Eg kom også til dette sitatet i Drømmerne no i kveld, og det er jo ei høveleg rettleiing frå forfattaren til lesaren.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka startar nesten som ei detektiv-historie, og sklir gradvis over i ei slags Kafka-liknande røre. Likevel likte eg den godt, kanskje først og fremst på grunn av dei gode og levande skildringane av miljø og situasjonar.

To poetar kjem i ein heftig diskusjon om poesi og anarkisme, det ender med at den anarkistiske av dei, Mr. Gregory, inviterer diskusjonsmotstandaren sin, Mr. Syme, med på eit anarkistmøte. I dette løynlege møtet skal det velgast ein ny representant til det europeiske anarkistrådet. Dette rådet har sju medlemmer, alle med vekedagar som kodenamn, og det er setet som «torsdag» som er ledig.

Dette er opptakta til det som synest å vere ei spanande detektivforteljing. Eller ein spionroman? Eller ein thriller? Etter kvart blir historia meir og meir surrealistisk, og det blir vanskeleg å plassere den i ein sjanger-bås. Men forteljinga er fengslande, og godt fortalt. Berre mot slutten ramla eg litt av lasset. Det synest også som om forteljinga kan vere ein allegori for eit kvart, utan at eg tør å ta på meg på peike på kva det skal vere.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, der opplesaren gjorde ein framifrå jobb.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Moderate strength is shown in violence, supreme strength is shown in levity.

(Chapter XIV)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"You can find good English inns left by accident everywhere, like fossils," explained the Professor. "I once found a decent place in the West End."

(Chapter VIII)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"There again," said Syme irritably, "what is there poetical about being in revolt? You might as well say that it is poetical to be sea-sick. Being sick is a revolt. Both being sick and being rebellious may be the wholesome thing on certain desperate occasions; but I'm hanged if I can see why they are poetical. Revolt in the abstract is--revolting. It's mere vomiting."

(Chapter I)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er eit knippe historier stila til ein liten unge. Kipling talar direkte til ungen undervegs i historiene, med frasen «O my best beloved». Dei fleste av dei 13 historiene har som fellestrekk at dei fortel om korleis ulike dyr fekk dei ulike kjenneteikna sine; kvalen sitt svelg (med bardar), kamelen sin pukkel, den tjukke huda til nashornet etc. Det er stor grad av fantasirikdom og originalitet i forteljingane. Der er sjølvsagt også ein god del humor, og den er todelt. Noko av humoren er tenkt for barn, medan ein for andre humoristiske poeng truleg må vere vaksen for å få fullt utbytte av dei.

Boka er skriven av ein borgar av kolonimakta Storbritannia for over 110 år sidan, og den må nok lesast med dette i bakhovudet. Enkelte passasjar eller poeng ville nok i dag bli stempla som rasistiske, stigmatiserande, kjønnsdiskriminerande eller med andre merkelappar for upassande formuleringar. Likevel er ikkje dette noko som skjemmer boka i særleg grad sjølv med PK-briller på nasa, i allefall ikkje dersom ein tek innover seg at dette var skrive i ei anna tid.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesaren hadde ein indisk-liknande aksent som på ein måte kledde historiene godt med tanke på Kipling sin bakgrunn frå India. Einaste ulempen med lydbok denne gangen er at den trykte boka inneheld eit par illustrasjonar for kvar historie. Opplesaren las også den omfangsrike, forklarande biletteksta til kvar illustrasjon, og det er nok ingen annan råd enn å skaffe seg eit trykt eksemplar slik at eg kan få sett dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pocket-utgåve til kr 166,70 på bookdepository. Har kjøpt bøker der før, fungerer greit, prisen inkluderer porto.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har same problemet med "Krigføringens kunst", det ser ut som om denne og Fyrsten tilhøyrer same serien med illustrerte praktutgåver frå Damm. Anten er desse utgåvene særs populære, eller så har Damm satt av særs få eksemplar til Mammutsalet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har kome like langt som deg, eg då. Blir nok ferdig i løpet av veka. Eg synest foreljingane er artige å lese, men eg også slit av og til med å fange opp ein eventuell bodskap.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hanssen sine stykke om "Johannes og eg" var noko av det kjekkaste eg las i Norsk Barneblad på 70-talet. Eg var ikkje klar over at dei kom ut som bøker. Noko å halde utkik etter på loppemarknad etc i framtida. Eller kanskje skal eg late det vere, det kan jo hende desse sogene har blitt ein Bjednekniv for meg.

PS
Oluf-boka kjem opp på trefflista fordi Arvid Hanssen er oppført som redaktør.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fantastisk fin og oversikteleg måte å halde avstemming på. Er det satt nokon dato for når avstemminga skal vere unnagjort?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og då er eg ferdig, ein dag før tida. Den første tanken som slo meg i det eg las dei siste setningane var om denne sangen kjem til å dukke opp på lydsporet til filmen.

Apropos filmen, så blei eg skuffa over å lese at det er ei kvit, ung dame som skal spele Helen Justineau. I boka er ho vitterleg mørkebrun og noko eldre. Eg tviler ikkje på at Gemma Arterton kler rolla godt, men likevel ...

I takkeordet til slutt kjem det fram at romanen vaks ut av ei novelle, Ifigenia i Aulis, publisert i ein antologi. Det ser ut for at antologien heiter "An Apple for the Creature". Er det nokon her inne som har lest den?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg er på vestkysten av Afrika rundt 1909, i jungelen. Og eg trur jammen meg at Jane er i ferd med å bli forelska i Tarzan.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har vært på ein lang biltur i dag. då høyrde eg omlag 2/3 av Tarzan of the Apes. Blir nok aldri for gamal til å høyre/lese slike eventyr. Eg skal køyre litt til i helga (Fotballturnering!), skulle eg bli ferdig med Tarzan så startar eg på Candide av Voltaire.

På fergeturane i dag (det blei 4 totalt) så rakk eg å lese ferdig dystopilesesirkelboka Menneskebarnet. Den andre lesesirkelboka Syv fantastiske fortellinger reiknar eg også med å kome eit godt stykke vidare i før helga er ferdig. Og for ikkje å lese for fort, så sper eg på med Utvandrerne av Vilhelm Moberg.

God helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fekk ei liknande krysskopling då eg skulle ete ein brødblings med m.a. alfalfa-spirar her om dagen. Måtte ta meg saman for å gløyme at desse lange, kvite trådane ikkje har noko med zombie-soppen å gjere.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har knapt 100 sider att. Skal vere brukbart i mål innan laurdagen er over.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Historier inni historier inni historier ... det blir omlag som i 1001 natt. Og Blixen kjem jo med eit ganske utilslørt hint til 1001 natt i siste setninga i den fjerde historia.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er ikkje utenkeleg. I det minste ikkje i ei slik forteljing.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I tilfelle du skulle få lyst til å starte ein ny tråd ved eit seinare høve: Dersom du gjeng inn på Diskusjoner - Oversikt så er der tre "straumar" av diskusjonstrådar, øverst med tittelen "Om litt av hvert", deretter "Om bøker" og til slutt "Om bokelskere.no". Under kvar av desse straumane er det ein knapp som heiter "Start en diskusjon". Ved å trykke på denne så starar ein ein ny diskusjonstråd i den aktuelle kategorien, og ein kan velge tittelen på tråden sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kapittel 42:
Og når så du din far sist?
(When did you last see your father?)
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundHarald KNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter