A morte e a morte de quincas berro dagua

av (forfatter).

Companhia das Letras Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.com Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Companhia das Letras

Format Paperback

ISBN13 9788535911831

Språk Portuguese

Sider 118

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Tittelen tyder «Dødsfallet og dødsfallet til Quincas Vassbrøl», og er ei lita perle av ei historie frå Jorge Amado, ein av Brasil sine mest kjende og elska forfattarar.

Joaquim Soares da Cunha er ein respektabel offentleg funksjonær frå Salvador som som godt vaksen stikk av frå ei streng og dominerande kone og ei ellers usympatisk familie for å leve fri og frank som vagabond og ranglefant på byen sin skuggeside. Etter 10 år på fylla blir han funnen død ein morgon. Familien prøver å finne ut av korleis dei kan ordne ein begravelse utan å skjemme ut familien sitt gode namn og rykte, og dei ordnar eit diskret likvake på den lugubre adressa der han blei funnen.

Joaquim var kjend som «Quincas Vassbrøl» i Salvador sine lavare sosiale lag, og var særs godt likt av svirebrørne sine. Fire av dei beste kompisane oppsøker likvaket, og utan å gå i detaljar kan ein vel seie at likvaket vart alt anna enn ei sørgestund. Makan til historie skal ein leite lenge etter.

Ein kan lure litt på om Amado har lest Dagdrivergjengen eller Cannery Row av John Steinbeck. Historiene er heilt ulike, men typene som opptrer i dei har mykje til felles. Også forteljarstilen har mange likheitstrekk, først og fremst den fordomsfrie og samstundes lettbeinte skildringa av menneske på skuggesida av livet. Men Amado trekker i tillegg inn element av Afro-Brasiliansk kultur, noko som gir forteljingane hans ein ekstra mystikk.

Denne boka er ikkje Amado sin mest kjende, men er likevel omsatt til ein rekke språk og gitt ut i mellom anna USA, Kina, Frankrike, Israel, Portugal, Hellas, Finland, Litauen og Libanon. Det er også laga TV- og kinofilm av historia.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Han var ein god far og ein god ektemann. Vanda festa seg ved dette siste minnet og kjende seg tilstrekkeleg rørt, hadde det vært fleire til stades ved likvaket skulle ho til og med ha greidd å grine litt, slik ein ventar seg av ei god datter.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Han gjekk inn i sjappa til Lopez, den sympatiske spanjolen, i utkanten av marknaden. Som stamkunde hadde han vunne hevd på å skjenke i til seg sjølv utan hjelp frå dei tilsatte. Oppe på disken såg han ei breiddfull flaske med blankt sukkerrørsbrennevin, klart og gjennomsiktig, perfekt. Han fylte opp glaset sitt, spytta for å renske ganen, og tømde glaset i eit drag. Og eit umenneskleg brøl spjæra morgonstilla på marknaden, så sjølv sjølvaste fundamentet i Lacerda-heisa skaka. Brølet til eit dyr i dødskamp, til ein sviken og skamferen mann:
- Vaaaaaatn!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar