Var ute og køyrde eit par-tre timar tidlegare i kveld, og då gjekk det i Oliver Twist på øyret. Har bikka halvvegs i boka, no.

På papir så er det lesesirkelboka Renhetens pris som gjeld. Har enno ikkje kome halvvegs, men vi er rundt 3/4 inne i leseperioda. Då er det vel berre å gi gass.

Forøvrig har yr.no lova brukbart ver i helga. Slår det til så blir eg nok å finne ute i hagen det meste av dagane. Ikkje for å nyte godveret, men for å nytte godveret til å jobbe med eit prosjekt som bør vere ferdig før snøen kjem.

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har ikkje lest Tereza Batista sjølv enno, men eg er ganske viss på at i det minste deler av historia sorterer inn under denne kategorien. Det er også ei av Amado sine mest kjende bøker, så det er sikkert ikkje tilfeldig at den er den lettaste å få tak i på norsk.

Av dei av Amado sine bøker eg har lest, er det kanskje A morte e a morte do Quincas Berro d'Agua som ligg tettast opp til dei nemnde Steinbeck-bøkene, denne tviler eg sterkt på er å finne på norsk, men den finnest i alle fall i engelsk oversetjing.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Slår eit slag for Jorge Amado igjen, eg. Eg meiner å minnest at du likte Steinbeck godt, Amado og Steinbeck hadde det til felles at dei skildra personar på skråplanet med ein varm humor (og no tenker eg nok spesielt på Dagdrivergjengen og Cannery Row). Det er nok ikkje så enkelt å få tak i Amado sine bøker på norsk, med litt tålmodigheit kan dei sikkert skaffast frå bibliotek, og med ein god porsjon flaks kanskje også frå bruktbokhandlar. Men vil ein lese på engelsk, eller som meg på portugisisk, så ser det ut for å vere ganske grei skuring å skaffe nokre av dei meir populære titlane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er truleg av seg sjølv ein blir lurt ... sjølvgjort er velgjort. Har etter kvart blitt nøye med at klassikarar eg les ikkje er nedkorta utgåver. Mohikaneren stend forøvrig i bokhylla og venter. Han snik seg nok fram ein gang på nyåret.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er aldri feil å lese, eller i dette tilfellet å høyre, gamle røverhistorier i fullstendig utgåve. Eg har truleg lest ei forenkla og nedkorta utgåve av denne som liten, og «Robinson Crusoe» har etter kvart blitt mykje meir enn tittelen på ei bok, det har blitt eit begrep, eit bilete på eit einsamt liv på ei aude sydhavsøy. Derfor er det lett å tru at ein stort sett veit kva denne boka handlar om. Men eg vågar påstanden at dei aller fleste som finn på å lese boka vil oppdage at dei kan berre fragment av historia. Og lokaliteten til øya er slett ikkje der eg hadde venta.

Det er vanskelig å ta inn over seg at denne historia snart er 300 år gamal. Rett nok er språket modernisert, men sjølve forteljarstilen framstend som uventa moderne. Skildringane er veldig detaljerte, og det er lett å leve seg inn i handlinga. Stort sett er det rasjonelle handlinga og val som gjer at hovudpersonen greier seg såpass bra, men ein porsjon flaks av og til er heller ikkje å forakte.

Underhaldande og velskriva bok, og når i tillegg opplesaren på Loyalbooks gjorde ein framifrå jobb så var det berre å leite fram eit av dei høgare terningkasta.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

As to all the disputes, wrangling, strife, and contention which have happened in the world about religion, whether niceties in doctrines or schemes of church government, they were all perfectly useless to us, and, for aught I can yet see, they have been so to the rest of the world.

Chapter XV

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Never any young adventurer’s misfortunes, I believe, began sooner, or continued longer than mine.

Chapter I

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om Gud hadde ment at menneskene aldri skulle si annet enn sannheten, så hadde han vel ikke satt løgnen inn i verden. Han hadde skapt løgnen fordi han skjønte at menneskene ikke kunne finne seg til rette uten.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

-- Danjel ... Hvor ligger lovart, som han snakket om?
-- Det vet jeg intet om.
-- Det var et sted der en ikke fikk lov til å kaste noe. Det er vel best vi får vite hvor det er, så vi ikke gjør noe som er forbudt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Framhald ifrå Utvandrerne 1, denne boka har undertittelen «Bønder på havet». Karl Oskar, Kristina og co har kome seg til Karlshamn, og skal om bord i briggen Charlotta for å emigrere til Amerika. Jordnær og fin framstilling av vanskane ved denne overfarta, ispeidd ein del leksikalske opplysningar. Det må ha vært ganske voldsomt for folk som aldri har sett havet før å skulle krysse atlanteren i ei lita skute. Ein får nesten klaustrofobi og sjøverk av å lese enkelte av passasjane.

