Finveret varer og varer, til glede for folk og dyr. Forholda ligg godt til rette for gjetarhundtrening for tida, så mykje av denne og dei komande helgene kjem til å gå med til det. Men det skal nok bli tid til lesing også, eg har kome greit i gang med lesesirkelboka Margfolket, og i kveld blir eg også ferdig med Nybyggerne 2. Og som lydbok i bilen er det framleis Oliver Twist som gjeld.
Er det fleire enn eg som har kjøpestopp for tida? Det tyder på ingen måte at ein stoppar å kjøpe bøker, det tyder tvert om at ein stopper opp når ein ser eit godt tilbod, for så å kjøpe boka. I dag var det Kongens nei som blei med heim, innbunda utgåve til kr 149 på Europris, av alle stadar.
Ja ja, nok skvalder. God helg, alle saman!
Denne hausten har blitt ei endelaus rekke av klårversdagar, noko av det flottaste eg kan minnest å ha vært med på. Det store hageprosjektet nærmar seg slutten, med litt flaks så vil godveret halde fram ei stund til, slik at eg kan nyte det på andre måtar enn i arbeidsklærne.
Medan eg ventar på oppstart av lesesirkelboka Margfolket så les eg Nybyggerne 2 av Vilhelm Moberg. Trilveleg lesnad, denne bokserien.
Det blr også eit par små køyreturar i helga, då må eg høyre vidare på Oliver Twist.
Boka kom i posten i dag, eg var truleg griseheldig og fekk det siste innbundne eksemplaret som var tilgjengeleg på Ark. Korleis er det med dei øvrige som skal vere med på felleslesinga, er det nokon som ventar på bok?
Og det blei Bob Dylan! Så moro! Til Unibet-odds på 9 ca 15 minutt før kunngjeringa, han har klatra på denne lista i det siste. Gratulerer til prisvinnaren, til alle Dylan-fans, og det har vært artig å følge med på odds-utviklinga.
Må innrømme at dette er eg ute av stand til å vurdere. Har lest berre 2 av dei 10 øverste på lista, og 4 av heile feltet. For meg blir derfor hovudutbyttet av å følge med på dette å bli merksam på presumptivt gode forfattarar eg ikkje har lest noko av.
Kan hende eg må revurdere råtipset. No ligg Ngugi Wa Thiong'o forholdsvis klart i tet. Lekkasje? Om tre og ein halv time veit vi svaret.
Forskjelen mellom dei tre i teten har jevna seg veldig ut i det siste, til forskjel frå i fjor då vinnaren auka leiinga på odds-lista dagen før kunngjeringa. Eg tolkar dette som at det er rykter som spriker i ulike retningar, og mitt råtips er at ingen av dei 3 fremste på lista får prisen.
Bøkene om barna i Bakkebygrenda (Astrid Lindgren) var store favorittar. Sidan eg sjølv hadde ein landleg oppvekst var det lett å leve seg inn i påfunna til desse ungane (sjølv om det var nokre tiår i tid mellom min eigen og Bakkebygrenda-barna sin oppvekst.)
Når valet etter kvart blir avgjort; kan ein legge inn nokre dagar "handletid" før start av lesinga? Det er kjedelig å kome på etterskudd frå start fordi ein ventar på bok i posten.
Det er ikkje så lenge sidan eg las denne, så eg stend over lesinga. Men eg kan fort finne på å kome med synspunkt i diskusjonstråden.
Løfter denne, eg, då det ikkje ser ut for å vere så mange som har stemt enno.
Det gjeng frykteleg seint med lesinga for tida, dette skuldast nok for det meste at eg har det travelt med andre ting både på jobb og fritid, og når det endeleg er kveld og lesero så er eg stuptrøytt etter 5-10 sider. Eg held framleis på med lesesirkelboka Renhetens pris, no gjeld det å bli ferdig med den før det brakar laust med nye bøker både i dystopi- og i gretemor-lesesirkelen.
