Boka er bestilt. Bokklubben. Der ser også ut for å vere rikeleg med rimelege brukt-ekspemplar i diverse antikvariat. Var på nippet til å bestille ei utgåve frå 1935, med pseudonymet Isak Dinesen. Men så greidde eg ikkje å bestemme meg for om den då burde stå under B eller D i bokhylla ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dersom ein legg opp til millimetergrannsemd, slik som eg nytta i eksemplet, blir det nok i overkant komplisert, ja. Då måtte ein i såfall poste ein dag-for-dag leseplan med sidetal. Men det gjeng kanskje an å gjere det litt enklare etter same prinsippet? Eks. vent til første veke er over med å diskutere handlinga i første fjerdedel, vent til andre veke er over med å diskutere handlinga i andre fjerdedel, etc.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det som først og fremst slår meg når eg les denne boka er kor store endringar dagens teknologi som t.d. mobiltelefoni, videokameraovervåking og datateknologi ville medført for plottet. Boka kom ut i 1971, hendingane er lagt til 1962-1963. Det er ikkje meir enn eit halvt århundre sidan, likevel er det utruleg å tenke på korleis premissane for ei slik forteljing har endra seg.

Den franske presidenten Charles de Gaulle har vært utsatt for fleire attentatforsøk, og boka innleiast med ei dokumentarisk og sann skildring av eit av dei mest dramatiske. Bakgrunnen var at ein fraksjon av dei militære, som danna terrororganisasjonen OAS, såg på de Gaulle som ein landssvikar etter at Algeria fekk sjølvstende i 1962. Og no startar fiksjonen. Sidan OAS er infiltrert av den franske tryggingstenesta, ser ikkje OAS-leiaren annan råd enn å i løyndom hyre ein utanlandsk leigemordar for å knerte de Gaulle. Boka handlar om korleis dei oppretter kontakt med leigemordaren, førebuinga til attentatet, og korleis tryggingstenesta kjem på sporet av at noko er i gjære.

Og her kjem mangelen på dagens teknologi inn i biletet. Det er imponerande skildringar undervegs av korleis leigemordaren skjuler spora av kva han har for planar, og alt arbeidet som tryggingstenesta legg ned for å følge dei få spora som finnest. I dag hadde mykje av dette møysommelege detektivarbeidet vært unnagjort med eit par tastetrykk.

Forsyth skriv i ein dokumentarisk stil. Det meste av det som skjer er også tilforlateleg. Derfor er det lett å få seg til å tru at dette virkeleg kunne ha skjedd, og lesaren blir riven med i historia. Boka var Forsyth sitt gjennombrot, den kan kanskje seiast å vere sjanger-definerande, og den vann mange prisar. Den er populær den dag i dag, og etter å ha lest den kan eg slå fast at den har tålt tidens tann.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er nok eit vidt spekter i forventningar og tilnærmingar til ein slik diskusjonstråd. Det ville jo vere ryddig å vente med diskusjonar til alle er ferdge med å lese, men for min del ligg mykje av moroa nettopp i å dele tankar og observasjonar undervegs. Vidare meiner eg at dersom ein skal avgrense innlegg til å ikkje handle om handlinga, så stend ein att berre med litt mindre interessante meiningsutvekslingar om kor godt eller dårleg ein liker boka, språket, fargen på omslaget o.l.

Dersom alle las i same tempo ville ein sjølvsagt unngå å spoile for einannan. Men det er nok litt utopisk (motsatt av dystopisk, altså) å vente at dette skal passe for alle. Derfor har eg følgende tankar om kva ein kan gjere:

Leseperioden er på 32 dagar, Forteljinga er 390 sider lang, og inndelt i 72 kapittel av litt varierande lengde. Dette tilsvarer 12,2 sider pr dag, alternativt 2,25 kapittel pr dag. Eg vel å kalle lesing i dette tempoet for ein "lineær leseplan". Dersom ein hadde lest i eit jevnt tempo gjennom heile perioden, ville ein i dag ha lest omlag til side 79, alternativt til midtvegs i kapittel 14 som blir side 87. Inntrykket mitt er at alle les noko fortare enn dette.

Forslaget mitt er at ein tillet diskusjonar om handlinga fram til dit ein har kome i den lineære leseplanen, altså at t.d. i dag mandag 18/1 kan ein diskutere handlinga fram til ca side 79, i morgon fram til ca side 81, osv. Dersom eg har rett i antakinga mi om at alle les raskare enn den lineære planen, vil vi kunne ha detaljerte diskusjonar om handlinga undervegs utan at det blir spoiler for nokon av deltakarane.

Eg ventar ikkje at alle skal vere samde i dette. Kanskje er ingen samde? Men sjølv så er eg ganske nøgd med forslaget.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Og vil ein ha noko meir makabert, er det berre å lese seg opp på Ophiocordyceps unilateralis. Eller enno betre, sjå dette videoklippet med David Attenborough. Sekvensen frå 1:03 og utover fekk meg til å rygge unna PC-skjermen.

Er det rart at slike fenomen gir inspirasjon til å skrive skrekk-bøker?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk, då gjev det straks meining. Og med mindre det blir klart seinare i boka at "abort" har ei tilleggstyding, så kan det virke som om oversetjaren har bomma litt her.

Der er forøvrig enkelte andre ord og vendingar undervegs, kanskje spesielt vendingar, som får meg til å lure på om det er oversatt litt for direkte frå engelsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sidan denne boka no er foreløbig i tet i avstemminga (og eg legg ikkje skjul på at den er favoritten min mellom bøkene i tetsjiktet) så har eg starta å kike på tilgjengelegheit. Det ser ut for at den er å få på bokklubben i det minste. For utgåva eg kika på, frå bokklubb-serien Århundrets Bibliotek, så var det også opplyst at det følger med eit forfattarhefte. Det ser ut for at alle bøkene i denne serien kjem med eit slikt forfattarhefte.

Eg vart nyfiken på dette med forfattarhefte. Er det eit tillegg i sjølve boka, som eit forord eller etterord, eller er det bokstaveleg talt eit eige hefte som kjem utanom? Er det berre eit sett med biografiske opplysningar om forfattaren, eller er det eit lengre essay? Slike ting. Og det eg EGENTLIG lurer på er om det er interessant nok til at eg skal gå for nettopp denne utgåva, eller om eg skal søke etter ei billigare ei dersom det blir aktuelt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjølv gjekk eg på ei kjempeblemme no, eg gjekk og tenkte at fristen var klokka 21. Ja ja, då får eg spare forslaget til ei seinare runde. Det er uansett mange gode titlar å velge i.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er omtrent likt med deg. Eg satsar på å fordele lesinga nokonlunde jevnt utover i leseperioda.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Trur ikkje nokon tek deg for å vere likegyldig. Håper situasjonen ikkje varer i så veldig mange månadar, og at å "lese veldig lite" ikkje tyder det same som "ikkje lese nokon ting".

Kva for ei bok av Lagerlöf er det du har funne fram, forresten?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En virkelig herre, tenkte Lebel, og farlig som en slange. De er alltid den verste sorten for politiet, disse virkelige herrer. Det var aldri noen som mistenkte dem.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Navnet var Grzybowski. Dette var for meget for italieneren, som bad Kowalski skrive det ned. Det gjorde Kowalski, men italieneren som ikke var i stand til å fatte at noe navn kunne bebynne med "GRZYB...", stavet det for mannen i den internasjonale sentralen som "Griyb..." i den tro at Kowalskis håndskrevne "z" måtte være en "i".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Menneska har kolonisert ein liten bit av verdsromet, og i storsamfunnet «universet» er der også andre humanoide livsformer. Dei dominerande er Lhariane, som i kraft av at dei er dei einaste som kjenner teknologien for å reise raskare enn lyset har monopol på langtransport og dermed inntektene som kjem frå dette.

Ein ung, nyutdanna rompilot, Bart Steele, møter opp på Lhari-romskipshamna på jorda for å møte faren sin, som er venta på eit innkomande skip. I staden for faren dukkar det opp ein mystisk framand, som under dramatiske omstende gjev Bart informasjon om at både Bart og faren er i livsfare. Det viser seg at faren er innblanda i eit komplott for å skaffe seg informasjon om Lhari-teknologien. Dette er opptakta til ei heseblesande historie og ein fantastisk rundtur i galaksen vår. Undervegs blir det mindre og mindre klart kven som er ven og kven som er fiende, og kven som er dei snille og kven som er dei slemme.

Bradley har skrive ei ganske ålreit sci-fi historie her. Boka kom ut i 1963. I tillegg til at den er spanande så har mange (langt frå alle, dog ..) av skildringane ein viss naturvitskapleg substans. Men Doppler-effekten har ho tulla med, eit lite trekk for dette. (Når ein reiser mot ei stjerne i stor fart så vil lysspekteret blå-forskyvast, ikkje raud-forskyvast.) Stort sett var det likevel grei klasse over det meste.

Ein kan kanskje påstå at enkelte element av forteljinga sklei over i det litt naive eller opplagde. Det kan også hende at målgruppa for forteljinga var ungdomar. Men sjølv som godt vaksen hadde eg stor glede og moro av å høyre igjennom denne boka, og innimellom var der glimt av klasse. Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, det var heilt grei kvalitet på opplesinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forteljarstemma i boka er Cal, ein hermafroditt som fortel livssoga si. Men han fortel mykje meir enn det. Han startar med besteforeldra sine, anatolske grekarar som flykta frå krigshandlingar i Tyrkia til USA tidleg på 1920-talet. Vidare fortel han om foreldra sin oppvekst i Detroit, før han tek fatt på sin eigen oppvekst som jente. Det blei nemlig ikkje oppdaga at han var hermafroditt før han kom i puberteten. Det heile blir stykka opp av små rapportar frå hendingar i livet hans i notid.

Og det er enno meir. Det er ikkje berre ei forteljing om familien hans, det er også ei forteljing om dei anatolske grekarane og særleg om byen Smyrna (som no heiter Izmir), ei sosial og industriell historie for Detroit, og om det å vere innvandrar, eller barn av innvandrarar. Boka er spekka med referansar til historiske hendingar undervegs, og gjev i tillegg ein truverdig tidskoloritt frå dei ulike tidsepokane. Seksualitet er naturleg nok eit tema som dukkar opp, og tittelen på boka spelar på den genitale tilstanden til hovudpersonen.

Eugenides virkar å vere ein forholdsvis kunnskapsrik person, og ein blir presentert for mange faktaopplysningar undervegs. Nokre er nok tillempa og/eller oppdikta, det kan vere krejvande for lesaren å skilje mellom fakta og fiksjon. Språkleg var den litt over midt på treet. På ingen måte tunglest, men det var likevel parti som ikkje flaut så lett. Om dette skuldast forfattaren, oversetjaren eller lesaren er ikkje så godt å seie.

Eg las denne saman med gretemor sin lesesirkel, det var som vanleg artig med diskusjonar undervegs. Og spesielt når boka er såpass interessant som dette.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Vi har ikkje hatt nokon dansk forfattar enno, så dette forslaget blir nok mellom dei eg stemmer på.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

He had thought her perfect-painted face could not show any emotion except disdain, but it did. She looked at him in open, blank consternation.

Chapter Five

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Do you really think that human--" the first Lhari spoke the word as if it were a filthy insult--"will have the temerity to come in by this ship?"

"No reasonable being can tell what humans will do," said the second Lhari.

Chapter One

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kapittel 9: Høstlig kannibalisme av Salvador Dali.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Duslettetiderdetfredagigjenogkvarharalledeiandredaganetattvegen?

Eg har kome ganske langt i Sjakalen av Frederick Forsyth. Spanande forteljing i nær dokumentarisk stil. Vidare har eg starta på dystopilesesirkelboka Menneskebarnet, den er veldig lovande så langt. Viktig å ta inn over seg undervegs at dette berre er fiksjon.

Som lydbok når eg køyrer bil så høyrer eg no på Just So Stories av Rudyard Kipling. Det eg har høyrt så langt er særs fornøyeleg. Moralen i historiene hadde nok ikkje passert dagens PK-filter, og mykje av moroa med boka er å reflektere over dette.

Så er det forslagsrunde i gretemor sin lesesirkel denne helga. Eg kjem nok til å bruke litt tid til å tenke over kva for bok eg skal foreslå.

God helg!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det virka som om diskusjonen dabba av rundt årsskiftet, eg hadde kjensla av at eg var den einaste som ikkje var ferdig enno (blei ferdig førre helg). Men det var altså feil. Håper de finn tid og stemning til å fullføre. Sjølv hadde eg stor glede av å lese boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

somniferumHarald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger Martinsen