Jau, det er nok same filmen. Dersom du har tid og ork; kunne du ha lagt ut ei lenke til den? Kunne vært moro å sjekke om eg kom meg inn på filmen ved å klikke på den (på youtube-appen på telefonen så greier eg ikkje å sjå internett-adressa til filmen)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja. Men på den andre sida; då ville vi vært fryyyyktelig gamle no. For min del er eg nøgd med stoda slik den er.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har faktisk eg også gjort. Begge to. Eg trur for min del at det er ein kombinasjon av språket, som du nemner, og dei litt forvirrande vendingane som historia tek, som kjell k er inne på. Det er akkurat som om forfattaren prøver å lokke fram assosiasjonar hjå meg, men så har eg ikkje all bagasjen som trengs for at det heilt skal lukkast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Søkte på youtbe-appen på mobilen min, der låg pinadø heile filmen ute. Veit ikkje kvifor eg ikkje får den fram på PC'en. Eg ventar nok med å eventuelt sjå den til eg er ferdig med boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmm, dette har eg ikkje lagt merke til i dei bøkene eg har lest sjølv. Det nærmaste eksemplet eg kan kome på i farta er Hunger Games-serien, der kamparenaen i dei to første bøkene var avgrensa av ein slags kuppel. Utover det greier eg ikkje å kome på noko som liknar på scenariet i Veggen.

Dette er bøkene vi har lest/les i den dystopiske lesesirkelen hittil:

1 – Silo
2 – Kallocain
3 – Menneskebarnet
4 – Ready Player One
5 – Overgangen
6 – Salamanderkrigen
7 – Metro 2033
8 – Fiolinane
9 – Veggen

Til ein viss grad kan ein kanskje argumentere med at “skilleveggar” finnast i bøker som Silo og Metro 2033, sidan der er leveleg miljø innanfor og livsfarleg miljø utanfor. På same måte er det i Menneskebarnet og Overgangen slik at hovudpersonane må verge seg innanfor festningsmurar mot monster som lever på utsida. Men eg oppfattar det som at det var meir konkrete likskapar med Veggen du hadde i tankane.

Kvifor akkurat denne? Det trivielle svaret er “fordi den fekk flest stemmer”. Hadde eg jobba i L’Oreal kunne eg ha svart «Fordi vi fortener det». Men spøk til side, når det gjeld kvifor den fekk flest stemmer så kan eg ikkje svare for andre enn meg sjølv, og kvifor eg stemte på den (den var nok mitt 2.- eller 3.-valg mellom dei 5 bøkene eg gav stemme til)

  • Sjølve plottet virkar tiltalande, og ulikt andre bøker eg kan hugse å ha lest.
  • Eg har lest veldig lite av tyskspråklege forfattarar, med denne boka kan ein justere det litt.
  • Mange dystopiar som har vært oppe til avstemming i lesesirkelen har enten vært frå dei siste 20 åra eller frå mellomkrigsåra. Veggen skil seg ut i så måte.
  • Den er ikkje så frykteleg lang. Skulle ein ende opp med å ikkje like den, så blir det ikkje så frykteleg mykje bortkasta tid.

Eg har berre lest nokre få titals sider enno, men liker boka godt. Eit bra val av lesesirkeldeltakarane.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Unntatt Synnøve Solblakken, då.

(Beklager den tørre humoren)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Satan er en flink kusk. Han går ikke til hovedinngangen med søppelbøtta og bakveien med kransekaka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fin liste. Får eg lov til å anbefale Hunden av Kerstin Ekman? Fantastisk fin lita forteljing om ein hundekvalp som må klare seg på eiga hand i skogen, og frå kvalpen sitt perspektiv. Ei av dei bøkene eg likte best av dei som eg las i fjor.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Tja, kanskje?
Etter 0:25, på det eg oppfattar som ein landsbyfest, ser det for meg ut som dei er i gang med ein slags danseleik, der nokre av dei dansande dannar ein gang som dei andre skal passere under (dog med rikeleg adgang til klemme litt på einannan). Og personane på 0:47 ser etter mitt syn ut som veggpryd som ventar på at nokon skal kome med stolar dei kan sitje på. Det ser mykje meir morosamt ut på landsbyfesten

