Bøker lese i tjue nitten
Ei skikkeleg feel-good bok med skarp humor, herlege karakterar. Ikkje noko banebrytande eller nytt, men ei perfekt bok å slappe av med. Kjærasten og eg lytta til denne lydboka på veg heim frå nyttårshelga. Koste oss godt, begge to!
Vi følger livene til tre karakterar i tida fram til jul - ein smådeppa, gretten taxisjåfør; ei overarbeida, ung advokat; og bestemora til denne ungen damen. Og det er denne bestemora som er limen i historia.
Kort bok, lettlesen, humoristisk utan å bli fjasete. I år blei "En dag i desember" på sett og vis "kåra" til den store juleboka. Eg las ho. Og så las eg denne. Og slik eg ser det er dette ein mykje betre "julebok": Handlinga utspeler seg i desember - i tida fram til jul, julesteming (og mangel derav) spelar ein rolle i boka, gåver, julemat osv går igjen. Jul er eit tema, men det ikkje hovudtemaet. ("En dag i desember" derimot handlar i grunn fint lite om jul..!)
avbrutt etter omtrent 30% - klarte overhodet ikkje å bli intressert i karakterane, gjekk og "grua" med til å lytte til lydboka, og då er det jo ikkje noko vits. Gav lydboka heile 3,5 timar før eg gav ho opp - og sjølve lydboka er god med flinke opplesarar. Eg har fleire gonger opplevd at gode opplesarar kan redde ein middelmålig bok, men denne gonge hjalp det ikkje
Lydbok, frå Storytel. Dystopi. Verka spennande...men ,... Har forsøkt meg på denne to gonger no, kom lengre no enn forrige gong, men gjer opp likevel. Trur det rett og slett berre er stemma og lesestilen til den mannlege opplesaren som gjer at eg ikkje klarar halde interessa oppe. Det er for monotont og treigt til at eg klarar følgje med på det som skjer. Synd, for boka verka lovande og i starten, då ei kvinne leser, hang eg godt med og lot meg engasjere...