Då har eg Veggen i hende, knapt ei veke etter at eg bestilte den frå biblioteket. Er det mange som driv og skaffar seg tilgang til boka no, eller har alle andre hatt den ståande klar i bokhylla?
Sjølvopptatt som eg er, så har eg reflektert litt over at eg tenderer til å velge bøker som mange andre også les. Ja, dersom mange les boka så kan det kanskje vere eit teikn på at boka er god. Men det kan like gjerne vere eit teikn på god marknadsføring, eller på at menneske er flokkdyr.
Uansett, eg har gått inn på menyen Finn bøker -> populære bøker, der bøkene på bokelskere er rangert etter kor mange som har boka i samlinga si. Der er 10 bøker pr side i denne lista. Og etter som eg blar, så er det side etter side der eg har lest minst ei av dei 10 bøkene på sida. Først på side 33 (bok nr 321-330) så kjem eg til ei side med berre uleste bøker. Det hadde eg ikkje trudd, men slik er det altså.
"Treff"-lista:
3
11, 13, 19
21, 22, 25, 26, 27, 30
31, 32, 35, 37, 40
41, 44
53, 54, 59
61, 63, 66, 69, 70
79
85
93, 99
105, 106, 109
112, 114
123, 124
132
142, 144, 147, 148
160
162, 164, 170
172, 176, 180
181, 182, 185, 186, 188
200
204, 207, 208
213, 215
223, 227, 229
240
245
252, 257, 260
261, 267
272
288, 290
298
309, 310
311
Nokon betre (eller værre)?
... tette blodsbånd var på ingen måte noen garanti for samhold og samarbeid i høymiddelalderens Norden og Europa.
Dette var bra. Det var veldig bra. Eg har ikkje lest noko av Westö før, rett nok har eg lest ein del rosande omtaler av bøkene hans men eg var ikkje førebudd på at eg skulle like denne forteljinga så godt. Dersom dei andre bøkene hans er av liknande klasse, så trur eg at eg har fått ein ny favoritt. Det er ikkje urimeleg å samanlikne denne boka med Seierherrene av Roy Jacobsen og Halvbroren av Lars Saabye Christensen, ein kan kanskje til og med hevde at desse tre forfattarane har same prosjekt; å gjere etterkrigsgenerasjonen levande for ettertida.
Så må eg også nemne at i «Skrake» og «Halvbroren» så var det påfallande like scener som dreier seg om eit uhell på friidrettsbana.
Forteljarstemma i boka er Wiktor «Viki» Skrake, ein Helsingfors-skribent på rundt 40 som i starten av boka vender attende til den fråflytta barndomsheimen sin, ein gamal villa nær sjøen i ein forstad til Helsingfors. Her gir han seg til med å nøste opp i fortida si, både sin eigen oppvekst så vel som historia til foreldra, besteforeldre, og delvis også enno fjernare slektningar. På denne måten blir boka også langt på veg ei historie om Finland.
Der er ein viss kronologi og logikk i historia, men også utbreidd veksling mellom ulike tidsepokar og ulike tema. Likevel var det ei einheitleg forteljing, eg fekk aldri kjensla av at forfattaren hadde skrive seg ut på viddene. Eg meiner at måten Westö knyter alle desse emna saman på var beint fram meisterleg. Når språket er så godt at det kjennest som ein er inne i handlinga, og eg i tillegg er glad i gode oppvekstskildringar, så er det ingen annan utveg enn å trille høgaste terningkast på denne boka. Bravo, Westö!
Apropos for få timar i døgnet; franskmennene prøvde jo på eit tidspunkt å innføre 10-timers døgn. Det hadde blitt krise, det.
Når det gjeld 1001-lista så har eg inntrykk av at det fins fleire variantar av den. Var inn på ei slik liste og begynte å telje opp, og så oppdaga eg at der var langt fleire enn 1001 bøker på lista, det var heller rundt 1100 dersom eg hugsar rett.
Uansett så trur eg ikkje eg ville har gitt meg ut på å prøve å fullføre ei slik liste. Ikkje fordi den er så lang, men fordi det er noko skremande over det å fullføre den. For etter ein har lest den 1001. boka, så antyder namnet på lista at det er ikkje vits i å ta seg til med så mykje meir.
Det ser ut for at vi har veldig lik tilnærming til leseplan. Mine eigne målsetjingar bitt opp inntil 24 bøker. I eit normalår les eg 50-70 bøker. Dermed har eg framleis rikelig anledning til i tillegg å velge bøker etter innfallsmetoden.
Det er truleg det mest fornuftige nyttårsforsettet eg har sett. Og garantert fritt for dårleg samvit når 2017 er omme.
Blei ferdig med Faren ved å være Skrake i går. Utan tvil den beste boka eg har lest hittil i år. Orsak, eg greidde ikkje dy meg, det er også den einaste eg har lest hittil i år.
Men likevel, eg er ganske viss på at når året er over, så vil eg framleis halde på denne som ei av dei beste i 2017. Den gjekk rett heim hjå denne lesaren.
Vidare starta eg på Jomfruen fra Norge i går, har ikkje kome langt nok til å seie noko særleg om kor godt eller dårleg eg liker den.
Ja, og så har vi lesesirklane, då. Det er ganske romsleg leseperiode for Kongens fall, så eg satsar på 10-20 sider pr dag i denne. Dystopilesesirkelen; fristen for å stemme på ny bok gjeng ut i dag, men Veggen av Marlen Haushofer leiar ganske klart, så eg gjeng ut frå at det blir denne.
No er det ganske lenge sidan eg har køyrt noko særleg langt med bil, og derfor er det også lenge sidan eg har høyrt lydbok. Men i morgon ligg det an til å bli eit par-tre nye kapittel i The Phantom of the Opera. Får håpe at ikkje alt for mykje av handlinga har gått i gløymeboka sidan sist eg høyrte på den.
Men no må eg kome meg ut ein tur med hunden medan det enno er dagsljos. God helg, alle saman!
"Landene som forsvant" høyrest ut som noko for meg. Håper å finne denne på eit eller anna sal før eller seinare.
"Historien er bare et grusomt og ansvarsløst eventyr", pleide onkel Leo å si, "det er vi som må gi den mening og innhold."
… dette jordelivet handler om to ting: tur og timing; det handler om å være rett mann eller rett kvinne på rett sted til rett tid. Og har man ikke denne flaksen, men er viljesterk og besatt av å sprenge grenser og overgå seg selv, da kan man, og dette skriver jeg i egenskap av avkom, med årene få et og annet å fortelle om faren ved å være Skrake.
I følge bokelskere.no så er det Tatt av vinden, som har gjennomsnittleg terningkast 5,06, mot 5,00 for Anna Karenina.
Så har vi det pussige faktum at både Tatt av vinden og Anna Karenina i tillegg har kome ut som 2-bindsutgåver. Og for 2-bindsutgåvene så har Anna Karenina fått vesentleg høgare snitterningkast (5,25 og 5,12) enn Tatt av vinden (4,81 og 4,93).
Hadde eg vært deg, ville eg ha heilgardert og satsa på å lese begge to.
Skulle det dreie seg om innlegget som inneheld eit bilete, så kan eg melde om at ankomst av himmellekamen er loggført til onsdag 4. januar kl 15:28
Eg blei litt uroleg då du nevnte at boka opphaveleg kom ut som tre separate bøker. Sidan utgåva mi er på berre 256 sider frykta eg at den kunne vere nedkorta; med mindre ein heiter Jon Fosse så kan 85-86 sider synest som ei litt kort gjennomsnittleg boklengde i ein trilogi.
Men eg leitte opp ei dansk utgåve, og sidetalet der er ganske likt med den norske. Derfor har eg nok uroa med utan grunn. Som vanleg.
Takk for tips, men som du er inne på så ynskjer eg helst den norske versjonen. Og på papir. Og med stive permar. Men det skal nok bli ei ordning uansett. Og det kan godt tenkast at nokon av dei andre ynskjer å høyre på audible.
Nasjonalbiblioteket-utgåva kan nok trengast, ser det ut for (igjen, med forbehold om at denne boka vinn, og det vonar eg at den gjer). Eg har leita og leita og leita etter boka, Ark på Jessheim har 1 eksemplar (pocket), men dei var ikkje særleg lystne på å sende den til meg. Av antikvariat og bruktbokhandlar så har eg tråla det meste som eg veit om, og utan treff trudde eg. Men no har eg kanskje fått eit treff likevel, håper på avklaring i morgon.
For sikkerheits skuld så har eg også bestilt den frå biblioteket mitt. Dei hadde den sjølvsagt ikkje, men dei får den frå eit anna bibliotek om nokre dagar.
Men eg trur nok det er bryet verdt, eg har store forhåpningar til denne boka.
Boka kom i posten i går. Bokklubben-utgåve frå 1965. Nydeleg brukt-eksemplar frå Nome antikvariat, det er nesten slik at eg tviler på om førre eigar har lest boka i det heile. Får nesten litt andakts-kjensle av å åpne så gamle bøker som er i så god stand.
Dei fleste av punkta burde gå rimeleg greit, men eg må skaffe meg nokre fleire bøker for å greie å kome i mål. Det opplagde punktet er minst 2 bøker som kjem ut i år, men eg ser også at eg må skaffe meg minst ei bok frå hhv Afrika og Oseania.
Som du er inne på er det nok det siste punktet som blir vanskelegast. Det blir ikkje lettare av at det kom ein pakke med 8 bøker i posten i går.
Som for 2015-utfordringa så har eg ikkje lagt vinn på å klare den, men morar meg heller i etterkant med å sjå kor mange treff eg får. For 2016 blei det 29 av 40, mot 39 av 52 for 2015. Prosentvis ganske likt (henhodsvis 72,5% og 75%). Eg kjem nok til å gjere det på same måten for 2017 også.
Og her er lista mi for 2016:
en bok basert på et eventyr - Just So Stories, Rudyard Kipling
en bok som har vunnet National bok award - Nei
en Young Adult bestselger - Mockingjay, Suzanne Collins
en bok du ikke har lest siden ungdomsskolen - Nei
en bok med handling fra ditt hjemsted - Risp i berget, Øystein Orten
en bok oversatt til engelsk - Penguin Island, Anatole France
en kjærlighetshistorie med handling i fremtiden - Ready Player One, Ernest Cline
en bok hvor handlingen er i Europa - Sjakalen, Frederick Forsyth
en bok på under 150 sider - A hora da estrela, Clarice Lispector
en New York Times bestselger - Muldvarpen, John Le Carre
en bok som blir til film dette året - Kongens Nei. Alf R. Jacobsen
en bok anbefalt av noen du akkurat har møtt - Nei
en selvutviklingbok - Nei
en bok du leser ut på en dag - Glade Norske smil, Herbjørn Sørebø
en bok skrevet av en kjendis - Politi, Jo Nesbø
en politisk memoar - Nei
en bok som er minst 100 år eldre enn deg - A Tale of Two Cities, Charles Dickens
en bok på mer enn 600 sider - Overgangen, Justin Cronin
en bok fra Oprah's bokklubb - Middlesex, Jeffrey Eugenides
en science- fiction roman - The Colors of Space, Marion Zimmer Bradley
en bok anbefalt av et familiemedlem - Smuglere, Arthur Omre
en tegnet roman - Nei
en bok publisert i 2016 - Etter i saumane, Kjartan Fløgstad
en bok hvor hovedpersonen har samme yrke som deg - Nei
en bok hvor handlingen er om sommeren - Syndere i sommersol, Sigurd Hoel
en bok og dens prequel - Innvandrerne, Utvandrerne, Vilhelm Moberg
et mordmysterie - Doktor Fredrikis kabinett, Jørgen Brekke
en bok skrevet av en komiker - Statsråd vant spekeskinke, Atle Antonsen og Johan Golden
en dystopi - Salamanderkrigen, Karel Čapek
en bok med blått omslag - Menneskets natur, Jørgen Brekke
en diktsamling - Helt all right, Odd Børretzen
den første boken du ser i en bokhandel - Nei
en klassiker fra det 20 ende århundre - Tarzan of the Apes, Edgar Rice Burroughs
en bok fra biblioteket - Nei
en selvbiografi - Nei
en bok om en roadtrip - Nei
en bok om en kultur du er ukjent med - Julis folk, Nadine Gordimer
en satirisk bok - Candide, Voltaire
en bok hvor handlingen foregår på en øy - Robinson Crusoe, Danel Defoe
en bok som garantert vil gi deg glede - En mann ved navn Ove, Fredrik Backman