Hjertet er også en pendel.
Alt svinger mot ro. Alt slår mot stillhet til slutt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

... hvilke hjul er det de skyver, tenkte jeg, og hvem holder bremsene i gang, hvem passer på bremsene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei merkeleg bok, både lita og stor på ein gang. Handlinga er lagt til slutten av 1400-talet og første halvdelen av 1500-talet, og dreier seg stort sett om Mikkel Thøgesen. Lesaren møter Mikkel først som måteleg entusiastisk student, og seinare som soldat under Christian II av Danmark. Dette er ein ganske dramatisk epoke i Danmark sin historie, men boka tek ikkje mål av seg til å forklare eller greie ut om dei historiske hendingane, det er heller slik at ein oftast berre anar omrisset av dei, men ein får også enkelte eksplisitte hendingar på nært hald.

Det verkeleg storarta med boka er språket. Enkelte av skildringane har ein kraft og ein poesi over seg om naglar lesaren fast i boksidene. Der er mange originale språklege bilete, og Jensen gjev også naturen og landskapet til viktige element i forteljinga. For ikkje å snakke om dei meir groteske skildringane, ein kan jammen begynne å lure på om det er mogleg å skildre desse så detaljert utan å ha vært vitne til liknande hendingar sjølv.

Sjølve hovudpersonen var det smått vanskeleg å få tak på. Mikkel er korkje helt eller anti-helt, han let seg nærmast kvervle av garde i dei historiske hendingane utan mål eler vilje. Det einaste som gjev han ei viss retning i livet er viljen til å tene kongen sin, uansett korleis det gjeng med monarken.

Eg vegrar meg for å spekulere i kva Jensen kan ha prøvd å fomidle med denne boka, utover det å nytte historiske kulissar til å skape ei god forteljing. Det klarte han i alle fall, boka fall godt i smak hjå denne lesaren. Eg las den saman med gretemor sin lesesirkel, det virka som om dei fleste av dei andre deltakarane også var begeistra for boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Blir med, eg. Ligg litt på etterskot med litt av kvart, men satsar på å klare å henge med her. Var ei stund redd for at eg ikkje skulle få tak i boka på norsk, søkte i alle antikvafiata på lista mi, og fekk treff på det siste. Eg tolkar dette som at det er mange som blir med på felleslesinga, sidan alle antikvariat i landet no er renska for denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk for tips. Har ikkje sett om andre bokhandlar har halvmammutpris-sal, men så har eg ikkje leita noko vidare heller. Eg har også skygga banen under mammut-salet, for der var ingen bøker eg måtte ha, men rundt 20-30 eg kunne finne på å kjøpe dersom prisen blei lav nok seinare.

"Heldigvis" så var mange av bøkene eg kika på berre tilgjengelege for "Klikk og hent", det er langt til nærmaste Ark-butikk får der eg bur så det å hente bøkene i butikk er ikkje noko alternativ. Drivstoffutgiftene vil nok overstige rabatten ein oppnår. Men der var også nokre bøker som ein kunne bestille heim, og desse 9 havna i handlekorga:

Så får vi sjå om dei finn vegen frå handlekorga til postkassa mi.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gjeterhundkurshelg! Denne gangen i nærmiljøet, kjempespent på om vi har greid å få i stand eit brukande arrangement. Kom nett inn døra etter å ha vært og inspisert området vi skal vere på. Ser ut for at vi er klar. Så då kan eg plante baken i lesestolen og slappe av nokre timar.

Det har gått småtregt med lesinga i det siste, men det gjeng trass alt framover. Er omlag 1/3 i veg i Ringenes Herre. Så er eg solid på etterskot i lesesirkelboka Pesten, har kome såvidt over halvvegs, og leseperioda gjeng ut denne helga. Ja ja, det får ta den tida det tek.

På øyret så blei eg ferdig med Tess of the d'Urbervilles i veka som gjekk, og er no i gang med White Fang av Jack London. Knakande gode villmarksskildringar, dette kunne han. Dessutan passar bra med litt hunde-eventyr som inngang til gjetarhundhelga.

Og dermed så er ringen i dette innlegget, tematisk sett, slutta.
God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det kan sjå ut som det blir enkeltbok-tapetsering dette året. Men leiter ein godt nok vil en nok finne andre bøker også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var det denne sida du meinte å linke til?
(Redigert: det ser ut for at vi begge blir holdt for narr av anten bokelskere eller wikipedia når det gjeld å legge inn lenke til den aktuelle sida ....)

"Wikipediatet" du refererer til ser ut til å bestå av ein enkeltperson, Claes Tande. Det ville jo vere ganske kontroversielt å halde fram ein enkeltperson sitt synspunkt som det almenne synet til wikipedia-bidragsytarane. Men det var sikkert ikkje dette du meinte å gjere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bokklubben har tradisjonen tru lansert sitt eige sal, med prisar på mammut-nivå. Der er delvis overlapp med bøkene som er med i mammut-salet. Har ikkje samanlikna i år, men eg samanlikna prisen på ein del bøker i fjor og då kom bokklubben-salet litte betre ut.

Når det er sagt, så ser eg heller ingen bøker på bokklubben-salet som eg berre MÅ ha dette året. Og i tillegg så prøver bokklubben å lure meg. *Romaner fra 49,-" stend det på framsida. Men ingen av romanane var til sals for kr 49,- den dagen salet åpna, den billigaste var Ære til kr 69,-, og så var der ein heil haug til 79,- og dyrare.

Eg gjorde i høflege ordelag bokklubben merksam på at ingen av bøkene var til sals til prisen dei reklamerer med. For å bøte på dette satte dei ned prisen på Herre og Faren ved å være skrake frå 79,- til 49,- kroner. Men dette varte berre nokre få dagar, før dei skrudde prisen opp att til 79,-. Og stoda er framleis slik at det reklamerast med romanar frå kr 49,- medan det ikkje er nokon bøker til sals for denne prisen.

Derfor vel eg herved å henge ut bokklubben i litt mindre høflege ordelag: JUKSEMAKAR PIPELORT!

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Sjølv reiknar eg det ikkje for kontroversielt å ikkje like ei bestemt bok, eg greier ikkje å kome på noko eksempel på ei bok der eg ville ha reagert med sinne eller avsky over at nokon ikkje likar den (Det er klart at eg kan kjenne på ein viss skuffelse over at nokon ikkje liker bøker som eg sjølv set høgt, men dette er på ingen måte kontroversielt.)

Likevel kan eg godt forestille meg at det finnest bøker det kan vere vanskeleg å kritisere dersom ein ikkje likar den. Det første eksemplet eg kjem på er Anne Franks dagbok. Boka er nærmast eit minnesmerke over dei europesike jødane sin lagnad under andre verdskrigen, og kritikk av boka kan kanskje av nokon bli oppfatta som manglande respekt for holocaust-offera.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den siste veka har eg lurt meir på kvifor eg ikkje les, for det har vært full lesestopp ei dryg veke. Latskap? Lei? Uinteressert? Tidsklemme? Sanneleg om eg veit. Uansett, det er ikkje så viktig, det gjeng over av seg sjølv og i går kveld fiska eg fram att Ringenes herre. Då kan eg like godt leite fram igjen lesesirkelboka Pesten også, greit å kome seg vidare i denne før ein har gløymt kva som skjedde i starten. Får skunde meg sakte, så ordnar det seg nok.

Ynskjer forstatt god helg til alle.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Har kome nesten like langt som deg. Måtte smile litt då seg såg at der er (på side 51 i mi utgåve) ein artig referanse til Den fremmede:

Midt i en livlig samtale hadde hun nevnt en arrestasjon som hadde vakt oppsikt i Alger. Det dreide seg om en ung kontormann som hadde drept en araber på en badestrand.

Forøvrig merkar eg at skrivestilen fenger meg berre sånn passe. Det blir litt omstendeleg, og av og til får eg kjensla av at romanfigurane eigentleg pratar om noko anna enn det dei seier, men utan at eg får tak på kva det er.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg deler inntrykket ditt. ikkje veldig skuffa, men litt. For min del dreier det seg om to ting; (1) antalet bøker som vekkjer interesse, og (2) prissetjinga.

(1) eg burde vel berre vere glad til, i og med at eg, tilliks med mangle fleire her inne, gjeng og innbiller meg at det skal vere råd å redusere antalet uleste bøker i bokhylla.

(2) sorry, det er på kanten til villeiande å reklamere med "inntil 85% rabatt" når snittet av rabatteringa er mykje lavare. I tillegg ser eg fleire bøker som eg sjølv har kjøpt til langt lavare pris tidlegare. Då vil eg vise til Forleggerforeningen sine retningslinjer for Mammutsalet:

Bøker som har vært med på andre kampanjer og salg bør ha minst like lav pris på Mammutsalget.

Her meiner eg det blir synda ganske grovt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Då har du jammen hatt uflaks, 1 av 5 var skuffande. Håper det gjeng betre i år.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg legg merke til at du nemner kapittel, er det ei tydeleg kapittelinndeling i den franske utgåva du les? I mi utgåve, bokklubben 1971, er teksta grovt inndelt i 5 bolkar av litt varierande lengde, nummerert med romertal I .. V. Eg oppfattar desse bolkane som betydeleg lengre enn kapitla du refererer til.

Forøvrig sat eg på eit venterom på eit sjukehus i dag (neidå, det er ingenting som feiler) medan eg las byrjinga på boka. Måtte ta meg saman for ikkje å kike under stolen medan eg las om alle desse rottene.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det ser ut for at det gjeng an å tjuvstarte på å kike på utvalet av bøker no nokre minutt før midnatt. Ser alt at der er bøker eg kunne tenke meg. Spørsmålet er om eg greier å ha is i magen og vente på at dei skal bli enno billegare etter mammutsalet.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Ah, gjetarhundkurshelg. Regn og blåst, tele i jorda der dei øverste to centimeterane har tina ... ei sikker oppskrift for eit veritablet gjørmebad for både folk og dyr. Men du verden så moro.

Men no er hunden parkert for kvelden, og eg har sjølvsagt med meg lektyre på turen. Den klønete skytsengelen satsar eg på å lese igjennom i løpet av kvelden. Har kome eit godt stykke på veg, den er ganske bra, men har samstundes kjensla av at forfattaren kunne ha gjort meir ut av plottet. Og som lydbok under køyringa i helga så har eg Tess of the d*Urbervilles av Thomas Hardy. Nærmar meg halvvegs i denne no.

Så må eg innrømme at eg ikkje har lest Ringenes herre enno, og her i veka fann eg ut at no var det på tide. Dette er lesestol-boka mi, den er for tung til å ha med i senga eller på tur. Har kome omlag 100 sider i veg, og eg reiknar med å bruke minst 5-6 veker på denne.

Og så ser eg du at du spør om kva eg trur Trump les.
Svaret må då vel vere opplagt:
Donald, sjølvsagt.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Eg har ei kjensle av at eg har vært borti denne førestillinga om at presten er velutrusta nedantil i ein annan samanheng. Kan det vere ei av historiene i Erotiske folkeeventyr som gjeng i denne retninga? Det er styggmange år sidan eg las denne, og eg har den dessverre ikkje i bokhylla. Nokon som har?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Frå wikipedia-sida om Heinrich Kramer som du lenka til kan ein klikke seg vidar til sida om Kramer sin bok, Heksehammeren. Den kastar ikkje noko lys over ArcticDwarf sitt spørsmål, men den kasta i allefall litt humør over denne lesaren sin kveld. For det må jo vere lov å le litt av dette sprøytet etter så lang tid? Sjå berre kva ein, i følge wikipedia, får seg til å påstå:

En mann forteller at da han hadde mistet kjønnsorganet sitt, henvendte han seg til en velkjent heks for å be henne om å levere det tilbake. Hun sa til mannen at han skulle klatre opp i et bestemt tre, og at han kunne ta hvilket han ville fra et fuglerede, der det lå atskillige kjønnsorganer. Og da han forsøkte å ta et stort et, sa heksen: "Dette må du ikke ta." Og hun tilføyde: "For det tilhører sognepresten."

Forøvrig har også eg googla litt, utan å finne noko fornuftig å tilføre diskusjonen. Eg har også vært på ein del jobbreiser i regionen, utan å ha fanga opp nokon heksehistorier. Men så har eg heller aldri spurt særskilt etter dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Da galskapen var over, var Storefot og over halvparten av hans folk døde eller alvorlig såret; 153 var med sikkerhet døde, men mange av de sårede krøp bort for å dø siden. I følge ett anslag løp tallet på døde til sist opp i nesten tre hundre av de opprinnelige 350 menn, kvinner og barn. Soldatene hadde 25 døde og 39 sårede, de fleste truffet av kuler eller granater fra sine egne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaAlice NordliLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten Lund