Moberg treff veldig fint med forteljarstilen, det er lettlest og underhaldande samstundes som det er fantastisk historieformidling. På minussida kan ein nemne at enkelte typer betraktningar repeterast i overkant ofte. Men alt i alt er det flott lesestoff, og eg kjem garantert til å lese igjennom alle bøkene i dette 8-bindsverket i løpet av 2016.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Alfabetisk, har ikkje fantasi til å gjere det på annan måte. Vurderte å innføre Dewey-nummerering på sakprosa, men då må eg jo skrive eller lime lappar på bokryggane, og det har eg ikkje hjarte til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nasjonalbiblioteket kan vere ei fin kjelde til å oppklare slike spørsmål. Her kan ein lese heile boka og så kan ein etterpå grunde over om det var ein roman eller ikkje.

Den andre boka Tralte spør etter, Nøklene til Egypt, er dessverre ikkje å finne på Nasjonalbiblioteket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei heseblesande satirisk forteljing om optimisten Candide, som er overtydd om at alt som skjer er til det beste. Dette livvsynet har han fått innprenta av den lærde Pangloss, som også er ein sentral figur i forteljinga. Candide er forelska i den vene Cunégonde, men omstenda gjer at dei kjem frå einannan, og havnar i dei mest utrulege situasjoner og på dei mest usannsynlege reiser rundt omkring i verda.

Stilen i boka er direkte og kontant, på kanten til vulgær. Kvart kapittel er tettpakka med handling, og det er berre å gi seg over over alt elendet Voltaire let Candide lide seg igjennom. Boka er eit motsvar til filosofiske hypoteser om Gud sin velvilje, og den skapte ein del rabalder då den kom ut i 1759. I tillegg er der nok ein del satiriske stikk til viktige personar og hendingar i Voltaire sin samtid, men som gjeng meg hus forbi på grunn av manglande historiekunnskap. Men raljering er moro uansett om ein forstår den fulle og heile bakgrunnen eller ikkje.

Eg høyrde denne som lydbok frå Loyalbooks, opplesinga var ikkje så aller verst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Were you ever in France, Mr. Martin?" said Candide.

"Yes," said Martin, "I have been in several provinces. In some one-half of the people are fools, in others they are too cunning; in some they are weak and simple, in others they affect to be witty; in all, the principal occupation is love, the next is slander, and the third is talking nonsense."

Chapter XXI

Godt sagt! (0) Varsle Svar

One day Cunegonde, while walking near the castle, in a little wood which they called a park, saw between the bushes, Dr. Pangloss giving a lesson in experimental natural philosophy to her mother's chamber-maid, a little brown wench, very pretty and very docile. As Miss Cunegonde had a great disposition for the sciences, she breathlessly observed the repeated experiments of which she was a witness; she clearly perceived the force of the Doctor's reasons, the effects, and the causes; she turned back greatly flurried, quite pensive, and filled with the desire to be learned; dreaming that she might well be a sufficient reason for young Candide, and he for her.

Chapter I

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Knallstart på helga, fotballaget til dattera vann over nabo-klubben og erke-rivalen. Dermed er det berre å lene seg bakover i godstolen og finne fram lesesirkelboka Renhetens pris. Har berre såvidt kome i gang med den, så eg rekk nok ikkje å lese i anna enn denne i helga.

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sjølv trur eg at eg nøyer meg med 2033. God bok, og mange lause trådar som det kan spinnast vidare på i ein oppfølgar. Men eg kan styre begeistringa for dei metafysiske eller parapsykologiske eller kva ein nå måtte kale det for, elementa i forteljinga.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kan ikkje samanliknast med boka, nei. Men ser ein den uavhengig av boka så var det ein koseleg og grei film. Stort pluss for tidskoloritten. Av musikken tykte eg faktisk av den "u-originale" musikken fungerte best. Versjonen av Yesterday, t.d., stod fantastisk godt til den aktuelle scena.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ikkje ofte eg set meg til for å sjå på TV, men i kveld må eg nok gjere eit unntak. Filmen gjeng på NRK1 klokka 9 i kveld.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lesesirkelbøker her også, Metro 2033 og Renhetens pris. Har såvidt byrja på sistnevnte. Veret bestemmer kor mykje lesing det blir i helga, har eit prosjekt i hagen som eg har utsatt alt for lenge. Skal eg bli ferdig før snøen kjem så lyt det litt innsats til.

God helg!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågHarald KAmanda AKirsten LundPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenEivind  VaksvikLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyHilde Merete GjessingPiippokattaJulie StensethTralteMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland Skjeggerud