Det er aldri feil å lese, eller i dette tilfellet å høyre, gamle røverhistorier i fullstendig utgåve. Eg har truleg lest ei forenkla og nedkorta utgåve av denne som liten, og «Robinson Crusoe» har etter kvart blitt mykje meir enn tittelen på ei bok, det har blitt eit begrep, eit bilete på eit einsamt liv på ei aude sydhavsøy. Derfor er det lett å tru at ein stort sett veit kva denne boka handlar om. Men eg vågar påstanden at dei aller fleste som finn på å lese boka vil oppdage at dei kan berre fragment av historia. Og lokaliteten til øya er slett ikkje der eg hadde venta.

Det er vanskelig å ta inn over seg at denne historia snart er 300 år gamal. Rett nok er språket modernisert, men sjølve forteljarstilen framstend som uventa moderne. Skildringane er veldig detaljerte, og det er lett å leve seg inn i handlinga. Stort sett er det rasjonelle handlinga og val som gjer at hovudpersonen greier seg såpass bra, men ein porsjon flaks av og til er heller ikkje å forakte.

Underhaldande og velskriva bok, og når i tillegg opplesaren på Loyalbooks gjorde ein framifrå jobb så var det berre å leite fram eit av dei høgare terningkasta.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Veldig enig med deg - jeg for min del ble overrasket over den "dagligdagse, innenforståtte" rasismen som var i boken. Opplever det som veldig verdifullt å lese klassikere.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi som leste "klassikerne" som barn og dermed tror vi har lest dem, er nok blitt lurt. Prisverdig, selvsagt, at noen har funnet ut at dette er så gode historier at også barn burde få lese dem - men som oftest ble de vel i meste laget "tilrettelagt" og forflatet. Jeg har nylig lest Den siste mohikaner og fått bekreftet at noen barnebok er det så visst ikke. Nå må jeg visst prøve å få tak i Robinson Crusoe også i fulltekst, skjønner jeg. Undres hvor mange sånne "klassikere" vi innbiller oss at vi har lest?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det er truleg av seg sjølv ein blir lurt ... sjølvgjort er velgjort. Har etter kvart blitt nøye med at klassikarar eg les ikkje er nedkorta utgåver. Mohikaneren stend forøvrig i bokhylla og venter. Han snik seg nok fram ein gang på nyåret.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild SStig TPiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl