Det er jo berre å forselå den når vi kjem så langt, skulle den vinne så kan ein heller tenke på praktikalitetar etterpå

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På ein måte håper eg dette blir neste bok, men på ein annan måte ikkje, sidan eg alt har lest den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg oppfatta tanta sitt motiv for å koble dei to til å vere å sikre velstand for nevøen. Ho får eit brev, som vi aldri får vite innaldet i, rett før ho anbefaler Athene for Boris. Når Boris kjem fram til Hopballehus har greven nyleg fått brev frå sakføraren sin om at han ar vunne retsstriden om store eigedomar. Seinare få vi vite at denne sakføraren har ein ape av same slag som priorinna, begge var endåtil frå Zanzibar. Dette siste tek eg som eit teikn på ein forbindelse mellom sakføraren og priorinna, og at brevet ho fekk var eit bod frå sakføraren om kva som vart utallet av prosessen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Akk og ve for mitt uskuldsreine sinn. Eg må le litt av meg sjølv fordi eg ikkje forstod før etter at eg hadde lest ferdig forteljinga kva den moralske skandalen var. Det heng i beste fall saman med at eg sjølv ikkje ser på det som ein skandale, i verste fall med at eg er ein treiging. Og skandalen sin natur forklarar kanskje kvifor Boris ikkje blir skremt av, men kanskje heller litt betatt av, Athene sin maskuline framtoning.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det du seier om leik med seksualitet og kjønn er interessant. No har eg lest berre dei tre første av fortellingane hittil, men dette ser ut for å vere ein fellesnemnar, i større eller mindre grad, i alle tre. I Veiene omkring Pisa har du jo alt gjort greie for det. I Den gamle vandrende ridderen så nemner den gamle baronen at elskerinna hans tok rolla til Othello, og ektemannen hennar rolla til Desdemona. Og i Apen så gjerast det eit ikkje reint så lite nummer ut av dei maskuline eigenskapane til Athene.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Les du heile serien for tida? Eg fekk den i hus for ikkje så mange månadar sidan, og har tenkt ei stund på å starte på den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bestilte Hunden frå mammut-salet. No gleder eg meg ekstra til å take fatt på denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bøker eg eig sjølv sorterer eg etter året eg las dei, dei uleste stend i eiga hylle. Lydbøker har også ei eiga hylle. Det same med bøker eg har lånt av andre og lest. Bøker som det ikkje er meininga å lese frå perm til perm (kokebøker, oppslagsverk, reisehandbøker etc) er sortert etter kategori. Eg lurer stadig på om eg skal gjere om på hylleinndelinga, er ikkje heilt nøgd, men eg greier ikkje å bestemme meg for korleis eg eventuelt skal gjere det. Dessutan er det ikkje så viktig, hovudpoenget er at sidene hjelper meg til å ha nokonlunde oversikt over bøkene mine.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kongen fall hadde eg forøvrig tenkt å foreslå som lesesirkelbok i denne runda, men eg bomma på tidsfristen. Neste gang skal eg passe betre på. Dersom det ikkje hastar med å lese den og du orkar å spare på den 5-6 månadar så kan det jo hende det blir felleslesing av den.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har ikkje lest dei tre andre, men stiller meg bak Knut sin anbefaling. Keiseren av Portugalien er ei lita perle av ei bok. Håper den fell i smak hjå deg også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For tredje helg på rad (har det egentlig vært vekedagar imellom?) så er det lesesirkelbøkene Syv fantastiske fortellinger og Menneskebarnet som stend på menyen, saman med Sofi Oksanen sin Da duene forsvant. Sistnemnde blir eg nok ferdig med i løpet av helga, og då får eg gasse på litt med dei to andre, der eg ligg litt på etterskot.

Utover det blir helga prega av gjeterhundtrening, familievitjing og fotball. Ikkje på TV nei, laget til dattera sparkar i gang sesongen med treningskamp på søndag.

God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har jo både katt og hund ... ergo to heimar. Skulle likningskontoret oppdage dette må eg nok belage meg på å betale dobbel eigedomsskatt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er det denne artikkelen du tenker på? Det ser ut for at det blir gode moglegheiter for Oslo-publikum til å skaffe seg rimelege eller gratis bøker ei tid framover.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kapittel 27:
Det undrar meg at trente soldatar ikkje klarer å sjå om eit hol i jorda har vært gravd ut for få timar sidan eller ikkje.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Var litt hard mot meg sjølv, og mammut-bestilte berre dei som kostar mindre enn 100 kroner. Og for å gjere det godt att, så bestilte eg også 11 bøker frå bokklubben ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det kan godt hende at dette blir den boka eg liker best, men grunnen til at den havna øverst på lista er nok litt meir prosaisk. Det var nemleg ingen av dei aktuelle forfattarane som kom før Antonsen i alfabetisk orden.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kan det dreie seg om To-kyrs industriarbeidarar i streik, skal tru? Neidå, eg gjeng ikkje rundt og veit slikt, eg søkte på Andreas Hompland på Nasjonalbiblioteket og fann fulltekstversjonen av denne boka der, som ser ut til å stemme nokonlunde med det du spør etter.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit nerdete sinnelag saman med sunnmørs-genar gjev av og til merkelege utslag.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Då har eg sett over heile lista, blinka ut 20 bøker som kan vere aktuelle, og samanlikna prisar. Det er berre unntaksvis at desse Mammut-bøkene er å finne i bokklubben sitt sal. Til gjengjeld så er bokklubben sine salsprisar gjennomgåande lavare. Eg sjekka også i bokfunn og fann eit tilfelle (Haugen-bok, Muleum) av mammut-pris som er lavare enn den i katalogen.

Konklusjonen frå dette sparsame utvalet er at mammut-prisane stort sett er lavast pr no, men at det kan lønne seg å sjekke prisar andre stadar. Og det som sikkert lønner seg enno meir er å vente litt. Og garantert mest lønsamt er det å låne på biblioteket (men jålebukk som eg er så vil eg helst ha bøkene i hylla).

Sjekklista mi, beste pris er i utheva skrift:

Atle Antonsen og Johan Golden: Statsråd vant spekeskinke, Mammut 99,- Bokklubben 218,- (ikkje sal)

Torunn Berge: Langs silkeveien i Sentral-Asia, Mammut 99,- Bokklubben 244,- (ikkje sal)

Jørgen Brekke: Doktor Fredrikis kabinett, Mammut 149,- Bokklubben 69,-

Fjodor Dostojevskij: Idioten bd.1, Mammut 129,- Bokklubben 349,- (ikkje sal)

Fjodor Dostojevskij: Idioten bd.2, Mammut 129,- Bokklubben 349,- (ikkje sal)

Kerstin Ekman: Hunden, Mammut 79,- Bokklubben 179,- (ikkje sal)

Yahya Hassan: Yahya Hassan, Mammut 99,- Bokkluben 218,- (ikkje sal)

Naoki Higashida: Hvorfor hopper jeg, Mammut 99,- Bokklubben 262,- (ikkje sal)

Edvard Hoem: Slåttekar i himmelen, Mammut 149,- Bokklubben 69,-

Are Kalvø: Ny grunnlov, Mammut 129,- Bokklubben 262,- (ikkje sal)

C.S. Lewis: Den store skilsmissen, Mammut 99,- Bokklubben 218,- (ikkje sal)

Erlend Loe: Muleum, Mammut 79,- Bokklubben 261,- (ikkje sal) Haugen 62,-

Linnéa Myhre: Kjære, Mammut 99,- Bokklubben 262,- (ikkje sal)

Aslak Nore og Kjartan Fløgstad: Brasil 2014, Mammut 79,- Bokklubben 332,- (ikkje sal)

Arto Paasilinna: Den klønete skytsengelen, Mammut 99,- Bokklubben 288,- (ikkje sal)

Fernando Pessoa: Uroens bok, Mammut 179,- Bokklubben 399,- (ikkje sal)

Åsne Seierstad: En av oss, Mammut 99,- Bokklubben 149,-

Zi Sun: Krigføringens kunst, Mammut 99,- Bokklubben 349,- (ikkje sal)

J.R.R. Tolkien: Ringenes herre, Mammut 299,- Bokklubben 437,- (ikkje sal)

Sigmund Aas og Thomas Vestgården: Skammens historie, Mammut 129,- Bokklubben 305,- (ikkje sal)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Femtende til 27. februar. Men førehandstinginga åpna i dag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter