Godt poeng. Og Glukhovsky kan vere ganske infam innimellom når han karikerer religionar og ideologiar. Eg har også tenkt litt på at der truleg er ein del satirestikk til russiske forhold som eg gjeng glipp av undervegs.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje lest Odyseen på ordentleg, berre i forenkla utgave som barn (kanskje var det til og med berre utdrag?). Men historia i denne boka framstend som ein slags odysse. Skal tru kor mykje som er direkte inspirert av Homer?

I tillegg får eg av og til ei folkeeventyr-kjensle. Askeladden som støyter på gode hjelparar, eller snublar over ting på vegen som han får nytte av seinare. Men så langt er det i allefall inga kongsdatter i sikte ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Skuffelsen har lagt seg for lenge sidan. Det hjalp å lese litt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gjetarhundtrening ser ut til å bli fast innslag på fredagsprogrammet ei stund framover. Som all trening, inneber det opp- og nedturar. I dag var det ein solid nedtur. Møkkahund. Møkka-eigar. Har ikkje sett på makan til dårlig økt. Så då får ein prøve å berge helga ved å lese litt.

Det blir for det meste Metro 2033, har kome litt over halvvegs i denne no. Skulle eg vere så heldig at gretemor-lesesirkelboka Renhetens pris kjem i posten i morgon, så startar eg nok på den også. Men nett no har eg mest lyst til berre å gå og grave meg ned ein plass.

Vonar fleirtalet har hatt ein betre start på helga enn meg. For all del, det er ikkje synd på meg, irritasjonen gjeng nok over snart. God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Supert, du får den. Har sendt melding.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har framleis uåpna pocket-utgåve liggande. Dersom nokon vil ha den, så sender eg den. Pris; donere eit valfritt beløp til Røde Kors.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka er bestilt. Ut frå det eg har lest om boka trur eg at dette blir bra.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

løfter tråden, eg, sidan det nærmar seg fristen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk, eg hadde ingen aning om at metrostasjonane i Moskva var så rikt utsmykka. Dette kjem ikkje særleg godt fram i den delen av boka eg har lest hittil. Skulle eg nokon gong reise til Moskva så kjem nok ein rundtur på metroen høgt opp på lista over kva eg skal gjere.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lenge leve latskapen! Eg heng meg på den no ei stund framover, det blir mykje innever i helga. Kom nettopp heim frå ei økt med gjetarhundtrening, måtte dusje hunden etterpå slik at det gjeng an å ha han innandørs, No har vi planta baken i kvar vår stol, og tek livet med ro.

På bilturen til og frå høyrde eg på Oliver Twist, har fått veldig sansen for Dickens. På papir så er det Metro 2033 som gjeld. Har kome rundt 1/4 i veg, og liker den godt. Vidare følger eg i spaning med på nomineringa av bøker til gretemor sin lesesirkel, skal bli moro å sjå kva for bok vi ender opp med.

God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har som nevnt ikkje hatt same problemet. Har du muligheiter for å teste frå ein annan pc/nettbrett/mobil enn den du brukar til vanleg?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I papirboka så er det eit kart over metroen. Det gjeng ein del tid til å bla tilbake til kartet for å orientere seg om kvar dei ulike stasjonane ligg i forhold til einannan, og ved eit par høve måtte eg rett og slett gi opp å finne den aktuelle stasjonen. Men for de som høyrer på lydbok så slepp ein jo å bruke tid på dette (det skulle vært interessant å vite korleis metro-kartet eventuelt blir formidla på lydbok ...)

Men skulle de likevel ha lyst til å sjå kartet, så er det eit eksemplar nedanfor. Ikkje heilt likt som i boka, men betre på den måten at her er namna på linjene tatt med.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg la nettopp til ei ny bok, det skjedde ingenting uvanleg når eg la den til i boksamlinga og valgte kva for bokhylle den skulle vere i.

Den opphavelege førespurnaden din er ca ei veke gamal. Frå profilen din kan det sjå ut som at du la til to bøker i går, og ei bok dagen før der igjen. Betyr det at det for enkelte bøker går greit og for andre ikkje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gjeld problemet
1) å legge til ei bok som frå før er søkbar på bokelskere?
2) å registrere ei bok sjølv?
3) å legge til ei bok som andre har registrert, og som ikkje er søkbar på bokelskere?

I tilfelle 1) så la eg til ei bok sjølv for nokre dagar sidan, eg merka ingenting uvanleg då.
I tilfelle 2) eller 3) så har eg nett no ingen bøker sjølv som skal leggast til på denne måten, så eg får dessverre ikkje testa det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forslaget mitt denne gangen er Jomfruen fra Norge av Tore Skeie, ein historisk roman frå 1300-talet. Eg ser at boka har fått særs høge terningkast på bokelskere, samstundes som det ikkje er så frykteleg mange som har lest den. Derfor held eg det for sannsynleg at fleirtalet i lesesirkelen ikkje har lest denne enno.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Tykte det var godt med ei pause i sommar, Dostojevski var litt krevande. Men no er eg klar igjen, og har alt tenkt ut kva eg skal foreslå til neste val. Vonar du kan halde fram som administrator, det har fungert veldig bra så langt. Og kva det enn er som tynger, så vonar eg det gjeng over.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga skal eg på gjetarhundkurs, så ambisjonane når det gjeld lesing må nok vere deretter. Men det eg måtte få av lesetid blir via til dystopilesesirkelboka Metro 2033. Har såvidt starta, og den virkar lovande. Får litt av same kjensla som då vi las Silo.

På bilturen til kurset blir eg ferdig med The First Men on the Moon av H.G. Wells. Derfor må eg laste ned ei bok til før eg reiser. Har ikkje heilt bestemt meg, men det er store sjansar for at det blir noko av Dickens.

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ja, det var det. Og enden på visa blei at eg no har både ei innbunde og ei pocket-utgåve av boka. Så dersom det er nokon som ikkje har fått tak i boka enno, og har lyst på ein ulest pocket-utgåve så er det berre å ta kontakt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjølv saknar eg dei enkle og stilfulle omslaga som prega bokklubben-bøkene for nokre tiår sidan.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KAmanda AKirsten LundPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenEivind  VaksvikLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyHilde Merete GjessingPiippokattaJulie StensethTralteMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-Lise