Taliban tok over det meste av Afghanistan i 1996, og styrde landet etter strenge religiøse reglar fram til 2001. Sport var stort sett forbode, med cricket som eig heiderleg unntak. Ein viktig grunn til at cricket kunne aksepterast var dei sømelege klesdraktene til spelarane. Som eit tiltak for å betre det internasjonale omdømet sitt freista Taliban å bli medlem i det intenasjonale cricketrådet.

Med bakgrunn i dette har Murari dikta i hop ei ganske bra forteljing. Rukhsana er ei jente frå ei priviligert familie i Kabul, har studert i India, og jobbar som journalist når Taliban tek over makta. Det må ho naturlegvis slutte med. Ho må i det heile slutte med det meste, og gøyme seg inne i eit laken. Men når Taliban kunngjer at dei skal satse på cricket, og at dei skal arrangere ei cricktet-turnering der vinnarlaget får reise til Pakistan, så trommar Rukhsana i hop nokre av søskenbarna sine for å lære dei dette spelet. For Rukhsana spelte nemleg cricket i India, ho var til og med brukbart god.

Boka startar kjempebra. Skildringa av stemninga då Taliban tok over makta var det klasse over, likeeins sinnet og maktesløysa Rukhsana kjenner over å gå frå ein medborgar til ein usynleg rekvisitt i heimen. Eg hadde rett og slett «terningkast 6-kjensle» i nokre kapittel i starten. Men så dabbar det sakte men sikkert av. Prosjektet med å lage ei spanande historie ut av cricketlaget med søskenbarn endar med eit mageplask. Det blir for mykje «Bobseybarna-utvegar» og romantisk kliss.

I sum ble det såleis ei om lag middels leseoppleving. Den gode starten berga eit terningkast 4 for boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Løfter denne, eg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Måtte smile litt av skildringa av korleis du oppdaga at du er ein diktlikar. Men kva for ei samling var det som starta det heile? (Eg sit og tippar på Hovland)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så rart det enn måtte høyrast ut, så håper eg faktisk på at et IKKJE får bøker til jul. Det har litt å gjere med at eg har så mange uleste frå før, og litt med at eg liker å plukke ut sjølv kva eg skal lese. Eg er litt sær, sånn sett.

Men erfaringsmessig så blir eg nok genuint glad for det dersom nokon likevel skulle finne på å gi meg ei bok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er sjølvsagt litt risikabelt å utrope best boka i 2016 medan det famleis er att ei veke, og dermed muligens eit par bøker, av året.

Men eg har vondt for å tru at nokon av bøkene eg kjem til å lese før nyttår kjem til å gjere større inntrykk enn Charles Dickens sin A Tale of Two Cities. Dette var nok den beste bokopplevinga mi hittil i år.

Westö har eg ikkje lest noko av, men Faren ved å være Skrake og Svik 1938 stend i bokhylla. Eg blir å lese minst ei av dei i 2017.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dobbel lesehelgtråd, det er jo nesten som å vinne i lotto!

Her i heimen gjeng det i siste bind av Vilhelm Moberg sin utvandrarserie, eg blir nok ferdig i morgon eller 1. juledag. Har kose meg veldig med denne serien i år, og gruar meg litt til at den skal vere ferdig. Men på den andre sida så har eg jo så mange andre bøker i hyllene som eg gleder meg til å lese.

I adventstida forøvrig har eg nytta kvar ledig stund til å hente inn att etterslepet mitt på bokomtaler, det var på over 30 ved inngangen til månaden, og no er det 2. Skippertak!

Eg veit sanneleg ikkje kva eg skal lese i romjula. Det blir sikkert noko lettbeint. Kanskje denne, eller denne? Ja ja, det spelar ikkje så stor rolle. Eg er brukbart nøgd med leseåret 2016 uansett, no handlar det berre om å roe ned den siste veka av året.

God jul til alle.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Brukbar krimbok, med ein slags religiøs inspirasjon til plottet. Sonny (som er «Sønnen») er profesjonell syndebukk, i den forstand at han soner fengselsstraffer for andre sine brotsverk. Han er også, trass tung sjølvmedisinering med opiat, eller kanskje nettopp derfor, blitt ein slags skriftefar for dei innsatte i fengselet. Men ein dag får han vite av ein av dei skriftande at faren hans, som var politimann, slett ikkje var ein korrupt feiging som tok livet sitt slik Sonny har trudd, men tvert om at han blei drepen fordi han var på sporet av dei som egentlig var korrupte. Dermed må Sonny, den rusa, milde frelsaren gjere seg om til Sonny, den nyktre, strenge hevnaren. Men først må han kome seg ut av fengselet.

Det er ikkje alt som skjer som er like truverdig. Men dersom ein klarer å unngå å irritere seg over slike detaljar, så er det ei spanande og leseverdig historie. Det er mange som har grunn til å frykte Sonny, både innan forbrytarverda og innan politi- og rettsvesenet. Derfor er både politi og røvarar oppsatt på å få tak i guten. Men han har gøymt seg godt. Dessutan får han hjelp av ei dame, og sidan boka har så tydelege bibelreferanser så burde ho kanskje heite Maria. Men nei, ho heiter Martha. Som i søstera til Lasarus. Hmm.

Ein må også nemne politietterforskaren Simon (bibelske namn i fleng) Kefas, som var besteven med faren til Sonny, og som blir satt på ei drapssak som viser seg å ha ein viss tilknytning til Sonny. Det blir etter kvart mange drapssaker, og Simon blir sett på harde moralske prøver undervegs. Dessutan ber han på ein løyndom.

Stemninga i boka minner på mange måter om Harry Hole-bøkene. Der er levande miljøskildringar frå Oslo, og ein møter personar både på skuggesida av livet og i høge offentlege posisjonar. Eg kjenner meg derfor ganske viss på at dei som liker Harry Hole-bøkene også vil like denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein flott dokumentar, som blei aktuell igjen i år i og med filmatiseringa som har fått ein viss suksess. Temaet er dei dramatiske dagane rundt den tyske invasjonen av Norge i 1940. Jacobsen har grave ganske djupt, og dokumenterer hendingane både frå tyske og norske kjelder. Men det er ikkje berre tørr oppramsing av fakta, forfattaren evner å gjere forteljinga levande. Det er nesten som ei spenningsbok, og når ein ser på kor knappe tidsmarginar det ved fleire høve var for korleis historia skulle gå, så kunne nok sjølv ikkje Hollywood ha dikta opp ei meir halsbrekkande historie.

Fokuset i dokumentarboka er på eit par kompani med tyske fallskjermjegerar som var sentrale desse første krigsdagane, samt kongefamilia, stortinget og regjeringa sin flukt ut av hovudstaden. Det er mange namn å halde greie på, men det gjekk likevel nokonlunde greit å halde oversikta. Jacobsen verkar å ha eit ganske klart syn på kven som gjorde jobben sin og kven som ikkje gjorde det desse dagane, dette skin ganske tydeleg igjennom ved enkelte høve.

Boka er sjølvsagt rikeleg forsynt med referanser til kjelder. I tillegg er der mange bilete av personar og hendingar som er omtala i boka. Særs interessant var det også å lese protokollen frå stortinget sine møte på Hamar og Elverum den 9. april. Alt i alt ei flott bok for den som ynskjer å lese seg opp på kva som skjedde desse dramatiske aprildagane.

Og nei, eg har ikkje sett filmen enno, og kan ikkje uttale meg om kor god eller dårleg den er i forhold til boka. Men eg kjem nok til å sjå den ein eller annan gang.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Føreren snakker med forakt om nordmennenes karakter," noterte propagandaministeren i dagboken. "En feig og nytelsessyk overklasse og et utarmet folk. Det forklarer kjærligheten til England."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Ventetiden fra fiendens Bf 110 begynte skytingen inntil vi kunne åpne ild, benyttet vi til å sikte inn våre mitraljøser," skrev den seinere motstandshelten fra Grimstad. "Ofte var dette ganske vanskelig på grunn av alt det støv og den jord som fiendens prosjektiler sprøytet over oss."
Han tilføyde tørt: "En del sandsekker rundt mitraljøseredene ville ha hjulpet en del på dette. Likeledes stålhjelmer til mitraljøsetroppen."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er utruleg kva ein kan slumpe til å finne på dette internettet. Eg var innom bokklubben sitt romjulssal, klikka meg innpå ei bok som var ukjend for meg og som viste seg å vere ein samling med erotiske tekstar, og der finn eg pinadø ein videosnutt der Jon Michelet (han er påkledd, heldigvis) framsnakkar Jorge Amado og denne boka spesielt.

Det overraska meg at eit utdrag frå denne boka finn vegen inn i ei slik samling, og eg held framleis fast ved at kjærleikseventyret er den minst interessante sida av boka. Men eg har stor sans for Amado, og det gleda meg å sjå at Michelet har same oppfatning.

Videosnutten:
http://bcove.me/mhez23c0

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"We move in small circles", sang Rainmakers ein gang på 80-talet. Det var nok ikkje akkurat dette dei tenkte på, men det virkar som at den norske bokverda er såpass avgrensa at ein ikkje treng å take store svingen ut i det ukjende før ein støyter på noko kjent igjen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Oi, takk for tips. Desse var eg ikkje klar over.

Eg må nok ta det litt på sikt, eg tenkte å flise igjennom Hoem sine bøker om amerikaslekta i 2017, og i tillegg så har eg band 1 av Alfred Hauge sin serie om Cleng Peerson ståande, og eg gjeng i tankar om å skaffe meg dei øvrige i serien. Er eg ikkje lei av temaet etter dette, så må eg nok sjå nærmare på Rølvaag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Blir dei ikkje verre enn dette så har eg likevel gjort det ganske skarpt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

... og der blei eg akterutseilt igjen ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lurte først på om det kunne vere Jørgen Brekke, i Menneskets natur er ein del av hadlinga lagt til Østerdalen ei vinternatt. Men eg sjekka, handlinga ligg ein del lenger nord enn Kongsvinger (det gjeng fram at det er i nærleiken av Åsta og Koppang).

Så eg googla litt, eg. Kan det vere Rune Angell-Jacobsen, som avisa Glåmdalen skriv om her? (Forfattaren er forøvrig ukjend for meg.)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nybyggarkona Kristina får spesielt mykje merksemd i denne boka. Dagleg blodslit med hus- og gardsstell samt ein haug med barnefødslar på toppen er ikkje akkurat nokon ungdomseleksir, og det røyner på. Helsa er ikkje lenger som den var, og ho grip seg sjølv i å ynskje at det ikkje må kome fleire ungar. Dette utløyser ei lita religiøs krise hjå henne, for er det ikkje Gud som skal bestemme korvidt det skal kome fleire eller ikkje? Ho finn til slutt ut av det med Gud, men det er ikkje lett for ein ureligiøs lesar av i dag å setje seg inn i Kristina sitt tankesett.

Det skjer andre ting også. Minnesota blir innlemma i sambandsstatane, og nybyggarane får høve til å stemme på kven dei vil ha til president. Dette tykkjer Karl Oskar er gjevt. Noko seinare brygger det opp til borgarkrig, presidenten ber om at friviljuge melder seg til krigsteneste. Karl Oskar vil gjerne yte noko attende til det nye heimlandet sitt, medan Kristina meiner han helst bør halde seg heime. Så får vi sjå kven som får viljen sin.

Dette er nest siste bindet i serien om utvandrarane frå Sverige. Ei levande og engasjerende forteljing, ein må berre rose arbeidet Moberg har gjort ved å formidle livshistoria til desse menneska.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-- Har du noen gang forsøkt å slutte å drikke?
-- Annen hver dag i ti år!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kapteinen sa at Karl Oskar ville bli en prima soldat og krigsmann, så storbygd og kraftig som han var, og og en nybygger var jo vant til et hardt og anstrengende liv. Selv spøkte Karl Oskar også, og svarte at bare var redd at den store nesen hans ville være i veien når han siktet med geværet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En familie kan være forbannelsen i et menneskes liv. En familie kan også gi det meste av meningen i et menneskes liv. Ikke vet jeg om familien min er en forbannelse eller mening, men én ting er sikkert, borte er de, og de har etterlatt et stort hull i hjertet mitt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandHarald KPiippokattaBård StøreMads Leonard HolvikHeidiKirsten LundSigrid Blytt TøsdalAmanda ATone HHilde H HelsethVibekeTone Maria JonassenLabbelineLars MæhlumTanteMamieDemeterLailaEileen BørresenHeidi HoltanKaramasov11BenteLinda NyrudJane Foss HaugenKorianderLineHildeJulie StensethTor Arne DahlAnneWangEllen E. MartolTore HalsaAgnesAkima MontgomeryAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEvasiljehusmorGunvor GalaaenTone SundlandTrude Oma