Eg er samd i at det er ei god bok, men neppe så god at den kan reise i tid. JFK (og også drapsmannen hans) blei tatt av dage i 1963, medan boka kom ut i 1971.
Likevel; i følge wikipedia spekulerast det i om drapsmannen til Yitzhak Rabin (1995) lot seg inspirere av boka, i og med at han hadde den i bokhylla si. Og ein georgiar som gjennomførte eit attentatforsøk mot George W. Bush i 2005 skal ha nytta boka aktivt. Så du har jo i og for seg eit poeng.
Har ikkje tjuvstarta, men leste første kapitlet i stad. Strålande anslag. Tid og stad er ganske nøyaktig angitt. Byen Beacon må vel vere omlag der Brighton ligg, og bunkeren ikkje så langt unna Cambridge-traktene? Og hendingane ligg ikkje så frykteleg mange år fram i tid.
Nett no lurer eg mest på kvifor Sersjant omtalar ungane som "abortar".
Var redd for at eg ikkje skulle få boka i tide til startdatoen, men no fekk eg melding frå den lokale bokhandelen om at dem har kome. Hurra!
Bookdepository har ei liste over bøker som blir til film i år. Mange av dei er alt nevnt i denne tråden, men der er nokre i tillegg.
Det kunne kanskje gi meining å gjere denne øvinga utandørs, på ein plen. Då kan ein i det minste påstå at ein hjelper sjefane til å få kontakt med grasrota.
Så må eg føye til at det er fryktelig lett å gjere narr av noko som ein ikkje heilt veit kva er. Derfor prøvde eg å finne ut meir om kva det er. Men eg blei ikkje stort klokare av å lese korkje på wikipedia eller på Skandinavisk Institutt for Kommunikologi. Heller ikkje Kommunikologforeningen sine sider var til hjelp, men her fann eg i det minste eit forslag til standard for kommunikologisk terminologi. Og då blei forvirringa total. Ja, eg forstår alle orda, men kva er det EGENTLIG det går ut på? Det er kanskje best eg tek eit kurs for å finne ut av det. Eller kanskje ikkje.
Las den som 46-åring. Det gjekk heilt fint det også.
"Mana!"
Desdemona hadde mot sitt eget bedre vitende trykt på en knapp på veggen. "Hva slags dør dette er?" ropte hun idet vi kom løpende, alle sammen. "Den går av seg selv!"
"Jøss, stilig!" sa Chapter Eleven. "Prøv den, Cal. Stikk hodet i sprekken. Ja, sånn ..."
"Ikke tøys med den døren, unger"
"Jeg bare sjekker klemkraften."
"Au!"
"Jeg skal ikke fortelle det."
"Folk må ikke engang få vite at jeg er kusinen din."
"Jeg skal ikke si det til noen."
"Hva med mannen din?"
"Han tror jeg er nede for å hente fetteren min og hans nye kone."
"Du kommer ikke til å si noe til ham?"
"Det blir lett." Lina lo. "Han hører ikke på meg."
La de forøvrig merke til at under spesialistbesøket, i det Calliope har slått opp tilstanden sin i eit leksikon på biblioteket, korleis forteljarstemma slår om frå første til tredje person? Eg oppfatta dette som ein subtil måte å få fram korleis dei leksikale opplysningane skipla om på tilværet hennar på.
Åtte unge vaksne, fire gutar og fire jenter, dei fleste studentar eller forholdsvis nyutdanna, skal opphalde seg på ei øy i skjergarden ein heil sumar. Dei høyrer alle til same vennekretsen. Alf og Erna er i eit skrantande sambuarforhold, Astri er forlova med ein diplomat som ikkje er med på turen, dei øvrige er ikkje i noko fast forhold. Det vil seie, Erik, som er sjarmøren av gutane, har på sett og vis følge med Sigrid. Forteljaren i første person er Fredrik, han har tidlegare hatt eit godt auge til Sigrid, men er slett ikkje uinteressert i dei andre jentene. Dei to siste er Johan og Randi.
Her legg forfattaren til rette for romantikk og komplikasjonar. Spesielt når balansen i gruppa blir forstyrra ved at enno ei jente, den frilynde Evelyn, kjem til øya, og i neste omgang når Astri sin diplomatkjæraste samt ein seglarven av han dukkar opp. Men sjølv om det blir både romantikk og komplikasjonar i massevis, så opplever eg ikkje at det er dette som er hovudtemaet i forteljinga.
Boka innleiast nemleg med følgende sitat frå psykologistudenten Johan:
«Du er en selvbedrager og tilhører som sådan den forrige generasjon.»
Og her peikar Hoel på kva som er det verkelege temaet. Ungdomane har, som ungdomar flest, førestillingar om at dei kan frigjere seg frå samfunnet sine konvensjonar, eller sagt på ein annan måte frå den førre generasjonen sitt sjølvbedrag. Ved å legge frå seg sjølvbedraget, og ved rasjonell tenking og åpen diskusjon er dei visse på at dei kan ha eit fritt og sutlaust opphald på øya. Men Hoel viser fram at det ikkje er slett så enkelt.
Denne boka kom ut i 1927. Tonen er overraskande frisk og moderne, den held seg godt etter 89 år. Der er også ein god porsjon humor i forteljinga. Fascisme blir som snarast eit lite tema eit stykke ute i boka. Eg veit ikkje kor mykje den jevne nordmann uroa seg for fascismen i 1927, men det virkar som om Hoel var våken.
Klasseskilje er ikkje eit tema i og for seg, men noko eg tenkte ein del på undervegs. Ungdomane kjenner seg til ein viss grad underlegne den distingverte diplomatkjærasten til Astri og den rike seglarvenen hans. Dei kjenner på trangen til å sparke oppover. Her saknar eg refleksjon over privilegiet dei sjølve har, ved å ha fått moglegheita til å skaffe seg gode utdanningar og med utsikter til sjølve å leve i eit høgare sosialt sjikt enn den jevne nordmann.
Alt i alt var det uansett ei knakande god bok. Eg har to andre bøker av Hoel ståande ulest i bokhylla. Skal bli spanande å sjå om eg kjem til å like dei like godt.
Man skal ikke stikke fingrene sine inn i Guds kvern. Den maler langsomt, men hardt. Ens gode fingrer har ikke noe der å gjøre.
Huset ga seg under et tordenbrak, og hun skvatt der hun satt. Hun vendte seg mot meg:
- Det er noe jeg må tenke igjennom, sa hun. - Vil du sette deg her og legge armen rundt meg og holde hånden på brystet mitt? For da blir jeg visst ikke så redd tordenværet, og da kan jeg tenke klarere.
Jeg sa:
- Hvis du trenger en arm rundt deg for å kunne tenke klart sånn i sin alminnelighet, hva trenger du da for å kunne gruble over den høyere matematikk?
Vår samvittighet holdt en kort tale. Så ble den stille.
Apropos "Syng nå, O Muse" frå innleiinga, på side 390 vitjar Calliope ein spesialist på kjønnsidentitet:
"Du må være Calliope." Han smilte, avslappet. "Husker jeg mytologien ordentlig, da, tro? Calliope var en av musene, ikke sant?"
"Jo."
"For hva da?"
"Elegien."
"Intet mindre", sa Luce.
Og er det ikkje nettopp ein serie elegiar Calliope framfører i løpet av boka? Elegiar over Smyrna, over Detroit, over Gjenstanden, over familien sin? Her har forfattaren etter mitt skjønn gjort eit elegant val av namn til hovudpersonen. Og eg skammar meg over at eg ikkje forstod det før på side 390.
Året har starta bra her også. Og no har eg så mange gode, uleste bøker i bokhylla at eg har uvanleg store forventningar til dei neste 11,75 månadane.
Det er meldt ganske kaldt ver i helga. Spørs om det blir såpass mange minusgrader at det ikkje blir gjeterhundtrening. Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko; då blir det i såfall meir tid til lesing.
Eg blir truleg ferdig med lesesrikleboka Middlesex i helga. Vidare er eg i gang med Sjakalen av Frederick Forsyth. Spanande og god bok så langt, men eg irriterer meg litt over diverse skrivefeil og det eg oppfattar som tildels svak oversetjing frå engelsk.
God helg!
Kjærleiken er halvvegs som ei byrjing utan ende.
Originaltekst:
O amor é meio que um começo sem fim.
Bonsai
Eg svinger ein kniv
over dårlege rim:
Eg kuttar kvart vers
på kryss og på tvers
eg skjer i kvar staving
det skjer i forkaving
Så våknar eg
og kjenner at
eg har stussa meg
så altfor hardt.
Originaltekst:
Passo a faca
em rima fraca:
Corto o verso
corto inverso
corto sílaba
corto cilada
E acordo com
a sensação
de que me
podei
demais.
I likheit med den førre boka er dette ein serie småpoetiske fraser, ytringar og ordspel, stort sett om kjærleik, som er tekna ned på serviettar. Teikna, ja, ikkje skrive. Og nettopp teikningane er det som først og fremst gjer det verst å lese igjennom boka. Pedro Gabriel har tileigna seg ein særeigen kalligrafi som det tidvis tek litt tid å tolke. Han lagar også ganske ålreite og fantasifulle teikningar som som oftast stend godt til tekstane.
I den førre boka var det ein viss samanheng mellom tekstane, slik at dei til ein viss grad fortalte ei samanhengande historie. I denne boka fann eg ingen slik samanheng. Nytt i denne boka er at der også er nokre litt lengre tekster, trykt med vanleg skrift. Utan kalligrafien forsvinn magien, desse lengre tekstane vart stort sett berre meiningslaus søtsuppe.
Alt i alt tykte eg denne boka var eit lite hakk svakare enn den første. Men på ingen måte bortkasta tid.
I ein artikkel i Dagbladet for nokre år sidan kjem det fram at nordmenn i gjennomsnitt når botnen av midtlivskrisa når ein er 43,9 år gamal. Sjølv førebudde eg meg på dette det året eg fylte 42, og kjøpte meg motorsykkel. Det var nok eit godt, preventivt grep, for eg merka ingenting til nokon midtlivskrise.