Dette er ei langt på veg sjølvbiografisk framstilling av ungdomsåra til forfattaren sjølv, Miles Franklin. Franklin var eit ukjent namn for meg, men eg ser frå wikipedia at ho var reikna mellom dei viktigaste forfattarane i Australia i si tid. Dermed må det vere rimeleg å slå fast at eg ikkje veit noko større om Australsk litteratur.

Det er ei i utgangspunktet ganske enkel historie som blir fortalt. Franklin sin alias, Sybylla Melvyn, veks opp på den australske landsbygda med ei kultivert mor og ein far som etterkvart blir slave av alkoholen. Syb får bu ei tid på garden til tanta og onkelen sin, og der treff ho den kjekke Harold Beecham. Harold er ein velståande og arbeidssam ung mann, han blir forelska i Sybylla, og ho har også kjensler for han. Så då skulle vel alt vere greit, eller?

Det som bergar historia frå å bli ei rein suppe av klisjear er i første omgang språket, som er rikt og levande. Dernest er det utviklinga kjærleikshistoria får. Sybylla akspeterer ikkje rolla som kvinnene har ved inngangen til det 20. århundredet, og dette får konsekvensar for forholdet mellom henne og Harold.

Eg høyrde denne som lydbok på loyalbooks. Det var mande ulike opplesarar som veklsa på å lese dei ulike kapitla, og det var svært varierande kvalitet på dei. Enkelte gangar fekk eg kjensla av at opplesinga var ein del i eit prosjekt for folk med lese- og talevanskar, og når eg trudde det ikkje kunne bli verre så kom det pinadø også ein deltakar i eit grunnkurs i engelsk for innvandrarar. Det er kanskje dårleg gjort å klage over ei bok som eg har lasta ned gratis, men det kan vere greit å tipse om at den som ynskjer å høyre den som lydbok godt kan leite etter ei anna innspeling.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Andreas BokleserKirsten LundVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid Kjendliesomniferum