Er det ei samling med aviskronikkar, eller er det ei samanhengande tekst?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit av poenga med å ha ein hobby er at ein medan ein held på med den i mindre grad enn ellers i livet skal trenge å gjere ting ein ikkje har lyst til.

Likevel, eg vonar du blir å finne på bokelskere i framtida også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Slepp å rekonstruere, har notert undervegs.
Men dersom ein ynskjer å rekonstruere, er det nok fullt mogleg ved å finne attende til dei gamle nominasjonstrådane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Oi, har du sett! Her vart det jammen endringar i innspurten. Og flaks at det blei ei bok eg har i bokhylla frå før. Litt flaks i det minste, i denne runda hadde eg faktisk 50% av bøkene ståande i hylla.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Uffda. Om det kan vere nokon trøst, sjølv om eg ikkje har så store illusjonar om nettop det, så har eg levert forslag i 18 av dei 20 felleslesingane hittil, og enno ikkje greid å foreslå noko som fenger fleirtalet. Denne gangen ser forslaget mitt endåtil ut til å kome på delt sisteplass. Ja ja, livet er fullt av nederlag, som det blei sagt ved ei anna anledning.

Så må eg føye til at eg for min del stort sett har likt dei bøkene som har blitt valgt.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Dersom deltakarane er litt våkne inn mot tidsfristen, så er det fullt mulig å kåre ein vinnar ved å endre litt på kven ein gjev stemme til, så lenger ein passar på å stemme på minst 2 bøker.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hinman mente at det indianerne trengte, var mindre jord og mer kristendom.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

God helg, ja!

Her i heimen gjeng det i indianarhistorier av det stusselege slaget. Begrav mitt hjerte ved Wounded Knee, ein orgie i griskheit, svik, manipulering og overgrep mot urfolket i Nord-Amerika. Det finnest ein sjanger bøker som kallast "feelgood-bøker"; dersom det motsatte omgrepet ikkje alt finnest så burde det finnast opp for å skildre denne boka. For dette er ei "feelbad-bok".

Som lydbok så starta eg i dag på Tess of the d'Urbervilles av Thomas Hardy. Har kome knapt 2 timar i veg, og liker historia veldig godt. Det vil seie, det eg eigentleg liker så godt er forteljarstilen.

Men no får det vere bra med skriving, her skal det lesast ei økt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Dette skapte litt forvirring då eg foreslo boka i lesesirkelen for eit års tid sidan. I den diskusjonen blei også dei svenske titlane drøfta, og då blei forvirringa komplett. Det Monica har saksa frå snl i innlegget under er så langt eg veit heilt rett. Etter litt blaing i wikipedia kan eg gi eit litt meir utfyllande svar:

İnce Memed tyder "Magre Memed" direkte oversatt. Yaşar Kemal har skrive fire bøker med originaltittel İnce Memed, og der dei tre siste rett og slett nummerert 2-4. Eg greier ikkje å finne noko om korvidt dei to siste er oversatt til norsk.

Tyrkisk: İnce Memed (1955)
Norsk: Magre Memed
Svensk: Låt tistlarna brinna!

Tyrkisk: İnce Memed II (1969)
Norsk: Tistlene brenner
Svensk: Och de brände tistlarna

Tyrkisk: İnce Memed III (1984)
Norsk: ??
Svensk: Magre Memeds hämnd

Tyrkisk: İnce Memed IV (1987)
Norsk: ??
Svensk: Hav av eld

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg likte den godt då eg las den, men det må vere rundt 30 år sidan. Meiner å hugse at den var ganske lettlest. Men det er vanskeleg å spå noko om kor godt eg hadde likt den no. Kanskje ville eg synest den var banal, eller så ville eg kanskje oppdage nokre nye lag i forteljinga som eg ikkje beit meg merke i første gangen.

Har forøvrig eit anna verk av Kåre Holt ganske høgt oppe på leseplanen, trilogien om Kong Sverre (Mannen fra utskjæret, Fredløse menn og Hersker og trell). Kanskje før sommaren ein gang?

Eventuelt namn på romanforma veit eg ikkje. Kanskje er det å finne på denne sida? Eg var ikkje nyfiken nok på dette til at eg orka å lese alt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vår eigen Kåre Holt hadde vel også eit slikt opplegg i ei av sine bøker, Det store veiskillet frå 1949, dersom eg hugsar rett. Lenge sidan eg las denne, dog.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja, delvis. Eg kjenner att fenomenet med at det eg les i ei bok får meg til å tenke på noko eg har lest i andre bøker. Og det er klart at ting ein les i ei bok kan inspirere til vidare lesing. Til dømes, det at eg les Begrav mitt hjerte ved Wounded Knee nett no kjem av at eg trengde å få ei komplementær vinkling på dei grusome scenene frå indianaropprøret i Minnesota frå 1862 som er omtala i Vilhelm Moberg sin Siste brev hjem 2.

Men når det er sagt, så har eg som målsetjing å lese variert. Gamalt og nytt, norsk og utanlandsk, romanar (fleirtalet ligg nok her), krim, noveller, sakprosa, skodespel, dikt. Så slik sett kan eg kanskje kalle meg for heterotekstuell?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jauvisst er det upresist, men på den andre sida er det ei særs interessant opplysning (det var forøvrig ikkje meint som nokon korreksjon) for den som ynskjer å spekulere i kva som har gjort ende på livet på utsida av veggen. I og med at veggen ikkje er høgare enn at lave skyer passerer kan ein vel sjå vekk frå spreiing av gift, biologiske våpen eller andre farlege ting via lufta.

På den andre sida så er jo årsaka til katastrofen heilt underordna i denne forteljinga. Det er vel heller slik at forfattaren nyttar denne settinga til å fortelje oss noko heilt anna.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det stend ein stad at veggen ikkje er høgare enn at ganske lave skyer kan passere.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lukke til med prosjektet.

Eg var innom og kika, eg deler wolf ... øh ... engelin sin oppfatning av at det umiddelbart ikkje er så lett å forstå kva spelet skal gå ut på. Men kanskje blir det klarare når ein tek del i spelet?

Ein annan ting; når eg åpnar nettsida så dukkar denne beskjeden opp i skjermbiletet:

"Kartet vises dessverre ikke i Internet Explorer eller Edge. Vi anbefaler en annen nettleser - f.eks. Google Chrome!"

Nei, eg orkar ikkje å installere ny nettlesar for å vere med på dette. Og eg er redd de mister fleire potensielle deltakarar ved å velge løysingar som ekskluderer enkelte nettlesarar. Når det er sagt, så må eg føye til at sidan borna i heimen har vakse seg ut av målgruppa for Norli Junior, så hadde eg truleg stått over denne uansett.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein "meditasjon over 1900tals-historie"? Her lurer eg på om baksidetekst-forfattaren sin trang til å skrive noko som høyrest intellektuelt ut har vunne over dei analytiske evnene. Vi er i det minste to som ikkje klarer å sjå noko som peikar i den retninga. Men klart, det kan jo kome overraskingar på slutten (har kome nesten like langt som deg i boka).

Noko eg har tenkt litt på er kor glad eg har blitt i dei ulike dyra i boka. Haushofer har gjort ein strålande jobb med å setje ord på omsorgen ein kan kjenne for dyr, og det smittar over på lesaren.

Så då får eg setje meg ned og klappe hunden medan eg mediterer over det førre hundreåret sin historie.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den boka eg likte best av dei sju eg las i januar er nok Faren ved å være Skrake av Kjell Westö. Boka traff meg veldig godt, eg har prøvd å forklare kvifor i bokomtalen.

Men det var vel strengt tatt ikkje det du spurte om, du spurte om kva som var den beste leseopplevinga, og det treng vel ikkje å gjelde ei heil bok, men kanskje berre ein enkelt passasje i ei bok? Her måtte eg ransake meg sjølv litt, både Maskeblomstfamlien og Ditte menneskebarn inneheldt passasjar som kanskje kunne framhevast i denne samanhengen. Men eg trur at nokre av dei siste kapitla i Kongens fall må vere dei som må trekkast fram som beste leseoppleving, desse gjorde sterkt inntrykk på denne lesaren.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den som leiter, kan finne omlag det ein vil.
Sjølv så har eg leika meg med anagram-generator for å sjå om Ibsen har baka inn skjulte meldingar i teksta. Og det kan sjå ut for at starten av boka er prega av kommentarar til diverse jakt. Sjå berre dei første linjene:

Peer du lyverDrep yre ulv
Nei, jeg gjør eiJeger ei i gjøn
Naa, saa band paa, det er sandtA Aase drap Tana-and bestand
Hvorfor bandeBehov nordfra
Tvi du tør eiDø veit tiur
Alt ihob er Tøv og TantHøgt tatovert albino

Så, har eg med dette revolusjonert Ibsen-forskninga?
Nei, Ibsen sjølv har nok gjennomskoda meg.

Alt ihob er Tøv og Tant

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein bitteliten korreksjon ang leselista, Jeffrey Eugenides (Middlesex) er frå USA.

Men ingen grunn til ikkje å føreslå bøker frå USA, i desse tider er det berre sunt å minne seg sjølv på alt som er bra frå over there.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dekameronen stend også langt framme på mi leseliste, og boka er mellom dei 4-5 forslaga eg har vingla mellom inn mot denne runda (dei andre er Tistlene brenner, Mørke midt på dagen og vurderte også såvidt Pantagruel). Sjølv har eg Verdensbiblioteket sin 3-bindsutgåve av Dekameronen, dei er på 269, 272 og 252 sider. Første bandet inneheld i tillegg 26 sider med innleiande essay og føreord. Drygt 800 sider til saman, altså.

I eit anfall av gavmildheit for noko over eit år sidan selde bokklubben desse bøkene til kr 79,- pr stykk. Prisar meg lukkeleg for at eg slo til den gangen, for no har dei skrudd opp att stykkprisen til kr 378,-.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamie