Eg kan godt seie noko, sjølv om eg ikkje har svaret.
Eg har ein mistanke om at den manglande responsen på spørsmålet skuldast eit eller fleire av følgende forhold:
- det er ikkje nokon som hugsar det aktuelle innlegget
- det er mange som er på ferie
- det har ikkje gått så frykteleg mange timar frå du spør og til du etterlyser svar
Har du prøvd å søke etter innlegget sjølv? I tilfelle du ikkje veit korleis, så forklarar eg her:
På menyen "Diskusjoner" er det eit val som heiter "Oversikt".
Heilt nederst på den sida du kjem til då, er det eit søkefelt der ein kan søke i innlegga som er skrive på bokelskere gjennom tidene.
Eg prøvde med "Bibel-studier", det gav berre eit treff, nemleg innlegget ditt frå i går. (frå og med no vil dette søket truleg gi minst to treff)
Så prøvde eg med berre "Bibelen", her blei lista så lang at eg ikkje orka å bla igjennom.
Deretter prøvde eg med "Bibelen studere", dette gav 5 treff, men ingen av dei likna på det du er ute etter.
Skulle du hugse fleire enkelt-ord som var med i det aktuelle diskusjonsinnlegget så blir det sikkert lettare å finne fram til det. Lykke til.
Fantastisk ver her heime no, styrtregn og kjølig, ingen grunn til å forlate godstolen. Unntatt for å rusle ut på kjøkenet for å hente meir kaffe, då.
Eg las ferdig Smuglere av Arthut Omre i går. Grei forteljing, imponerande forteljarstil. Det seiast veldig mykje med få ord. Neste bok ut er Innvandrerne 2 av Vilhelm Moberg, då er eg passeleg i rute for å kome meg igjennom heile denne serien i løpet av kalenderåret.
Dystopilesesirkelboka Salamanderkrigen nærmar seg også slutten, og eg må seie at eg har lyst til å lese meir av Čapek.
Som lydbok i bilen har eg høyrt på A Tale of Two Cities av Charles Dickens dei siste vekene. Denne nærmar seg også slutten, men for ei fantastisk historie dette er! Ikkje nødvendigvis plottet i seg sjølv, men skildringane av det som skjer. Dette er den første "ordentlege" Dickens eg les/høyrer (har sikkert lest nokre sterkt forkorta utgåver av Oliver Twist etc i barndomen), og det gir absolutt meirsmak.
Men medan eg skriv, så ser eg noko blått utanfor vindauget, bak tretoppane. Er usikker på kva det er, men må vel ut og sjekke. God helg!
Fiksjon og fakta flaut litt saman for meg i går, eg hadde nyleg lest om den lærde salamanderen Dr. Charles Mercier, "avisutklippet" startar med ei stemningsskildring frå Promenade des Anglais i Nice. Og på nyhenda dukka så denne absurde lastebilmassakren frå same gata opp. Skulle ynskje at det var ei scene frå boka, og ikkje frå røyndomen.
Eg lurer på om ein del av teksta hadde vært enno meir virkningsfull dersom Čapek hadde unnlatt å dra den over i det komsik-groteske. Enkelte passasjar, t.d. med paralleller til slavehandel som du nemner, er så tilforlateleg lagt fram at dersom ein ikkje tenker seg om så kan ein tru at det ikkje er så umoralsk. Men så kjem desse komi-groteske poenga, som eg forøvrig set pris på underhaldningsverdien av, men som gjer at ein slepp å anstrenge seg for å finne ut av rett og gale.
Heime igjen frå gjeterhundkurs. Det var særs bra, så det blei ikkje bruk for så mykje av "nød-lektyren" eg hadde dratt med meg, ref innlegget i førre lesehelgtråd. No er eg i gang med Smuglere av Arthur Omre, stilen i boka får meg til å tenke på Hemingway, eller rettare sagt oppfatninga mi av korleis Hemingway skreiv, har lest berre ei bok av han og det er ganske lenge sidan. Dessutan kosar eg meg også med dystopilesesirkelboka Salamanderkrigen.
God helg!
Det var jo litt vittig at du gløymde ei bok med denne tittelen. Det Marte glemte var Det Alice glemte, liksom.
Tjohei - på ferie med berre sporadisk internettilgang. Straks ferdig med Terra Roxa, parallelt les eg i Salamanderkrigen. Og medan eg køyrer høyrer eg framleis på A Tale of Two Cities.
No skal eg straks i gang med ei veke gjetarhundkurs. Er usikker på kor mykje tid det blir til lesing, men eg har gardert meg. Har med Smuglere av Arthur Omre, Innvandrerne 2 av Vilhelm Moberg, og Politi av Jo Nesbø. Blir det tid til å lese alle desse vil eg påstå at kursveka er heller mislukka, men i det minste ikkje bortkasta.
