Har lagt den til sides, ute av syne til den 14.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja ... "basert på siste bøker" er opplagt oppdatert for mitt vedkomande, men får som Ina ikkje opp 10 bøker pr sidevisning, heller eit tilfeldig antal mellom 1 og 9. Dei to andre kategoriane har eg ingen formeining om korvidt dei er oppdatert eller ikkje. For min del er denne funksjonen så meiningslaus at eg aldri nyttar den, eg kika på den no for første gang på eit par år sidan spørsmålet kom opp.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er også i gang med denne serien, så langt har eg lest ferdig Utvandrerne 1 og 2. Satsar på å lese dei 6 neste binda i løpet av våren og sommaren. Kjekke og lettleste bøker som det er lett å leve seg inn i. Delte ut 4'arar til dei to første.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

God helg, ja.

Til mantraet "den er ikkje sååå lang, den er ikkje sååå lang" så har eg no kome i gang att med Brødrene Karamasov. Har vært nesten full stopp ei stund, men no nærmar eg meg halvvegs. Halvvegs i første bind av 3 altså. Skal eg ha nokon von om å kome i mål innan leseperioden er over så må eg nok halde meg til berre denne i helga, og utover veka.

Ja, og så lydbok, då. Eg høyrer framleis på Penguin Island av Anatole France. Strålande satire i starten, men ved ca 1/3 av boka tek den ei vending som eg ikkje heilt forstår. Kanskje blir det klarare etter kvart?

Og til slutt, takk til deg krira for at du ville ta over helgeinnleggstråden. Det blir ikkje ordentleg helg utan.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Då er eg klar. Boka kom i posten i dag, siste innbundne eksemplaret til sals i heile landet, i alle fall dersom ein skal dømme etter søkeresultata mine.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det ser ut for at det er den innbundne utgåva som har tittelen Overgangen, medan pocket og e-bok heiter Den første. Slår ein opp på Overgangen på bokelskere, finn ein tittelen Den første heilt nederst på sida, under "Andre utgaver". Kanskje fann forlaget ut at boka ville selje betre med ein annan tittel?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og etter å ha søkt litt til, så ser eg at svaret er ja.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

The Passage har norsk tittel Overgangen. Eg har så smått starta å søke i nettbutikkar, og då kjem eg også over ei bok med tittelen Den første. Er dette same boka?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då skundar eg meg med å raske i saman
Som takk for kvar veke med bokelskar-gaman
Eit lovprisingsrim som du får no til slutt
For Vibeke; det har vært triveleg vane
Å lese kvar fredag kva folk har for planer
I trådane som du har starta så trutt.

Godt sagt! (18) Varsle Svar

Fleire bra, men ingen 6'arar av dei som eg las ferdig i mars. Skal eg treke fram ei, blir det med knapp margin Menneskets natur av Jørgen Brekke. Elegant og tiltalande måte å fortelje ei krim-historie på.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jevnt i teten, det blir nok spanande heilt til fristen gjeng ut,

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er eg ikkje den rette til å svare på, men oppfatninga mi er at der er eit overlapp. Altså at det finnest sakprosabøker som også er faglitteratur, men at det også finnest sakprosabøker som ikkje kvalifiserer som faglitteratur og omvendt faglitteratur som ikkje kvalifiserer som sakprosa.

Dette har eg ikkje tenkt så nøye igjennom, så dersom eg er på bærtur nå så håper eg nokon kan korrigere.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter ein strålande debut og deretter ei litt svakare andrebok er Brekke tilbake på eit bra spor her. I dei to førre bøkene veklsa handlinga mellom notid og nokre hundre år attende i fortid, og med ei krimgåte i kvar av tidsepokene som hang lauseleg saman. Denne boka er bygd opp heilt annleis. Handlinga, eller kanskje heller handlingane, er i notid og kuliminerer mot eller held fram vidare frå ei dramatisk episode. Det er fleire parallelle historier som er fletta saman, og det er ikkje kronologisk fortalt. Likevel er det forholdsvis enkelt å halde tak i handlinga, spesielt sidan kvart kapittel har ei tidsreferanse som overskrift («Natten før det skjedde», «Fem dager før det skjedde», «To uker etter at det skjedde» etc.)

Først og fremst så er dette eit strålande handtverk i å folde ut eit knippe historier. Brekke avslører akkurat passe mykje i kvart kapittel til å halde på spaninga samstundes som lesaren får anledning til å setje på plass ei ny brikke i dette puslespelet. Språket er lettlest, men samstundes inneheld det ein del skarpe observasjonar av, tja, mennesket sin natur? Skal ein pirke på noko så kjennest enkelte av dialogane litt oppkonsturerte, spesielt dei mellom dei yngre personane i boka. Ei og anna passasje blir også litt for klisjeprega etter min smak. Men dette er smårusk, alt i alt er dette ei godt gjennomført krimbok som eg kosa meg storleg med.

Brekke har blitt ein liten favoritt hjå meg, og eg gleder meg veldig til å lese dei to neste bøkene av han, Doktor Fredrikis kabinett som eg alt har i bokhylla, og Paradisplaneten som kom ut ganske nyleg. Og så vonar eg at det kjem mange fleire gode bøker frå den kanten i framtida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Husker du da vi satt inne, Lars?" sa den høye plutselig til den lave.
"Faen, hvordan skal jeg glemme det?"
"Det mest kjipe er den du blir der inne. Man får til og med en annen stemme. Husker du det? Den vennlige stemmen? Folk som oss, med tattiser i nakken og bolekjaker, vi snakker ikke med sånn jævla hyggelig stemme, sånn barnehageonkel-stemme, ikke sant? Vi blir aldri Asgeir, liksom. Likevel får de oss til å høres ut som han. ..."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En uke hadde han holdt ut i Gjessings knirkende plankeseng - hva hadde den madrassen vært fylt med egentlig? Halm? Pukk?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flott forteljing om ein hundekvalp som kjem bort frå heimen sin på seinvinteren, og kom korleis han klarer seg i skog og øydemark gjennom dei nærmaste månadane. Forfattaren tek i store delar av boka hundekvalpen sitt eige perspektiv. No har eg aldri prøvd å vere hund, men formidlinga av korleis hunden oppfattar omgjevnadane sine verkar særs truverdig for meg. Jack London imponerte meg med dette i Når villdyret våkner, men Ekman greier det etter mitt syn enno betre.

Vidare fell ikkje Ekman for freistinga til å overdrive i skildringane av vanskane kvalpen må vinne over. Det ville vært lett å dikte opp mykje meir dramatiske hendingar undervegs. Men dette er ikkje ei slik bok. Det er heller kvalpen sin mogning gjennom erfaringane han gjer som er essensen i forteljinga. Og så må ein ikkje gløyme dei flotte naturskildringane, det er så nært og detaljert at ein mest får kjensla av å vere kvalpen der han luntar rundt i skogen.

Eg skal på ingen måte underslå at denne boka traff meg ekstra godt sidan vi sjølve har ein unghund i heimen. Likevel trur eg boka vil falle i smak også for lesarar som ikkje har eit forhold til hund, ja kanskje endåtil for lesarar som beint fram avskyr hundar. Skulle det finnast lesarar som avskyr dyr og natur i det store og heile, derimot, held eg det for truleg at dei ikkje vil ha så stort utbytte av den. Med unntak av språket, kanskje, som eg også tykte var bra. Der var eit par små oversetjingsfeil, men det ser eg stort på for dette var ei leseoppleving av dei sjeldne. Soleklar 6’er frå meg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den halvveis oppløste halekrøllen rørte på seg. Hele bakkroppen rørte på seg, og han tok små, trippende skritt i stadig snevrere buer rundt mannen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den grå forandret seg. Han vokste i den harde kroppen sin. Noen, noe vokster der inne: En bestemmelse. Å få munnen full av blod og varme. Lenge. Å gjøre et sprang når det raslet. Bite til. Hvem skulle han vel være redd for inne i skyggene? Nå vokste ikke kroppen hans så mye lenger. Den hardnet rundt sin egen visshet: kan drepe. Er sterkere enn raslingen og skyggene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Da scooteren svingte ut bak vedskjulet, syntes hun at de svake øynene hennes så børsepipen. Det var isboret som han hadde bundet fast til ryggsekken. Han hadde ikke ropt på henne. Han hadde ikke sagt hva som skulle skje. Men den grønne jakken, børsepipen. Hun satt stiv med spissede ører til scooteren forsvant mellom furuene på myra. Da satte hun på sprang likevel. Jakt!
Og etter henne kom valpen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I den norske utgåva er "stenbit" omsatt til "steinbit". Har aldri høyrt om ferskvass-steinbit før, så eg måtte slå opp i svensk wikipedia. Mest truleg dreier det seg om anten sandsmett eller krede (bekkaure). Eg heller mest mot det siste.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

RandiAKirsten LundMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardBerit B LiePiippokattaSynnøve H HoelEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeterStig TKristine LouiseKjell F TislevollFredrikTine SundalTurid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise Normann