Forretningsidé?

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg forteller ikke disse historiene for å utlede en moral, men for å redde noen farger fra glemselen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du er ram til å søke, gretemor. Eg bøyer meg i støvet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ja. Så spørs det kva du legg i begrepet "omtalt", det er ikkje sikkert du finn nokon grundige analyser dersom det er det du er ute etter.

Har du t.d. prøvd å søke opp boka og sjå etter omtaler på boksida/boksidene?
Hvis ja ignorer neste avsnitt, hvis nei les i vei:
Dersom ein søker opp "Tatt av vinden" på bokelskere (skrive inn i søkefeltet langt oppe på sida, trykke på knappen "Finn en bok"), så får ein opp treff på Tatt av vinden, Tatt av vinden Bd.1 og Tatt av vinden Bd.2. For dei to første av desse treffa så ligg der korte omtaler på dei respektive boksidene (sjekk også under overskrifta "Diskusjoner om boka").

Søket "Gone with the wind" gjev i tillegg treff på eit knippe med engelskspråklege utgåver av boka, men så langt eg kan sjå er det ingen som har lagt ut nokon omtaler for desse.

I tilleg så fann eg denne diskusjonstråden om boka ved å søke i diskusjonstrådane her inne.

Eg vonar noko av dette kan vere til ei viss hjelp.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg var ei stund redd for at dette var ein skikkeleg skivebom. Boka innleiast med ei lang og omstendeleg tilnærming til historia. Lispector fortel ikkje sjølv, forteljaren er ein mann, Rodrigo S.M., forfattar han også, og dette med å få ei forteljing til å starte er ein omfattande prosess.

Etter som forteljinga kjem i gang, gjeng det betre. Macabéa er ei anonym og stillferdig ung dame, nesten sjølvutslettande, opphaveleg frå Alagoas i Nordaust-Brasil men jobbar no som maskinskrivar ved eit firma i Rio de Janeiro. Ho møter og forelsker seg i Olímpico, som har ei nedlatande haldning til henne. Forholdet er ikkje liv laga, og spørsmålet blir etter kvart om Macabéa sjølv er liv laga.

Lispector er ganske slem mot hovudpersonen sin. Det er vondt å tru på at det finnest folk som til dei grader kan la seg trakke på av andre, utan å reagere på det. Som ikkje tillet seg å drøyme om noko betre, fordi «det er nok ikkje for meg». Det insinuerast også at damer frå Nordaust-Brasil er ganske enkle. No er eg så heldig at eg kjenner ein handfull damer frå Nordaust-Brasil, og «enkle» kjem ganske langt ned på lista over adjektiv eg ville velge.

Nok om det. Eg blei aldri heilt fortruleg med skrivestilen til Lispector, men innimellom så tykte eg at det svinga, det kjendest som om ho fekk tak i meg og ville vise meg noko viktig. Men det gjekk ikkje så lenge før taket glapp igjen. Derfor landa eg på ein 4’ar på denne boka.

Boka kom for øvrig i norsk omsetjing frå Bokvennen forlag i 2015, med tittelen Stjernens time. Og Bokvennen ser ut for å ha sansen for Lispector, for i fjor kom også debutromanen til Lispector, Perto do coração selvagem, eller Nær livets ville hjerte, på norsk. Det kan godt hende at eg kjem til å lese meir av Lispector i framtida, men ho er nok ikkje heilt på topp på prioriteringslista.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

-- Kan eg få lov å spørje kva du heiter?
-- Macabéa.
-- Maca, kva?
-- Béa, måtte ho slutte av.
-- Du må orsake, men det høyrest mest ut som ein sjukdom, ein hudsjukdom.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Uansett så såg framtida ut til å bli mykje betre. I det minste så hadde framtida fordelen av å ikkje vere notid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg" osv er eit strålande døme på sjølvbedrag. I desse tider er det også mange som gjeng omkring med nyttårsforsett, anten høglydt proklamerte eller ein stille, indre lovnad. Er det sjølvbedrag a la Jakob Sande, eller greier ein stort sett å halde nyttårsforsetta?

For min eigen del er det nok ei god blanding. No skal eg ikkje plage lesarane her med fåfengde tidlegare lovnadar om sunnare livsstil og ryddig kontor, men nøye meg med slikt som har med bøker å gjere. Det har jo år om anna vært trådar om litterære nyttårsforsett her bå bokelskere. Eg har bladd litt i nokre av desse og sett på kva eg sjølv har satt meg som mål, og det ser ikkje så håplaust ut. Eg fann ikkje att kva eg eventuelt hadde sett meg føre for 2016, men for 2017 så køyrer eg etter ein mal frå tidlegare år;

  • lese minst ei bok frå kvar verdsdel
  • lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800
  • lese minst 2 bøker som er nye av året
  • lese minst 6 bøker på engelsk
  • lese minst 6 bøker på portugisisk
  • lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før
  • ha færre enn 120 uleste bøker i bokhylla ved slutten av året (121 pr dato)

Er det andre som gjeng omkring med målestjingar for 2017?

Godt sagt! (18) Varsle Svar

Alt i alt er eg nøgd med leseåret som har gått. Det har vært eit par perioder der lesinga gjekk litt treigt, men det er berre å la vere å stresse med det så ordnar det seg av seg sjølv.

Det einaste eg er misnøgd med er at eg ikkje har lest nokon bøker på portugisisk hittil i år. I eit smådesperat forsøk på å bøte på dette så har eg fiska fram ei av dei tynnaste uleste bøkene eg har, A hora da Estrela av Clarice Lispector. (Den kom forøvrig i norsk omsetjing i fjor, med tittelen Stjernens time). Så får eg sjå om eg greier å bli ferdig før midnatt i morgon. Og greier eg det ikkje, så er det ingen krise.

Den første boka eg har på leseplanen for 2017, og som eg håper på å begynne på på søndag, er Faren ved å være Skrake av Kjell Westö. Nummer to blir Jomfruen fra Norge av Tore Skeie. Og innimellom der så kjem det vel ei lesesirkelbok, det ser ut for at det blir Kongens Fall av Johannes V. Jensen. Solid nordisk start på leseåret, altså.

Vonar leselysta er til stades rundt om kring, og ynskjer eit godt litterært 2017 til alle.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Fem timar att av valet.

Eg har alt lagt inn bestilling på boka som er i tet. Skulle det bli ei dramatisk endring i resultatet så er det ikkje så farleg for min del, det er lenge sidan eg bestemte meg for at eg før eller seinare må lese denne boka uansett.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne ligg langt framme i mi lesekø også. Eg trur fort det kan bli bok nr 2 eg startar på i 2017 (med unntak av lesesirkelbøker).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei periode for nokre få tiår sidan sidan så gav Det norske samlaget årvisst ut ei lita vitsesamling med «norske smil» i tittelen, og med Herbjørn Sørebø som redaktør og med Audun Hetland som illustratør. Denne boka, Glade norske smil, der den fjerde i serien. Omslaget med ein bukselaus viking skulle tyde på at dette er ganske dristige saker. Men med få unntak så trur eg desse vitsane fint kunne passere på ein alminneleg bedehusfest.

Sørebø har eit lite forord til boka, og dette er kanskje det mest givande. Ikkje fordi det var så hylande morosamt, men fordi eg fleira gangar vart sitjande og lure på kva i all verda som var poenget. Sørebø var ein underfundig kar, eg trur kanskje det var han som fann opp begrepet. Eller nokon fann opp begrepet for å beskrive Sørebø. Gløym Per-Mathias Høgmo og kommunestyremøtet i Gratangen, det er ingen som nærmar seg Sørebø når det gjeld å få folk til å lure på kva som er poenget.

