Risp i berget

noveller

av (forfatter).

Samlaget 2015 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (3 terningkast.)

8 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Som hans førre kritikarroste novellebok Sjabervik (2011) tek Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lèt oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han det uforanderlege hos mennesket gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev.

Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskelagnader, frå det første steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, den vakre tenestetausa Dagny, soldaten Erik og den bekymra far hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen, den prostituerte Maria og den femti år gamle firehundremeterløparen som ønskjer å vinne tilbake gamlekjærasten sin. Risp i berget er ein overtydande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagslege, frå det mørke til det humoristiske.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2015

Format Innbundet

ISBN13 9788252187465

EAN 9788252187465

Omtalt sted Norge

Språk Nynorsk

Sider 173

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 1 1 0 0

Bokomtaler

Tilliks med den førre novellesamlinga til Orten, Sjabervik, så får ein her eit knippe forteljingar som stort sett er frå same stad, men med god spreiing i tid. Og denne gongen femner forfattaren enno vidare i tid, dei første korte stubbane er venteleg frå slutten av siste istida. Stykka ser ut for å vere ordna kronologisk, og for den nyare tida så er det enkelte personar som gjeng att i fleire stykke.

Der er også denne gangen ein viss variasjon i stil. Dei fleste stykka er i prosa, men her er mellom anna også dikt, ei preike, eit brev, ei vermelding og ein do-grafitti. På mange måtar blir dette derfor ei slags samling av forundringspakkar. Det er heller ikkje så opplagt, i alle fall ikkje for denne lesaren, kva forfattaren ynskjer å formidle med enkelte av tekstane.

Lokaliteten til forteljingane er eit øysamfunn på Sunnmøre. Skal eg våge meg med ein påstand om at forteljingane inneheld essensen av det som har forma mentaliteten til øybuarane gjennom århundra? Det er i alle fall freistande å tenke i den retninga. Enkelte av stykka er humoristiske, andre er burleske, og atter andre er berre underfundige. Og dei aller fleste er ganske bra.

Språket er som vanleg flott, retteleg behageleg å lese var det. Det kan sjølvsagt ha ein samanheng med at eg deler forfattaren sin dialekt, men eg trur nok at også ikkje-sunnmøringar vil kunne la seg begeistre over språket. Eller?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Døden har ingen slutt. Men overalt byrjar han.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ananias Johannesson er brun i huda. Som om mykje av den gamle, mørke krafta frå stein og mold framleis lever i han. Han ser ung ut, lett i kroppen. Men kan ikkje vere ein dag yngre enn 90.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Brevet til Rosalin" av Øystein Orten
  • "Keeperen og havet" av Maria Parr
  • "Olavs draumar - forteljing" av Jon Fosse
  • "Grand Manila - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Svikne dagar - roman" av Elena Ferrante
  • "Vaffelhjarte - Lena og eg i Knert-Mathilde" av Maria Parr
  • "Alle utlendinger har lukka gardiner - roman" av Maria Navarro Skaranger
  • "Det vokser et tre i Brooklyn" av Betty Smith
  • "Sapiens - en innføring i menneskehetens historie" av Yuval Noah Harari
  • "Når villdyret våkner" av Jack London
  • "Farvel til våpnene" av Ernest Hemingway
  • "Skyskraperengler" av Tove Nilsen
Alle bokanbefalinger for dette verket