Vi har forøvrig knallfint haustver nett no, så då lyt ein nok finne på eit eller anna utandørs også i helga. Eller kanskje heller lese om noko ein kan gjere utandørs? Vi får sjå. God helg!
Avstemmingssida; eg lagar ei klikkbar lenke her, eg ( - er for lat til å kopiere og lime inn kvar gang eg skal sjekke).
http://doodle.com/poll/8s9xnskc59ynh7y3
Så til den egentlige grunnen til innlegget; enkelte vil kanskje hugse at eg ved førre avstemming opplyste om at den nye norske utgåva av Vi/Zamjatin ikkje er i sal enno. Eg har vært i kontakt med Solum igjen, dei seier den kjem på lager den 10, oktober. Eg gjeng ut frå at dette betyr at den er i sal frå same dato. Sånn i tilfelle avstemminga tek ei overraskande vending innan laurdag.
Eg dreiv også og telte på knappane, heilt til eg oppdaga at eg berre har glidelås.
Nominasjonane er hemmelege, kven som er nominert får vi, eller rettare sagt dei av oss som lever så lenge, etter planen vite om 50 år. Men det hindrar sjølvsagt ingen i å spekulere omkring kven som er nominert, noko eg sjølv synest er moro, og til og med å vedde på kven som vinn, noko eg held meg unna. Odds-lista reflekterer nok berre kor mange som har vedda på ulike meir eller mindre sannsynlege kandidatar hjå dei ulike spelselskapa.
Når det gjeld akkurat E.L. James så veit eg ikkje kvifor ho har havna på lista, men igjen; det kan vere moro å spekulere. Kanskje er det blodfans av bokserien som veddar på henne? (Sidan eg ikkje har lest bøkene og derfor ikkje kan uttale meg om kvaliteten på dei så held eg meg sjølvsagt for god til å hinte om at sidan dei først har kasta bort pengar på bøkene kan dei like godt kaste bort meir pengar på dette veddemålet.) Eller kan det til og med tenkast at det er eir PR-stunt frå forfattar og/eller forlag å setje såpass med penger på veddemålet at ho figurerer på denne lista? Andre forslag?
Blir det Murakami i år? Han ligg i alle fall best an på odds-lista nett no.
Det er vel ikkje anna å gjere enn å følge med her dei nærmaste dagane.
Datoen for offentleggjering av vinnaren er forøvrig ikkje fastsatt enno.
Eg har ikkje gitt opp tanken om å lese ei brasiliansk bok saman med dykk. Ei bok eg har sett har kome på norsk nyleg er Stjernens time av Clarice Lispector. Denne kortromanen frå 1977 handlar om ei fattigjente som har flytta frå Nordaust-Brasil til storbyen Rio, og er mitt forslag denne gangen.
Det vesle eg har lest om boka får meg til å tru at stilen har ein del til felles med Jon Fosse sin trilogi om Asle og Alida. Terningkasta på bokelskere spriker veldig, dette kan tyde på at boka er diskusjonsverdig.
Hæ, har det vært helg?
Det neste de vil inbille meg er vel at det snart er jul igjen.
Uansett, eg er på etterskot i lesesirkelboka Renhetens pris, vonar å få lest unna denne før neste avstemming er over.
Så vidt eg kan sjå så var det fire bøker som fekk nest flest stemmer; Station Eleven / Fordi overlevelse ikke er nok av Emily St. John Mandel, We / Vi av Jevgenij Zamjatin/ Evgenij Zamjatin, Fiolinane av Jan Roar Leikvoll og Never let me go / Gå aldri fra meg av Kazuo Ishiguro
To byer høyrde eg ganske nyleg som lydbok, og blei mektig imponert. Først og fremst over skildringa av enkelte scener, som blei mala ut med brei, brei pensel. Fantastisk lytteoppleving.