Jepp, bokklubben trumfar Mammut for mange bøker. Så eg kjem nok til å sjekke bok for bok av dei eg er interessert i kvar det er billigast å handle. Det er jo også ganske mange titlar som ikkje overlappar mellom dei to sala.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så er vi pinadø i gang igjen. Mammutsal. Har bladd litt i lista, og er ikkje så fryktelig imponert korkje over utvalet eller rabattane. Eg ser jo bøker der som eg alt har kjøpt til langt lavare pris. Men eg ser også ei og anna boka som eg godt kan finne på å bestille.

Skal eg få lov til å anbefale praktutgåva av Fyrsten av Machiavelli til den som måtte gå i tankar om å lese denne ein gang? Denne kjøpte eg til ein liknande pris for nokre år sidan, og tykte det var gjevt med all renessansekunsten som er nytta som illustrasjonar til teksta.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Det blir nok Sigurd Hoel sin Syndere i sommersol, med hårfin margin over lesesirkelboka Middlesex

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det slo også meg den gangen eg las boka, for rundt 28 år sidan, kor annleis historia var en den i filmen. Nesten slik at ein kunne ha rettferdiggjort å laga ein film til, basert på den opphavelege historia i boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lite nytt å melde sidan førre helg. Lesesirkelboka Syv fantastiske fortellinger har eg såvidt fått byrja på, og i dystopilesesirkelboka Menneskebarnet er eg knapt halvvegs. Satsar på å få tatt gode jafs av desse i helga. Vidare er eg omlag halvvegs i Da duene forsvant av Sofi Oksanen. Denne har tatt seg kraftig opp etter ein litt forvirrande start.

Av lydbøker så er eg snart ferdig med The Man Who Was Thursday av G.K. Chesterton. Veldig bra. Kanskje får eg starta på ei ny ei før helga er over, men eg har ikkje bestemt meg for kva for ei enno.

God Helg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då har boka endeleg kome i posten, ei veke etter bestilling. Så då er eg snart med i tråden.

Eg er forøvrig litt undrande til ei formulering i forlaget sin omtale av boka:

"... forfatteren gjemte seg bak det mer kjønnsnøytrale navnet Isak Dinesen, ..."

På kva måte skulle Isak Dinesen vere kjønnsnøytralt?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

PUSSY can sit by the fire and sing,
Pussy can climb a tree,
Or play with a silly old cork and string
To'muse herself, not me.
But I like Binkie my dog, because
He knows how to behave;
So, Binkie's the same as the First Friend was,
And I am the Man in the Cave.

Pussy will play man-Friday till
It's time to wet her paw
And make her walk on the window-sill
(For the footprint Crusoe saw);
Then she fluffles her tail and mews,
And scratches and won't attend.
But Binkie will play whatever I choose,
And he is my true First Friend.

Pussy will rub my knees with her head
Pretending she loves me hard;
But the very minute I go to my bed
Pussy runs out in the yard,
And there she stays till the morning-light;
So I know it is only pretend;
But Binkie, he snores at my feet all night,
And he is my Firstest Friend!


From "The Cat that walked by himself"^

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Of course the Man was wild too. He was dreadfully wild. He didn't even begin to be tame till he met the Woman, and she told him that she did not like living in his wild ways. She picked out a nice dry Cave, instead of a heap of wet leaves, to lie down in; and she strewed clean sand on the floor; and she lit a nice fire of wood at the back of the Cave; and she hung a dried wild-horse skin, tail-down, across the opening of the Cave; and she said, 'Wipe you feet, dear, when you come in, and now we'll keep house.'


From "The Cat that walked by himself"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Said Leopard to Baviaan (and it was a very hot day), 'Where has all the game gone?'

And Baviaan winked. He knew.

Said the Ethiopian to Baviaan, 'Can you tell me the present habitat of the aboriginal Fauna?' (That meant just the same thing, but the Ethiopian always used long words. He was a grown-up.)


From "How the leopard got his spots"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka kunne fort blitt ei kjedelig oppramsing av medlems- og resultatlister av liten interesse utanom for dei som er eller har vært aktive i det aktuelle skyttarlaget. Men forfattarane femner vidare enn dette, her får ein solide doser lokalhistorie tilbake til tidleg 1800-tal og med enkelte glimt frå enno tidlegare tider. Vidare inkluderer boka eit lettfatteleg våpenhistorisk oversyn, korte sagn og eventyr frå lokalområdet, små portrett av markante jegerar og skyttarar frå tidlegare tider, og mykje anna rart. Ei lita skattkiste, med andre ord.

Forfattarane ser også ut over det lokalhistoriske perspektivet. Spesielt interessant var det å lese om skyttarlaga sin rolle i striden mellom storting og regjering på 1880-talet. Brorparten av skyttarlaga tok del i ei folkevæpningsrørsle, der tanken var at dei kunne setje makt bak stortinget sine standpunkt dersom det skulle bli naudsynt. Så langt gjekk det heldigvis ikkje.

Boka kom ut i 1984, på bakgrunn av stoff som var samla inn til skyttarlaget sitt 120-årsjubileum i 1983. Det meste av boka er forfatta av Erik Jenstad, men der er enkelte stykke som er skrivne av andre. Boka er illustrert med fotografi, mest av markante personar, men også av diverse gjenstandar og historiske dokument. Der er endåtil notar til ein skyttarmarsj som blei komponert i anledning eit stemne i 1885. Alt i alt ei variert, interessant og underhaldande lokalhistorie-bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I Kjartan Fløgstad sin Nordaustpassasjen er det romanfiguren Kjell Kistefjell som er forteljar. Men han fortel ved eit par høve at han kjenner, eller i det minste kjenner til, forfattaren Kjartan Fløgstad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Slutten av Kapittel 7
Er det nokon av dykk som har kjennskap til prepareing av biologiske prøver for undersøking i lys- og elektronmikroskop? Dr. Caldwell akkar seg over at ho ikkje har utstyr for å kutte prøver i tynnare skiver enn 0,1mm Er dette tynt nok til å gjere brukbare lysmikroskop-undersøkingar? Det er i alle fall alt for tjukt for transmisjons elektronmikroskop (TEM). Eg kan ikkje hugse at det var nevnt noko om kva for mikroskoperingsutstyr ho hadde til å studere prøvene sine.

Grunnen til at eg fatta spesielt interesse for dette er at eg har styrt ein del med mikroskopering av metallprøver. Og eg trudde først at ultramikrotomen som kan kutte 30 000 prøver pr millimeter, altså ca 33 nanometer tjukke, var ei overdriving. Men det stemmer visst. Informativ video om teknikken her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig, det hadde eg ikkje tenkt over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det blir lesesirkelbøker i helga. gretemor-lesesirkelboka Syv fantastiske fortellinger av Karen Blixen er i posten, eg reiknar med den er framme i morgon. For dystopi-lesesirkelboka Menneskebarnet så ligg eg litt foran planen, men eg kjem nok til å lese 5-10 kapittel i helga likevel.

Vidare har eg starta på Sofi Oksanen sin Da duene forsvant. Har lest berre to kapittel enno, og slit litt med å kome inn i handlinga. Ein får tru det gjeng betre etter kvart.

Det blir eit par bilturar i helga, for meg er dette synonymt med lydbøker. Då blir eg nok ferdig med Just So Stories av Rudyard Kipling, og tek fatt på The Man Who Was Thursday av G.K. Chesterton (som sikkert er best kjend for Father Brown-historiene)

Det ligg altså an til ei strålande helg. Nemnde eg at eg skal gå litt på ski også? Eller at eg skal dra på gjeterhundtrening ei økt eller to? Eller at eg skal ta med familien på restaurant på søndag? Jau, eg gjorde visst det nett no.

God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Ein annan ting som kan vere verdt å tenke på (eg greier ikkje å lå vere å tenke litt statistisk på det); Dei fleste nobel-aktuelle forfattarar har framleis ein god del leveår att etter at dei begynner å figurere på listene over aktuelle kandidatar, og vil såleis få mange lodd i lotteriet. Ibsen kunne få max 5 (han fekk vel berre 3), sidan han gjekk bort i 1906.

Vidare må ein ta med i reiknestykket at sidan prisen var ganske ny, så var der fleire "Nobel-verdige" kandidatar å velge mellom enn i seinare år. Eller forklart på ein annan måte; dersom prisen hadde blitt innstifta ti år seinare, i 1911, ville sikkert dei tidlegare vinnarane Mistral, Echegaray y Eizaguirre, Sienkiewicz, Kipling, Eucken, Lagerlöf og von Heyse vært aktuelle for prisen, og såleis ville det vært litt mindre sjanse for Maeterlinck som vann det året.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er andre som har lurt på det same.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For meg spelar det ingen rolle. Men eg tipper mange vil setje pris på om spoileren ikkje kjem i første setninga. Starten av innlegget visest jo på hovudsida uavhengig av om ein trykker på spoilerknapp eller ikkje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein av dei som låg frampå med heile brystkassa var Bjørnstjerne Bjørnson. Han skreiv ein "opsong" til folkevæpninga som tydeleg oppfordrar skyttarlaga om å stå bak stortingsfleirtalet mot regjeringa og Kongen:

"Under fanen, under fanen,
for vor friheds sag!
Under fanen, norske skytterlag!
Gamlingen på thinget, skal få stemme trygt og kjækt
bagom rifleringe av den unge slægt!"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ola Soleim f. 1844 - d. 1931
Var frå plassen Soleimsjordet i Surnadal. Han kom til Sunndal som seminarist i midten av 1860-åra. Det skjedde på den måten at han gjekk ut frå heimen sin for å gå ein tur i fjellet. Han kom ut for skodde, gjekk tull og kom omsider ned til Gikling i Sunndalen. Her var skulestyret samla til møte og Ola Soleim vart tilsett på flekken som læar for øverbygda! Han vart verande i Sunndalen heile sitt liv og var lærar her i 50 år!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv så har eg tatt med alle. Tel bøker eg har i bokhylla (har lest dei fleste) + lydbøker eg har høyrt. Skulle antalet nokon gong bikke 100 så er planen min å dele inn i to lister, f.eks vinnarar før og etter 1966 (året eg vart fødd).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

somniferumHarald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger Martinsen