God lesing vidare, alle saman!
Eg visste det på ingen måte. Men forfattarnamna er ganske nær einannan alfabetisk, så dersom du på eit eller anna tidspunkt har sortert bøkene dine, eller delar av dei, i alfabetisk orden, så ville jo Čapek kome tett etter Camus.
Har også kome ca 100 sider i veg no, boka er lettlest og underhaldande og til tider hylande morosam. Men det er enno uklart for meg kvifor den fell innunder kategorien "dystopi", men dette blir sikkert klarare etter kvart.
Tør eg tippe på at den stod til høgre for Camus?
Takk! Då blir nok dette den neste lydboka mi på loyalbooks, så sant opplesaren er tåleleg bra. Meiner forøvrig at eg har lest boka i barndomen ein gang, men mistenker at det var ei nedkorta og forenkla utgåve.
Er ca halvvegs i Terra Roxa av Jon Michelet. Overraskande bra, men eg har nok ekstra utbytte av den sidan eg har vært ein del i Brasil. Eg vil tru der er mange referanser til ting og hendingar som kan verke meiningslause for den som ikkje kjenner noko vidare til landet.
Vidare har eg såvidt starta på Salamanderkrigen av Karel Čapek. Anslaget er av typen "god gamaldags røvarhistorie", det passar meg bra. Og blir det noko køyring i helga så har eg framleis att mesteparten av lydboka A Tale of Two Cities av Charles Dickens.
God helg!
Ivanhoe stend høgt på lista over lydbøker eg skal høyre dei nærmaste månadane. Håper du finn tid til å skrive kva du synest om den etter at du er ferdig.
I helga har eg ikkje "lest" anna enn hund og sauer. Har vært på gjeterhundkurs fredag til søndag, langt oppe i ein seterdal utan mobildekning. Eller leselampe for den del. Men på bilturen til og frå høyrde eg på A Tale of Two Cities av Charles Dickens. Det blei kvalitet over køyreturen.
Veka som gjekk var forøvrig ei bra leseveke. Kom meg igjennom Innvandrerne 1 av Vilhelm Moberg (satsar på å lese heile serien i løpet av året), og er kome godt i veg med Terra Roxa av Jon Michelet. Kjekke bøker begge to (sjølv om TR dabbar av litt no etter ein god start).
Kjekt å sjå at så mange andre har hatt ei god lesehelg.
Brasil -
Paulo Coelho skriv populære bøker, men dersom ein del av formålet også skulle vere å kjenne på atmosfæra til landet forfattaren kjem frå så er ikkje bøkene hans dei mest egna. Så vidt eg har oversikt over så er handlinga i bøkene hans lagt til andre himmelstrøk.
Når det gjeld skildringar av kvardagsmenneske i Brasil så er dei bøkene eg har lest av Jorge Amado (1912-2001) av høg klasse. Handlinga er gjerne lagt til første halvdel av 1900-talet, og geografisk i Nordaust-Brasil. Enkelte av dei er å får tak i på norsk, her må ein truleg leite ein del i bruktbutikkar og antikvariat. Skal ein lese på engelsk er det nok lettare å finne bøker.
Og i dag kom boka i posten. Bestilte brukt frå Bokloftet. Godt nøgd med eksemplaret eg fekk, bokklubben sin utgåve frå 1971.
Eg høyrde nettopp Joshua Slocum sin reiseskildring Sailing Alone Around the World frå 1899, der han mellom anna vitja Keelingøyane. I den anledning gir han ei utfyllande framstilling av konflikten mellom Ross og Hare. Det er verkeleg ei kosteleg historie.
Kona har masa i over 10 år om å setje opp eit gjerde i hagen. Skal eg starte på dette denne helga, tru, eller skal eg heller ta det heilt med ro og i staden alternere mellom TV'en (Fotball-EM) og lesestolen (Overgangen, som no nærmar seg slutten)? Vel, ser ein på historiske data for helgene dei siste åra så er prognosene for gjerde heller dårlege.
Apropos data, i dag har eg avslutta eit større litterært navlebeskuelse-prosjekt. Meir om dette i eit anna innlegg etter kvart.
Med ynskje om ei vellukka prokrastinatør-helg!
Eit par veker er også OK for meg. Har lenge hatt lyst til å lese noko av Karel Čapek, så eg gleder meg veldig til denne.
Eg har ikkje lagt merke til noko spesielt banneuttrykk som blir nytta i overkant ofte. Har du eit døme frå den engelske utgåva?