Men godt søkt uansett. Og eg reiknar forsåvidt med at forfattaren har kontroll på tidskoloritten, men det kan jo vere moro å ettergå litt likevel.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bayersk blodhund, det ser ut for at det er denne.
Fin, då.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Frå skildringane i del 2 oppfattar eg det som at det dansast pardans. Var dette tilfellet i 1520? Eg trudde pardans ved overklasse-festar var noko som kom langt seinare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her i huset er det mykje "gammel dansk" for tida. Hovudboka er Ditte menneskebarn 2 av Martin Andersen Nexø. Fin bok, men slik eg oppfattar den så svingar den ein del i kvalitet. Vidare er eg med i gretemor sin lesesirkel, der vi er i gang med ei anna gamal dansk bok, Kongens fall. Bra bok dette også.

Som lydbok så er eg i gang med Maskeblomstfamilien. Ikkje så veldig gamal eller dansk, men forfattar Saabye Christensen er dansk statsborgar. Så det, så.

I morgon tek eg forøvrig eit varsamt steg ut av danskebobla, då startar eg så smått på dystopilesesirkelboka Veggen av Marlen Haushofer.

Så må eg nok ta meg saman og finne på noko moro saman med hunden i morgon. Eg trur han har kjeda seg fælt i det ausande regnveret vi har hatt i det siste. Ei times økt med å springe etter frisbee høyrest vel fint ut? I allefall dersom det er hunden som spring, og ikkje eg. Vi får prøve å bli samde om eit kvart.

God Helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Pølsemakerne spiser aldri maten sin sjøl

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er forteljinga om Ditte, ei jente som veks opp i fattige kår nord på Sjælland i Danmark. Eg har ikkje greidd å tidfeste forteljinga særleg nøye, men truleg dreier det seg om slutten av 1800-talet. Ditte blir fødd utanfor ekteskapet, mora flyttar og Ditte veks opp saman med besteforeldra. I alle fall i starten.

Nexø har ei og anna høne å plukke med det danske stands- og klassesamfunnet, og han gjer det grundig. Ditte og mannen som etter kvart blir stefaren hennar blir begge skildra som rettskafne og hardtarbeidande menneske som blir utnytta på det grovaste. Menneska blir ikkje verdsette for kva dei gjer, men etter kva slags familie dei kjem frå.

Men om Nexø har eit og anna å utsetje på samfunnet, så viser han på den andre sida stor kjærleik til landskapet. Her er mange flotte og levande skildringar av natur og stemningar, og det er lett for lesaren å leve seg inn i boka.

Forteljinga er tidvis strålande, og tidvis platt og forutsigbar. Enkelte passasjar er så brilliante at ein berre bir sitjande og gape, medan det andre gangar blir for mykje kiosklitteratur- og skillingsvise-preg over handlinga. Eg vingla mellom terningkast 4 og 5, men landa til slutt på ein 4’ar. Så får vi sjå om bind 2 av denne 2-bindsutgåva er hakket betre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Litt trivia:

Kongen bar det Gyldne Vlies om halsen, får ein vite i kapittelet "Consumatum est". Dette er ein eksklusiv ridderorden der det stort sett er adelege som får bli med. Christian II fekk ordenen i 1519.

Når Axel og Mikkel etterpå drar på galeien, bokstaveleg tala, får ein vite at det er på eit lybsk skip. Lybsk? Eg skammar meg over at eg ikkje forstod det før eg slo opp. Frå Lübeck, sjølvsagt.

På veg inn i St. Nikolai-kyrkja veklsar Mikkel augnekast med ei dame som er herja av vattersot. Wikipedia seier dette svarar til det ein i dag kallar ødem

Inne i denne kyrkja, som er bedre kjend som Storkyrkan, vekkjer orgelmusikken sterke kjensler i Mikkel. Eg begynte å spekulere på kva slags orgel dei hadde i kyrkjene på denne tida, og om der i det heile var noko slikt. Orgelhistorie er eit fagområde eg kan ganske lite om, så då er det berre å google, då. Jau, der var truleg orgel. Men det har blitt skifta ut og ombygd mange gangar etter 1520, så tonane i lydopptaket er sikkert ikkje like dei som Mikkel høyrde.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Må seie at eg liker Mikkel eit par hakk betre i del 2 enn i del 1.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og det blei Maskeblomstfamilien av Lars Saabye Christensen. Kom omlag 1/3 i veg i lydboka i går, og den er heilt ypperleg. Stemninga i boka stend godt til køyring på slapsete vegar i mørke og regn.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Saugestad er Spellemannsprisvinnar som vokalist i bandet Weld. I følge wikipedia er ho også oversetjar. Eg held med deg i at begrepet "gjendiktar" kjennest feil ut for ei prosatekst.

Av ein grunn som er ukjend for meg, så bytta bokelskere om frå å nytte begrepet "oversetter" til "gjendikter" ein gang i 2014. Det ser ut for å vere konsekvent gjennomført. Eit tilfeldig eksempel, sida for Harlan Coben sin bok Vær på vakt på bokelskere og på ark. Sissel busk er "gjendikter" på bokelskere, og "oversetter" på Ark.

Her er forøvrig ein diskusjonstråd frå 2014 om same temaet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det er rart korleis tydinga av orda kan endre seg med tida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det spøker på operaen i Paris. Dei nye direktørane ved etablisemmentet trur ikkje heilt på det, og spesielt ikkje når spøkelset kjem med ganske store pengekrav og set diverse andre vilkår for å la vere å ruinere operaen. Dei trur det er nokon som held ap med dei og freister å avsløre kven det er som stend bak, utan hell. Men dei som har jobba ved operaen i nokre år veit betre, dei er overtydde om at det verkeleg er eit spøkelse på ferde.

Dette er berre eit lite sidespor av handlinga. Hovuddelen handlar om den vene svenske sangerinna Christine Daae og trekantdramaet med dei to mennene som forelskar seg i henne, vicomte («visegreve») Raoul de Chagny, og – tadam! – operaspøkelset.

Tonen i forteljinga er på den eine sida mørk og mystisk men der er også gode prosjonar med humor innimellom. Handlinga gjeng føre seg i operabygget Palais Garnier. Der er mange flotte skildringar frå bygninga, sjølv likte eg spesielt godt ei scene ved Apollo-statua på taket.

skriv bildebeskrivelse her

Eg kan likevel ikkje forstå anna enn at forfattaren må ha dimensjonert opp bygget ein del i forteljinga si. Med alle lønngangane og andre rom som etterkvart blir omtalt i handlinga kan det ikkje vere att særleg med plass til å halde operaframsyning i. Men det er ikkje så farleg,

Der er andre aspekt ved forteljinga som skurrar litt meir for meg. Når eg gir meg til å dvele ved truverdigheita i premissane for ei forteljing, så ramlar begeistringa mi for den med eit par hakk. Derfor blir det berre eit litt over middels terningkast frå meg. Dei fleste kjenner nok til at boka er blitt omarbeidd til ei populær musikkspel-framsyning. Sjølv sat eg og tenkte på at handlinga hadde gjort seg veldig godt som teiknefilm a la Hayao Miyazaki sine fantastiske meisterverk. Men det finnest alt så mange filmversjonar av forteljinga at det er ikkje sikkert at det er vits i å lage fleire.

Boka høyrde eg forøvrig som lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren greidde seg stort sett bra, sjølv om det svikta litt med uttalen av namn. Men når lydboka er gratis tilgjengeleg så blir det for dumt å klage.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

John LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LPiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid Nygaard