var den skutte fangen ikke helt død, men tennene var allerede fjernet og kunstneren var på plass med blokka for å forevige hendelsen.
En annonse med sørgekant på forsiden fikk hånda til å løfte seg mot tinningen, selv om lua lå på bordet. "Alle falne i frigjøringen av Estland blir minnet og dypt savnet av ..." I avisa stod friheten med svarte kanter, i tankene mine rant det rødt blod av den.
Čapek stend høgt på lista mi over forfattarar eg ikkje har lest noko av, og som eg skal lese noko av. Det er først og fremst R.U.R, Salamanderkrigen og kanskje Krakatit eg har planar om. Denne reiseskildringa kjende eg ikkje til, men den sklir rett inn på lista.
Eg blir med.
Sidan det var 8 som stemte på boka (dersom eg hugsar rett), og eg ikkje var ein av dei, så gjeng eg ut frå at vi blir minimum 9 personar. Håper sjølvsagt på at det blir mange fleire.
Solum-utgåvene er forøvrig å finne på årets Mammut-sal, det er framleis nokre få dagar att. Pakke med alle 3 binda til kr 349,-. Bestilte der, eg, og slengte like god på Idioten.
Eg meiner å hugse at vi brukte omlag 8 veker på Middlemarch, som er omlag like omfattande (i allefall målt i antal sider)
Løfter opp valtråden, eg, vonar det er greit.
Støtter deg på Metro 2033, foreslo den i den andre lesesirkelen ein gang i tida men den passar nok mykje betre her.
Dette blir bra, gleder meg. Boka er bestilt frå bokklubben, 262,- med stive permar, håper den kjem fram til lesestart. I mellomtida får eg finne fram litt god gamal 80-talsmusikk.
Dikteren
Spørs om eg skal bygge meg hus ute i ei tjønn eg også, så slepp eg å slå plen om sommaren.
Liv skal bli ...
Sjølv så hadde eg ei oppleving av at det var store svingningar i boka (og det er ikkje meint på ein negativ måte). Språkmessig, frå poetiske vendingar, til nøkterne nær-vitskaplege utgreiingar, til bannskap og rå humor. Handlingsmessig frå den varlege skildringa av Melanie sin oppfatning av verda rundt seg (dette er kanskje det eg likte aller best med boka) til dei reinaste splatter-orgiar. Aldri kjedelig, aldri monotont.
Eg ser frå wikipedia-sida om Bjørnstjerne Bjørnson at han gav ut Fortællinger I-II (eg tolkar dette som at det er to bind) i 1872. Dermed er det stor sjanse for at det er ei førsteutgåve du har, noko som i seg sjølv er attraktivt for samlarar. For moro skuld gjorde eg søket "Bjørnstjerne Bjørnson 1872" på Antikvariat.net, det ser ut for at bøker tilsvarande den du har er til sals for rundt 500 - 1000 kroner. Men der er også eit sett med hefter som kostar heile 15000,-.
Sjølv tykkjer eg det er eit godt råd å oppsøke antikvariat for verdivurdering. Men skulle du gå i tankar om å selge så finnest det kanskje andre måtar å oppnå ein god pris på. Legge ut på finn.no, kanskje? Start f.eks. med det dobbelte av det høgaste prisanslaget frå antikvariata du besøker. Får du ikkje napp er det vel berre å redusere prisen gradvis. Eller kanskje finnest det auksjonssider på internett som kan vere interessante, dette veit eg lite om.
Måtte flire godt på side 130, der Singsaker minnest ei gamal drapssak frå då han var stasjonert i Horten:
Det var to andre politimenn med, Lier og Horst het de vel.
Eit tydeleg nikk til samfylkingen og krimforfattar-kollega Jørn Lier Horst her, altså.
Bra forslag, dette er ei bok eg har gått i tankar om å lese. Og den er for tida tilgjengeleg til særs rimeleg pris hjå bokklubben.
Då har eg same utgåva som deg ståande i bokhylla.
Skal ein tru på wikipedia, så er det endåtil ein tetralogi. İnce Memed IV kom i 1987.
Har sjekka litt på nettbokhandlar og antikvariat, det ser ut for at den første boka, Magre Memed frå 1955, et litt vanskeleg å få tak i. Derfor opprettheld eg forslaget Tistlene brenner, som altså er bok nr. 2 i serien, ei frittståande forteljing, og lett tilgjengeleg.
Det tok litt tid før bjella ringde, men den gjorde det til slutt. Den svenske tittelen Låt tistlarna brinna er ei anna bok, originaltittel İnce Memed, som på norsk heiter Magre Memed. Det er nok også hovudforklaringa på kvifor forlagsomtalane er ulike. Det var årstalet for boka du har som til slutt fekk den omtala bjella i sving; boka du har er frå 1958, medan İnce Memed II som har tittelen Tistlene brenner på norsk (og Och de brände tistlarna på svensk), kom ut i Tyrkia i 1969. Fort gjort å gå seg vill her.
Sjølv har eg bokklubben-utgåva av Tistlene brenner i hylla. Noko som gjorde meg litt skeptisk no når eg kika etter, er at den ikkje er omsett direkte frå tyrkisk, men frå den engelske utgåva. Dette doblar sjansen for feil og manglar i forhold til originalteksta. Omsetjarane er Aud og Trygve Greiff, det ser ut for at dette er den same omsetjinga som for paperback-bøkene som er i handelen no.
Sjølv har eg lyst til å trekke ut av den vestlege kultursfæra igjen. Forslaget mitt er Tistlene brenner av Yaşar Kemal. Har lest fleire flotte omtalar av denne boka, og trur den vil egne seg godt til samlesing. Frå vaskesetelen:
Yaşar Kemal regnes av mange som Tyrkias fremste forfatter. En rekke av hans bøker er oversatt til norsk, men Tistlene brenner fra 1969 må kunne regnes som hans hovedverk. Her møter vi Magre Memed: En ung mann, liten av vekst og med usedvanlig glødende øyne. Men for de lutfattige og alltid redde bøndene er han en kjempe, utstyrt med overnaturlige evner til å lure de mektige og hjelpe de undertykte. Historiene om hans bedrifter vandrer fra sted til sted, i stadig frodigere varianter. Magre Memed betyr selve håpet om at de en gang skal få spise seg mette og leve uten frykt for overmakten. I Memeds omflakkende tilværelse finnes også den vakre Seyran, og deres få og farefylte møter blir en kjærlighetshistorie så vakker at det svir i sinnet.
Boka er å få kjøpt ny i bokhandlane, men berre som paperback ser det ut som. Men eg vil tru det er forholdsvis kurant å få tak i innbundne bøker frå antikvariat etc. for den som heller vil ha stive permar (slik som eg).
No skin det jammen meg sol ute, det er 4 månadar sidan vi såg den sist her eg bur. Ein får ta det som eit teikn på at det blir ei fin helg. Det er jo alltids trivelegare å kike ut på solskin enn på regn medan ein sit inne og les. Neidå, eg skal nok finne på nokre ute-aktivitetar også. Ein har då hund, må vite.
Det blir uansett innspurt i lesesirkelboka Syv fantastiske fortellinger denne helga, reiknar med å kome greit i mål før søndagen er omme. Vidare er eg i gang med Jørgen Brekke sin tredje bok om Odd Singsaker & co, Menneskets natur. Likar godt det eg har lest så langt.
Som lydbok medan eg køyrer bil høyrer eg no på Candide av Voltaire, her raljerast det over ein lav sko. Artig, men litt for mykje repetisjon av same type poeng så langt. Vi får sjå korleis historia utviklar seg vidare.
God helg!