Sjølv om ikkje samlinga er inndelt i delar med overskrift, så er der likevel ei viss tematisk ordning. Geistlige vitsar for seg, militærvitsar for seg, jaktvitsar for seg, etc. Men ikkje utan unntak, dei to indianarvitsane var ikkje samla. Felles for dei fleste vitsane var likevel at dei ikkje var meir enn middels morosame. Derfor blei det berre eit middels terningkast på boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein styrtrik forretningsmann drog seg brått og uventa tilbake. Han hadde vore på ferde i forretningslivet både seint og tidleg, og ein av vennene hans undra seg på kva han nå ville ta seg til med.
- Nå skal eg berre slappe av. Den første månaden skal eg sitje i ein gyngestol, har eg tenkt, sa forretningsmannen.
- Og så?
- Då skal eg ta til å gynge veldig varsamt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mor og far hadde stengt seg inne på soveromet for å få fred ei stund. Femåringen kika i nøkkelholet, og etter ei stund sa han:
- Og dei der klagar over at eg pillar meg i nasen!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du skal sjå vi havnar på same gamleheimen til slutt. Stakkar pleiarar, seier eg berre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg veit ikkje kor uttømande den norske wikipedia-sida er, men der er det i det minste lista opp 38 titlar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han kikker opp og skjønner at Adrian, Parvaneh og katten venter på at han skal svare.
- Kaffe, da. Svart.
Ardrian klør seg i hodet under lua.
- Altså ... espresso, lissom?
- Nei. Kaffe.
Adrian forflytter kløingen fra håret til haka.
- Altså ... svart kaffe, lissom?
- Ja.
- Med melk?
- Hvis det er melk i, er det ikke svart kaffe.
Adrian flytter rundt på noen sukkerskåler på disken. Kanskje mest for å ha noe å gjøre, for ikke å se for dum ut. I seneste laget, synes Ove.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Katten ser vurderende på ham, som om den befant seg på den besluttende siden av bordet under et jobbintervju.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ove er ein prinsippfast stabeis på 59 år som har mista kona si for nokre månadar sidan, no har han også mista jobben sin, og han tenkjer det er like greit å ta sjølvmord slik at han kan gå i grava attmed kona. Men så var det dette forbaska livet, då, som trengjer seg på frå alle kantar. Naboar som ikkje kan å rygge med tilhengar, ein heimlaus katt, eit forelska avisbod, det blir vanskeleg å få ei roleg stund for seg sjølv der ein kan gjere ende på alt.

Forteiljinga veklsar mellom hendingar i notid, og å fortelje om livslaupet til Ove. Han lærte seg tidleg verdien av å gjere ordentleg arbeid, og av å kunne hjelpe seg sjølv. Og ikkje minst verdien av å eige ein Saab. Men han opplever mykje motgang gjennom livet, og når han frå før av er ein ganske ordknapp type så gjer dei bitre livserfaringane til at han blir ein mildt sagt spesiell type.

Tonen i boka er humoristisk. Men eg har nok blitt ein gamal surpomp med åra, for vittigheitene traff meg berre sånn middels godt. Jaudå, av og til måtte eg flire, men fleirtalet av poenga blei litt for enkle etter min smak. Men så skal det også seiast at eg køyrer Mitsubishi. Dette har nok ein god del med saka å gjere.

Alt i alt ei triveleg historie, vittig og trist på same tid. Men eg kjem nok ikkje til å prioritere å lese dei neste bøkene av Backman, i alle fall ikkje med det første. Kanskje dersom eg ein gang i framtida finn på å kjøpe ein Saab?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har også sett på eit par bøker på dette salet. Men eg har ikkje trykt på "send bestilling" enno, for eg manglar ei bok eller to for å passere den magiske 299-grensa (fri frakt), og ingen av dei andre bøkene freistar meg tildtrekkeleg (eller så har eg dei frå før). Vi får sjå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaGunillaLars Johann MiljeMads Leonard HolvikEirin EftevandJohn LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTove